Storthinget valde til Præsident fyr Marts Sverdrup.

 
I Odelsthinget vart Sørensen Præsident og i Lagthinget Richter. Onsdag vart det fyr seg havt um Skattenemndi. Sverdrup vilde framsetja Forslag um, at Saki skulde vedleggjast Protokollen. Han meinte, at det her galt meire enn ei Formjak, det kunde ein sjaa av det som ligg i Storthingsavgjerdi ved aa samanhalda det med Regjeringi si Stelling til Saki, Thinget grunnad si Avgjerd i 1877 paa den loggjevande Rett, det hadde, til aa nemna ut Nemnder til aa fyrebu Storthingssaker baade i og utanmed Samlingstidi. I 1857 hadde det likeins havt ei slik Nemnd, der Pengarne skulde utreidast etter Præsidentens Anvisning, og daa vart alt godkjennt av Regjeringi. Han meinte ogso, at Thinget ifjor væl viste, kvat det gjorde, daa det var 2/ 3 Yvermengd fyr Saki. Difyre skulde det ikkje gjeva upp si Meining, minders det var gode Grunnar fyre det. Det kravde Thingets Vyrdnad. Regjeringi hadde viljat umgjort Nemndi til ei Kongsnemnd og dermed teket Retten fraa Storthinget til aa utnemna Nemnder, og ved aa gjeva etter no, sleppte Thinget Retten fraa seg. Men hadde Thinget Rett til aa setja ned slike Nemnder, hadde det ogso Rett til sjølv aa anvisa dei tiltrengjande Pengar. Regjeringi hadde ingen Rett til aa forandra ei Storthingsavgjerd. Motzfeldts og Aschehougs Forslag vilde avgjera Saki fyreaat, og binda Protokolnemdi og Odelsthinget. Motzfeldt trudde at Betalingsmaaten ikkje var av nokor Vigt. Regjeringi hadde i sjølve Saki tøygst seg etter Tinget, no kunde difyre ogso Thinget i ei slik Sidesak tøygja seg etter Regjeringi, daa dermed vart ein Endskap. For ikkje aa spreida Røysterne vilde han gjeva upp sitt Forslag og ganga yver til Aschehougs. Aschehaug tykte ogso, det var best aa koma burt fraa Saki snarast mogelegt. Han vilde ikkje laata nokot um sjølve Retsmaalet, men han meinte, at Forslaget hans ogso gjorde det fritt fyr Thinget aa kalla Statsraaden fyr Rigsrett. Løvenskjold meinte, at Præsidentens Forslag ikkje vilde føra til Forsoning, men snarare til endelaus Usemja. Thinget hadde ikkje tenkt nok yver Saki ifjor, det hadde Regjeringi derimot gjort. Sten meinte, at det Motlegget, som no kom mot det fyrre Thingets Avgjerd heller skulde komet ifjor. Det var ingen Grunn fyr Thinget til aa forandra det, det hadde sagt; Saki stod i Aar likeins som ifjor. Aschehougs Forslag vilde berre halda Striden gangande. Denne vilde jamnast best, um det gjekk etter Sverdrups Forslag. Det var ikkje eit litet Spursmaal, som her var framme, det var Magtumraadet til Statsmagterne det galt . Sørensen meinte, at Thinget ifjor hadde komet inn paa ein gal Veg, og at det no maatte sjaa til aa gjera det godt att. Sverdrup vilde ikkje arbeida fyr Riksret, han vilde helst jamna Saki med det gode. – Ved Røystingi vart Sverdrups Forslag vedteket med 50 Røyster. Dei 49 som stemte fyr Aschehougs Forslag var; Roll, Selboe, Bøhn, Kaxrud, Schrøder, Adjunkt Nielsen, Rye, Aarestrup, Hille, Ellingsen, Bergersen, Skattebøl, Løvenskiold, Aschehoug, Jensen, Biskop Essendrop, Brandvold, Brandt, Reinhardt, Flor, Lorck. Bang, Schumacher, Olsen, Vogt, Gross. Jakobsen, Kyhn, Sæhlie, N. Hansen, Motzfeldt, Aschiem, Lange, Christie, T. M. Nielsen, Spilling, Holmesland, Sandberg, Igland, Hans Møller, Grosserer Iversen, Sørensen, Vig, Smitt, Lundberg, Richter, Essendrop, Lorck, Strøm, Erlandsen. Huser var ikkje til Stade.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum