Fraa Tyskland. (Or eit Brev).

 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald fraa No. 9).
 
Berlinararne er som eit Folk fyr seg sjølv. Dei er av dei, som trur paa det Ordet av Fichte, at dersom Tyskerarne forgjengst, so forgjengst heile Verdi. Alle Preusserar er byrge av sine store Herferder, men Berlinfolket mest. Det som andre stader er rettvis Sjølvkjensla, vert her til Kjyt; det, som andre Stader er Kjyt, vert her til Storskrøyting. Ein Berlinar held Schiller fyr den største Mann som finst, næst etter den "store Fritz," Keisaren og Bismarck; Skoreimi aat Gøthe er Ingen verdig til aa løysa. Um oss hev dei so mykje Greida, at dei veit, at i Sverike vert det gjort Fyrstikkur og drukket Puns, og at det i Norig veks Granbuskur; alt annat, me hev, er tysk, elder daa nordtysk. Er det ein utifraa klok Kar, so veit han, kannhenda, at Bjørnson er norsk 1), og at Kristiania er Hovudstaden i Norig 2); men Stockholm er no likevæl den rette Riksstaden vaar. (Kor myket veit hellest me um Tyskland?) -
 
Ein ægte Berlinar er Gut som hev vaskat seg; han bryr seg korkje um Gud elder um hin Mannen; men Keisaren ropar han "Hoch!" fyre. Hin Guten, som skulde lesa Bordbøni og so stod upp og sagde: "Du, lieber Gott! magst ruhig sein, fest steht und treu die Wacht am Rhein, Amen!" 3) - han hev plent voret ein Berlinar, dersom dei hellest les Bordbøner i Berlin. Berlinararne er kjende fyr sin "Mutterwitz" og den brukar dei baade i Tid og i Utid. Sin Sundag var det ein stor Ordensfest; i hundradtal stod Folk og glodde paa alle dei blenkjande og brikjande Mundurar og dei staselege Vognar; der var ofta Fagnad-Rop aa høyra, helst fyr Keisaren og fyr Generalen Moltke, som skal vera serleg folkekjær. Men alt imillom haglad det med Spitord yver alle dei meir og mindre ukjende Lukke-Peer'ar, som hadde fenget seg ei Stjerna paa Bringa. Liksom piska av Laatt og Spott foor dei fram i gloande Tansprang, sume i beintfram Leigevognar, andre i fine Stasvognar, alle visst ovende glade med aa sleppa inn i den ærverduge Slottsgarden. Her er hellest nok av "Titlar" og sligt, "Geheimeräther," "Obergeheimeräther," "wirkliche Geheimeräther"o. s. fr. av alle Slag; dei kongelege "Baumeister'ar" (Bygmeistrar) hev i seinste Tidi funnet Titelen sin for simpel og vil gjerna heita "Bauräther" (Byggjeraadar). – At Berlinararne stimer ihop og brukar sitt Skjemtevit ved slike Høve, er no ikkje aa undrast paa. Men ein Gong saag eg dei brukte det, daa eg ikkje hadde ventat slikt, og det var ved Likferdi aat gamle General Wrangel. Folk stølad til i tusundtal; det var Hovud ved Hovud i endelaus Mengd, Skrik, raa Kjæteskap; det ridande Politiet freistad aa stogga Hopen med sitt høflege: "bleiben Sie doch stehen, meinte Herschaften, seien Sie doch so freundlich!" men det var faafengt. Daa tonar Syrgjetrommurne; Kanonar kjem rullande; florvundne Fanur; Likvogni med Berlins folkekjæraste Mann. No, tenkte eg, fyr Dauden hev dei væl Vyrdnad. Men nei: Laatten, Raaskapen heldt paa som fyrr. Musikken vart meir og meir burte, tagnad av tilslut; og Berlinararne gjekk lystige fraa Leiken. – Daa fekk Hunden aat Bismark ei vænare Jordeferd. No skal du høyra. Bismark hadde ein Hund, heitte "Nero," - "Rikshunden," som det katholske Bladet Germania kallad honom. Denne Hunden vart drepen av laake Hender; Bismark og Fruva hans tok seg mykje nær av detta; i svart Fløyel vart Hunden sveipt, og so lagt i Kista; otta svartklædde Tenarar bar honom i høgtidsleg Syrgjemars til den siste Kvila. Bismark visste aa æra ein daaen Ven; men Berlinarfolket? - 
 
1) I Dresden visste daa ein Student aa fortelja um "der grosse schmedische Dichter" (den store svenske Diktaren) Bjørnstjerne Bjørnson. (Fortalt av ein annan Tysklandsfarar fraa ifjor).
2) Ein Student fraa Kristiania vart likevæl ifjor inn skreven ved Berlins Universitet som " Danus" (Danske).
3) Du, kjære Gud! kann vera roleg; Vagti ved Rhin stend fast og tru.
 
( Meir)
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum