Kvitseid, Telemork (Or eit Brev).)

 
- - Det stend i det Heile visst godt til med Upplysningi heruppe. Me hev Boksamlingar og Kveldskular, og mange Blad vert lesne her. Mest likad og lesne er visst "Opl. Avis," "Verdens Gang," "Norge," og "Fedraheimen," o. fl. slike; mange likar au Lesnad av eit annat Slag og løyser "Fedralandet," "Morgenbladet," "Almuevennen" o. s. fr., der dei kann lesa um kvar Bikkja, som hev lopet burt og kvar Løda, som det hev voret Verme laus i. Slikt tykkjer mange er hugkveikjande aa lesa um. Men Ungdomen, som vil fram i Livet, les helst andre Ting, som kann kveikja Modet hans og friska honom upp; - for Mod maa her til, skal me vinna nokon Veg. Her er so mangt, som hindrar og stengjer. – Av Bøker, som vert lesne her, lyt eg nemna Bjørnsons Diktarverk; etter det eg hev røynt, er det nok "Kongen," som best tolkar "tenkjande Menns Tankar" her. Hellest er det faae Dikt, som hev fenget Rom i Boksamlingi vaar enno, av di her er stort Motstræv aa dragast med. –
 
Me Telemarkingar er visst best kjende som Skilauparar, og inn i Kristiania hev visst mange set dei "raske Gutann'," som kjem herifraa til det aarlege Premirennet der inne. Som ein Hovding fyr desse kann Ein nemna Sondre Nordheim, som væl no er hosta gamall, men som i Ungdomen var reint makalaus, og visst fortente Namnet "Norigs Skilaupar." Det er reint utrulegt hoss uvyrden han hev voret til aa fara utyver Skot og Nutar, og allstødt hev han sluppet godt ifraa det. Men eg maa segja som Vinje, at "eg vil kje gjeva 4 Skilling fe Live mitt," naar eg skulde vaaga meg so, som han hev gjort.
 
Me skal no faa ny Lensmann her, og Folket hev alt gjenom Formannskapet sagt sitt Ord. Dei fleste Røyster fekk: Bjørn Brekke, Olav Sandland og H. Mæland. Alle desse er kjende som folkelege og frilynde Menn. Sakførar Florens, som og søkte, vart derimot ikkje røystat paa, av di han nok ikkje er nokot sers umtykt. Ja dei skreiv jamvæl ei Bøn til Amtmannen, um at dei ikkje maattefaa Florens. Men det gjeng Ord um, at det nok vert han likevæl. Um so er, so tykkjer eg detta er eit Brot paa Fridomen vaar. Me skulde daa imindsto hava eit Ord med i aa velja Lensmann aat oss. Hellest likar me godt Embættsmennerne vaare. Dei klagar væl paa Presten, at han er nokot seinfør av seg, at han ikkje held Skuleeksamen fyrr um Hausten, at han kjem i Kyrkja so seint, at Messa ikkje vert sett fyrr Kl. 1, o. s. f. Men slikt er Smaating. -
 
Me hev liksom ein Folkehøgskule her i Bygdi men med berre eit "Fag:" Ordkast elder Diskussion. Han er vel nokot paa Lag som dei amerikanske Debatskularne, men utan alle dei Former. Det kann væl ikkje vera stort aa læra paa denne "Skulen;" men det er daa eit Avbrot paa Dagsstrævet og ei Moro, som fristar og kveikjer. – Det syner seg, at Ungdomen hev god Hug til aa reisa paa Folkehøgskularne no. Men det er ikkje altid so beint aa koma dit. Soleids var her tvo Gutar, som vilde paa Folkehøgskulen; men daa dei skulde til Presten og faa Attest, so talde han fyr dei so lengje til dei gav det upp og tok Amtsskulen istaden. Dei vann væl paa Byte. – No hev dei beste Gutarne vaare talat um aa faa istand eit Folkehøgskulesamlag liksom det der nordanfjells. Detta vilde vera eit stort Framstig, og det var vaart varmaste Ynskje, at denne Tanken kunde bli sett i Verk. - -                          
 
H. S.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum