Jordkloten vaar sviv ikring Akselen sin.

 
Jordkloten vaar sviv ikring Akselen sin.
(II.1)
 
Naar me segjer, at ein Ting er tung, so er det liksom me meiner, at Tyngdi bur i Tingen sjølv. Fysikeren gjeng ein annan Veg. Han tenkjer seg, at Tingen sjølv berre er ein vigtlaus elder tyngdlaus Masse, men at Jordkloten eig ei Kraft til aa draga all Ting aat seg. At ein Ting er tung, det ligg soleids ikkje i Tingen, segjer Fysikeren, men deri, at Jordkloten med den store Massen sin dreg innaat seg den litle Massen i Tingen. Denne Dragkrafti i Jordkloten kallar me Tyngdkrafti. Eit Lodd, som heng fritt i ei Snor, syner, kvat Leid Tyngdkrafti dreg paa kvart Stelle paa Jordi, og etter di Loddsnori allstaden peikar inn i mot Centrum (Midpunkten) i Jordkula, so ser det plent ut som Tyngdkrafti skulde sitja i sjølve detta Centrummet, og soleids er det, Fysikeren hev tenkt seg det au.
 
Ei vigtig Log um Tyngdkrafti segjer, at di nemare ein Ting kjem inn aat Centrum i Jordi, di tyngre vert han, dvs. di sterkare vert det Draget, som Jordi fær paa Tingen. Soleids finn Ein, at den same Tingen er lettare uppaa Toppen taa eit høgt Fjell enn han er nedmed Jordflata. – Etter desse Utgreidingar vil me no ganga laus paa det, som heng ihop med Yverskrifti aat detta Stykket.
 
Me veit alle, at Jordkloten er nokot flatklembd med Polarne og vidkat ut med Ækvatoren (Midlina). Dei Stelle, som ligg innmed Polarne, er soleids nokre Mil nemare Centrum i Jordi enn dei Stelle, som ligg med Ækvatoren. Men dermed maa og ein Ting vera tyngre med Polarne enn med Ækvator. No hev Fysikeren sett upp eit Reknestykkje, som syner, at naar Jordi er so mykje flatklembd som ho er, so maa ein Ting vera so mykje tyngre med Polen enn med Ækvator som 1/ 590av den Vigti, Tingen hev paa det sidste Stellet. Det vil segja, at ein Ting, som veg 1 Pund nedmed Ækvator, han veg 1 1/ 590 Pund med Polen. Men so hev dei freistat aa vega den same Tingen (paa ei Fjørvigt) med Ækvator og lenger nord, og daa hev det synt seg, at Tyngdi veks mykje meir der nordpaa enn som det nemnde Reknestykket segjer. Etter Freistnaden med Vigti hev dei funnet ut, at den Tingen, som veg 1 Pund med Ækvator, den vil auka 1/ 194Pund i Vigt med Polen, og det er meir enn 3 Gonger so myket som 1/ 590 Pund, slik som Reknestykket fekk ut. Men no er Fysikeren stød paa, at baade Reknestykket hans og Vigti hans er rett, so det lyt vera eikor onnor Ugreida med i Spilet. Fyrutan at Jordi er flatklembd, maa her vera endaa ei Orsak, som gjer, at Tyngdi aukar mot Polen og minkar mot Ækvator. Og denher nye Orsaki kjem fullt i Dagen, naar me tenkjer oss, at Jordkloten sviv ikring Akselen sin. For naar ei Kula sviv fort rundt, so veit me alle, at dei Ting, som sit paa ho, vil slengjast ifraa ho og ut i Lufti, og den-her Slyngkrafti vil vera sterkaste med Ækvatoren paa Kula, av di den sviv med største Farten, og mindre og mindre imot Polarne; og med Polarne sjølv vil Slyngkrafti ikkje hava nokor Magt, etter di Polarne er ikkje med og sviv. Det maa soleids vera greidt, at dersom Jordkloten sviv ikring Akselen sin, so maa dei Ting, som finnst paa Jordflata ned med Ækvatoren og nordetter, hava liksom ein Tilhug til aa fljuga ut ifraa Jordi. Men Tyngdkrafti er so mykje sterkare, so at Verknaden taa Slyngkrafti vert berre den, at Tingen med Ækvator letnar i Vigt. No hev Fysikeren sett upp eit nytt Reknestykkje. Naar Jordkloten vaar er 1729 Mil i Tvermaal og sviv rundt ikring Akselen sin 1 Gong i kvart Døger, so maa Slyngkrafti ned med Ækvatoren letta ein Ting so mykje i Vigt som 1/ 289 af den Vigti, Tingen vilde hava, um Jordi ikkje sveiv. Det vil segja, at ein Ting, som vog 1 Pund, dersom Jordi ikkje sveiv, han vil vega 258/ 289 Pund (1 Pund – 1/ 289 Pund), naar Svivingi kjem attaat; for Svivingi lettar Tingen. – No skal me sjaa, kvat Enden vert paa detta. Ein Ting, som med Ækvatoren veg 1 Pund, han maa etter det fyrste Reknestykket auka 1/ 590 Pund i Vigt med Polen, av di Jordi er flatklembd. Men so maa han endaa auka 1/ 289 Pund med Polen, taa di at der med Polen inga Slyngkraft er, naar Jordi sviv, og soleids kjem Tingen uppmed Polen til aa vega: 1 Pund + 1/ 590 Pund + 1/ 289 Pund; - men det vert paa Prikken = 1 1/ 194Pund, slik som Vigti aat Fysikeren syner. Kann so Nokon tvila paa, at det er Svivingi aat Jordkloten, som er den andre Orsaki til, at Tyngdi aukar mot Polarne.
 
– Jordkloten sviv soleids ikring Akselen sin.
 
1) No. 13 1877. – At "Jordkloten sviv" hev du væl høyrt so lengje, at du no trur det. Men her kann du faa som ei Vitring um, korleids dei Lærde viser, at det er so.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum