Stavanger 27de Febr. 1878 (Brev).

 
[Del 1 av 2]
 
Denne Dagen vert visst ein Merkedag baade fyr Land-og Bymannen paa desse Kantar, med di Jarnvegen fraa Stavanger til Eikersund vart vigd idag. Det synte seg au, at Folk heldt Dagen fyr ein Festdag. Buder og Verkstader var lukte, og Flak og Merkje blakrad allestader. Tidleg um Morgonen samlad Borgarkorpset seg "paa Torjo", og derifraa gjekk dei, med Musikken fyre, og ei uhorveleg Mannamengd etter seg, upp til Jarnvegsstationen. Her stelte dei seg upp i tvo Rader fraa La'gaardsvegen til Stationshusi, og daa Statsraad Vogt og dei andre Herrarne kom, viste dei upp fyr dei. Kl. 8 rullad Ferdi avstad under Hurrarop og Skjoting. Dei stovda eit Bil paa kvar Station, der dei vart mottekne av Heradstyret i Bygdi, og Formennerne vart medbedne paa Ferdi. Herrarne steig or Vognerne paa kvar Stad og saag seg um, men Veeret var surt, som det plar vera paa denne Aarsens Tid. Klokka 12 1/ 2 kom dei til Eikersund, der den rette Vigsletalen vart helden. Ymse Telegram kom med Helsingar, bl. A. fraa Thingmennerne i Amtet. Reisefylgjet fekk god Fagning med Mat og Drykk. – Ferdi kom til Stavanger att Kl. 5, og Herrarne tok beint til Sparebankens Festsal til ein Festmiddag; hertil var bedne bl. A. Ordførarar, Prestar og Lensmenn fraa dei Herad, som eig Aktier i Jarnvegen. Daa det leid lenger frampaa, vart Parken illuminerad (prydd med Ljos), og Musikken spila mest heile Kvelden. Kl. 10 vart det avbrent eit Fyrverkeri med Skjoting og annan Stas, Kl. 12 reiste Kristianiafolket av att med "Kong Sverre."
 
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum