Kongedøme og Republik.

 
[Del 6 av 6. Fyrste delen.]
 
VI.
(Siste Stykket).
 
Det hev inkje voret mi Meining med desse Stykki aa greida heiltupp det vanskelege Spursmaalet: Kongedøme elder Republik, Der er mangt som eg inkje fær Rom til aa taka med. Eg skulde soleides havt Hug til aa skriva nokot um Einvaldskongedøme i Europa fyre den franske Revolutionen, um den nordamerikanske Republiken, Sveits og meir, men det er ingi Raad med det. Det eg vilde med desse Stykki var berre aa gjeva nokre Upplysningar. Lesaren fær sjølv draga ut den Lærdomen han vil, men eg skal faa Lov til aa peika paa eit og annat sjølv og.
 
Fyrst og fremst er det ei falsk Tru, at anten Kongedøme er vondt og Republiken god, elder tvertum. Baade tvo hev kvar si Gjerning i Verdi. Kongemagti hev voret god til aa samla eit sundbytt og usamheldigt Folk, og til aa læra upp eit umyndigt Folk til sidan aa standa paa sine eigne Føter. Republiken hev fostrat eit rikare Aandsliv og ei sterkare Borgar-Aand og større Vælstand.
 
Det er ei falsk Tru, at Republiken gjer alle frie og like: eit republikansk Stormannsvelde kann liggja tungt paa Aalmugen, so Yvergang til "Tyranni" elder "Cæsarisme" kann vera eit stort Framsteg fyr Aalmugen og heile Landet.
 
Det er ei likso falsk Tru, at Handel og Industri og borgarlegt Vælvære skal trivast mindre i ein Republik enn i eit Kongedøme. Det kann me sjaa av Tilstandet i Florens og den nordamerikanske Republiken og dei tyske Republikarne (Hamburg, Lybek o. s. fr.)
 
Det er ei likso falsk Tru, at ei sterk og upplyst Borgar-Aand nok kann vera fager, so lenge det ingen Faare er, men i Ufredstider er magtlaus mot Einvaldsherrens Fylkingar av viljelause Reidskapar. Detta kann Athen og Sveits læra oss.
 
Men den falskaste Tru av alt er den, at Vaarherre likar Kongedømet betre enn Republiken, og at det er Upprør mot all guddomeleg og menneskeleg Autoritet, at eit Folk vil styra seg sjølv. Eg meinar, at det athenske Folk og det romerske Folk, daa Republiken var paa det beste, og i vaare Dagar det sveitsiske Folk er Gud likso tekkjelegt som det russiske, og at Gud likade mindre det franske Folk med den utpinte faakunnige Aalmugen og dei utskjemde Stormennerne, Prestar og Adelsmenner, som livde i Hor og Lauslivnad under Ludvig den 14de og 15de, enn det strævsame og fredsame franske Folk i vaare Tider, som inkje øyder upp sin siste Stilling fyr aa halda eit Harem fyr "den allerkristeligste" Konge "av Guds Naade" 1) men set upp Skulehus umkring i heile Landet, so Folk kann læra nokot. Vil inkje Gud, at eit Folk skal styra seg sjølv, av di det er gagnlegt fyr Folket aa krjupa fyr ein Autoritet, kann Gud endaa mindre vilja, at eitt Menneske skal styra baade seg sjølv og andre, ingen menneskeleg Autoritet hava yver seg og endaa vera Autoritet attpaa. Den Faaren fyr Sjæli, som fylgjer med aa hava Magti, den er liti fyr eit heilt Folk, der kvar Mann hev litet aa raada, og den vesle Magti han hev, fær han fyrst, naar han er vaksen Kar og sjølvhjelpen, men fyr ein Einvaldskonge lyt ein multiplisera denne Faaren med Millionar, helst daa Kongeemnet tidt er so ungt, at han inkje hev Alder til aa verta so myket som Kopist i eit Departement og stundom hev so litet Vit i Skallen, at han inkje kunne berga seg, um han skulde føda seg sjølv, og fyr det meste er so utskjemd av Hofkryparne, at han inkje kann bruka det vesle Vitet sitt til nokot, som det er Gagn i. Det er inkje rimelegt helder, at den, som liver under eit Einvaldsherredøme og er vand til, at andre steller fyr han, som fyr ein umyndig, som aldri hev lært aa tenkja sjølv og kjenna personlegt Ansvar, men gjer det gode og held seg fraa det vonde, fyr di han liksom ein Skulegut er rædd fyr Straff, det er inkje rimelegt at slik ein skal vera so utifraa godt lagad til aa syta fyr si aandelege Vælferd. Han kann nok læra aa rengja med Augurne og segja "Abba Fader", og standa med Huva i Handi, naar han snakkar med Presten, men det er inkje aa venta, at slik ein umyndig Mann skal vinna so langt fram, at han kann standa glad og frigjord fyr Guds Andlet. Det er forargelegt aa høyra at dei same, som kallar Folkestyre og "Liberalisme" fyr Develens Verk, tykkjer at alt er som det skal vera, naar dei ser og høyrer Ordelag som: den naadige Gud og den allernaadigste Konge, "høistsalig" Kong den og den o. s. fr., nokot som reint ut er aa spotta all Kristendom.
 
Det hev voret sagt, at kvart Folk lyt ganga gjenom tri Utviklingssteg: Ageløysa (elder Styreløysa), Skule og Fridom. Ageløysa var den Tidi, daa Folki inkje hadde vortet til Nationar endaa; so kom Skulen elder Einvaldskongedømet, daa Kongen var den einaste, som visste, kvat som var til Bate fyr Folket hans, og so endeleg kjem Fridomen, Republiken. Dei fleste europæiske Folk er no paa Yvergangen til Republik, og det konstitutionelle Monarki, som vart innført etter kvart i dei fleste Land i detta Aarhundrad, er ein Millomting millom Einvaldskongedøme og Republik. I eit Einvaldskongedøme er all Magt hjaa Kongen, som segjest hava fenget ho fraa Gud, i ein Republik er Magti hjaa Folket, og i det konstitutionelle Kongedøme er Magti bytt millom Kongen og Folket. Norig er eit konstitutionelt Kongedøme. Me hev inkje nokot Kongedøme "av Guds Naade" lenger, det fall burt av seg sjølv i 1814, og det Kongehus, som no styrer, er av "Folkets Vilje", (Karl den 13de vart vald av Storthinget) og inkje "av Guds Naade" (i den gamle Meining, at Kongen berre stend Gud og ingen annan til Ansvar fyr kvat han gjer, og inkje skylder Folket Takk fyr det, at han er Konge 2). Daa den norske Kongen er Konge i Sverik og, og bur i Stockholm og berre ender og daa gjer ei Svipferd til Norig, og det norske Folket no styrer seg sjølv, so er det med rette sagt, at Norig no i Røyndi er ein Republik med den svenske Kongen til Præident. Um eg inkje misminnest, er det Times, som fyrst sagde desse merkelege Ordi.
 
Men det tek til aa verta fleire og fleire, som er misnøgde med detta, og vil me skal taka Steget fullt ut og gjera Landet til ein Republik i Formiog. Grunnen trur eg helst er den: Kongemagti hev inkje lenger nokor stor Uppgaava aa gjera i Norig. Landet treng inkje til aa samlast, fyr det er alt samlat. Me treng inkje Kongedøme til aa faa istand Samhelde, fyr Folket er samheldigt. Her er inkje eit umyndigt Folk aa ala upp, fyr Folket hev synt, at det er mognat fyr Sjølvstyre. Der er berre ein Ting, som stend att fyr Kongedømet aa gjera: aa repræsentera det norske Folket fyr Utlandet og vera eit Uttrykk fyr den nationale Sjølvkjensla vaar, men det hev inkje ein Unionskonge godt fyr aa gjera. I 1874, daa Island, som er bygt av Nordmenner, hadde Tusundaarsfest, og eit norsk og eit svensk Herskip vart sent upp til Island, vart det stellt so, at det svenske Skipet hadde Kommandoen. 3) Naar slikt hender ender og daa, misser Kongedømet etter kvart det Fotfestet det hev hatt.
 
Det, som er Uppgaava no, er aa vekkja ei sterk Borgaraand i Landet, gjera kvar Mann til ein upplyst og myndig Borgar. Men detta er ei Uppgaava fyr Republiken og inkje fyr Kongedømet, og detta driv og mange yver til Republiken.
 
Hev Lesaren Hug paa aa vita mi Meining, so kann eg segja, at skulde Kongen bu i Kristiania og halda Hof der, vilde eg helst hava Republik so fort som mogelegt. Men som det er no, er det i mange Maatar utruleg bra. Me kjenner inkje til det vonde, som fylgjer med aa hava ein Konge, og slepp det vonde, som tidt fylgjer med ein Republik: Strid um Præsident-Val, personleg Præsident-Magt og Nepotisme (at Præsidenten vil nytta Tilføret til aa hjelpa fram sine eigne Skyldfolk.)
 
Slik som det gjeng no, ser det elles ut til, at Spursmaalet: Kongedøme elder Republik, skal løysa seg sjølv. Regjeringi vaar er so veik, at fyr kvar Dag som gjeng, kjem Magti meir og meir yver til Storthinget, og skal det lenge halda paa slik, kjem Kongemagti snart til aa standa att som ei Bru paa turre Landet.
 
1) Dei franske Kongarne hadde Tilnamnet: den allerkristeligste. Ludvig den 15de hadde eit reint Harem av Frillur.
2) Kongen er elles i Formi fyrutan Ansvar no og, det er Statsraadet, som ber Ansvaret fyr det Kongen gjer.
3)Prinsarne i Kongehuset heiter Oskar Gustav Adolf, Oskar Karl August og Oskar Karl Vilhelm og Eugen Napoleon Nikolaus.  Ingen heiter Harald, Haakon, Olav, Magnus! 
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum