"En Maalstræver"

 
er ute i "Lillehammer Tilskuer" og gjer Kunster med Framlaget um "Bygdemaal i Landsskulen." Det er ein Raring av ein "Maalstrævar" ser det ut til, men hellest ein Ovkar. Han er likso klok og "vittig" og aandfull som sjølve "Litle-Theodor," og likso glup som han til aa skriva um Ting, som han ikkje kjenner. Det er den "Fillesofien," maatru, som gjer desse Folk til slike aandelege Subbar. Hev du leset Erasmus Montanus, so kjenner du til den "philosophia instrumentalis," som gjer Folk føre til aa "disputere udi alle Materier," anten so dei kjenner dei elder ikkje. "Tilskuer"-Maalstrævaren veit aldri Grandet um hint Framlaget; men han berre "construerar det upp a priori," d. e. spinn det ut or sitt eiget Hovud liksom Hegelianararne spinn ut "Verdi," og so gjev han seg til aa leggja ut um detta sjølvgjorde Framlaget, so du reint lyt undrast. "Det er merkjelegt med desse upplyste Folk, du!" som Bonden sagde.
 
At slik ein Mann er "funnen Mat" fyr Morgenbladet er sjølvsagt. Det liver paa slik Provincialvisdom no, detta "intelligente" Bladet. Fær det ikkje fraa Vestnes, so tek det ut or "Hamar Stiftstidende," "Lillehammer Tilskuer" og andre slike aandfulle Smaaby-Blad. Denne "Tilskuer-Maalstrævaren" vart teken til Helgarkost no um Fastelavnssundagen, og du tarv aldri tvila paa, at han smakad godt. Hunger er ein gild Kokk det, som me alle veit.
 
No burde væl slike meinlause Folk som denne Tilskuer-Maalstrævaren i Grunnen faa liva i Fred. At ein Mann fær Skriveklaae, og ikkje veit nokot aa skriva um, og so bryggjer ihop nokot Vas og Ingenting og set inn i Avisa, - det hender so tidt, at det er fælt lite aa bry seg um. Men – her gjeld det, dessverre! ei Sak, der Tøv ofta gjeld fyr Visdom, so di meir ein Mann kann tøva, dess fleire fær han med seg; dermed er det væl best aa svara likevæl. Eg fær, kannhenda, med det same Høve til aa draga fram ymse andre Ting, som kunde vera betre sagde enn tagde.
 
36 Thingmenn hev sendt inn eit Framlag um Bygdemaal i Landsskulen. Desse 36 Thingmenn er, trur eg, alle ihop vaksne Folk; dei er fraa alle Landsens Kantar og er godt kjende kvar i sine Bygder; dei er av mest alle Samfundsklassar – Bispar og Prestar sjølvsagt undantekne -, og som Thingmenn skulde dei væl og hava eit litet Grand Greida paa Loggjeving og slikt. Men "Tilskuer"-Maalstrævaren sit upp i si vesle Kraa i Veslehamar og "tenkjer" og grundar, og finn so ut, at heile detta Framlaget er – meiningslaust Verk. Paa alle Stader, der Lærararne kann tala Bygdemaal, meiner han, tarvst det ikkje Log, og paa dei Stader, der Læraren ikkje kann tala Bygdemaal, der hjelper det ikkje Log! Dei 36 Thingmenn hev gjenget i Ørska; Vetlehamringen aaleine ser klaart. Framlaget hev "vekkt Tankar" hjaa honom, som han " i al Enfoldighed ønsker meddelte Offentligheden," segjer han. - Ja, han hev Rett, denne Mannen, til aa tala um "Enfoldighed." -
 
Kor ber no det til, at ein Lærar ikkje skulde " kunna" tala Bygemaal? Jau, meiner Mannen vaar, ein Lærar, som er upplærd i eit Bygdemaal, kann umogeleg læra aa tala eit annat. Ein Sætersdøl kann ikkje læra Thrøndermaal, og Øyerbuar kann aldri greida ein Skule "pau Sognemaule" (berre høyr, kor "vittig" han er!). Ein Lærar, som kunde lempa sitt eiget Bygdemaal so vidt etter eit annat, at han kunde bruka detta i Skulen, han maatte vera ein rein Maalmeister, mykje større enn "Cardinal Mesofanti," som daa kunde tala 50 Tungemaal!
 
Um Tilskuer-Maalstrævaren hev Rett i detta, so kjenner eg alt no mange "Mesofantiar," baade av Lærarar og andre Folk. Det er ikkje alle, som er so tornæme som Motstrævararne. Eg veit mang ein Lærar, som er uppfødd uppi dei øvste Fjellbygder i dei argaste Fjellmaal, og som sidan er komen til ein Skule t. D. i Kristiania – og hev lært seg Kristianiadialekten baade snart og væl, fyr aa kunna skula Borni i deira eiget Talemaal; - og Ingen hev havt vondt av Læraren fyr det. Dei hev ikkje kalla honom "Cardinal Mesofanti" helder, og ikkje so mykje som talat um " Knot," dessmeir. Men gjeng det an fyr ein Halling elder Theledøl aa læra seg til aa skula paa Kristianiadansk, skulde det daa vera so plent raadlaust fyr honom aa læra t. D. Sognemaal elder Thrøndermaal, naar han var Lærar i Sogn elder Thrøndelagen? – Og naar det vert kravt, at ein Landsgut, naar han kjem til Byen, skal læra seg Bymaal (kor stridt det enn stundom kann vera), "af Hensyn til Børnene," kvi skal Ein daa ikkje ogso krevja, at ein Vestlending, som kjem paa Austlandet, skal læra seg til aa tala Austlandsmaal – "af Hensyn til Børnene"? Er det berre i Byen, at Borni hev vondt fyr aa skyna uheimsleg Tale?-
 
Tilskuer-Maalstrævaren er so rædd fyr "Knot," at han held det raadlaust annat enn at kvar Lærar heretter lyt halda seg i si eigi Grend og aldri koma utum den. Dei vert so lærarvenlege og so maalgløgge no, desse Motstrævarar, at det er 'kje med Vit. Men skal me tru dei? – Aa nei. Det er nok ikkje so faarlegt med denne Knot-Fæla. Saki er den, at naar ein Landsgut lærer seg til aa tala " vort Sprog," den kjære Dansk-Norsken, daa er alt godt og væl; daa er det ikkje "Knot," det er "Kultur." Men vil ein Mann flytja fraa Faaberg til Øyer og læra seg Øyermaal, som ikkje er " vort Sprog," - daa er det "en anden Sag," som Presten sa' til Husmannen. – Aa, um vaare Dansk-Norske altid hadde voret so rædde fyr aa høyra Folk "knota"! daa hadde me havt Bygdemaal paa Landsskulen fyr lengje sidan.
 
So skal Tilskuer-Maalstrævaren og andre Motstrævarar hugsa, at Læraren er til fyr Borni
si Skuld, og ikkje umvendt. Den, som trur seg driven til aa vera Lærar, han fær og vera so passa til Kar, at han veit aa bruka det Maal, som fell best fyr dei han skal læra. Det er som Inkjefolk aa segja, at naar Læraren hev vondt fyr aa tala som Borni, so lyt Borni læra aa tala som Læraren; og det er verre enn Inkjefolk aa segja, at so lyt baade Lærar og Born tvinga seg inn i eit nytt Maal, som ikkje er naturlegt fyr nokon av dei!
 
- I dei fleste Landsskular er det alt no slik, at Læraren er Heimbygding; um han ikkje nett er or same Grendi, so er han daa visst or same Bygdelaget elder Distriktet. Kvar Mann veit, at Skilnaden paa Maalet er ikkje større, enn Læraren godt kan flytja fraa Prestegjeld til Prestegjeld, ja fraa Provstedøme til Provstedøme, og sumetider lenger med, og tala sitt eiget Bygdemaal like radt. Ein Vestlending greider seg rundt det meste av Bergens Stift, Nordvestkanten av Kristiansands Stift, ja radt upp i Thelemarki, ein Akerhusing greider seg i det meste av Kristiania Stift, so nær som dei øvste Dalar, ein Nordlending hjelper seg rundt Storparten av Throndheims Stift og væl gode Stykkje av Tromsøy med, ein Thelemarking greider seg rundt Thelemarki, i Sætersdalen o. fl. St., o. s. fr. No likar baade Foreldri og Autoritetarne best, at kvar Lærar held seg so nokot-sonær innum sin eigen Landsbolk, der han er best kjend med Folk og Høve. Og so bør det visst vera. Folk hev i lange Tider klagat yver, at Lærararne flyt so tidt, og so vidt; Skulen lider av denne endelause "Nomadisering;" - og det er sannt. Logi um Bygdemaal i Skulen kunde, kannhenda, hjelpa litegrand til aa bøta paa detta. – Men dersom det er ein Lærar, som endeleg vil ut or sine Heimgrender og av i reint andre Bygdelag, so lyt den Læraren vita seg so mykje til Kar, at han er god fyr aa læra seg Maalet, der han kjem, so ikkje Borni og Upplysningi skal lida fyr hans Skuld. Kjenner han seg so tungnæm, at han ikkje kann læra det nye Bygdemaalet, - so er det best, han held seg heime.
 
Tilskuer-Maalstrævaren og andre Motstrævarar skal hugsa, at Bygdemaali vaare ikkje er villframande Maal liksom Engelsk, Tysk, Fransk, Russisk o. s. fr., men berre ymse mindre og større Avbrigdingar av det eine og same Maalet. Ein Sogning, som kjem til Gudbrandsdalen, og er der ei Tid, og legg Merkje til Maalet, han vil snart kunna stella so vidt paa Sognemaalet sitt, at han iallfall greider seg betre med det, enn um han knotar paa Dansk. Den største Skilnaden ligg i Tonelaget. Men det venst Borni snart med, liksom me ser, at Kristianiaborn godt kann venjast med Bergens-Maaltonen. Ein fær no ikkje vera so reint ovgløgg paa det helder.
 
Men um det enn gjeng so, at ein Lærar i ei framand Bygd ikkje lærer aa tala plent som Folk i Bygdi, - so kunde det i ymse Maatar vera godt, um Maali og Bygderne vart meir kjende fyr kvarandre. Det er ein Uting med denne Bygdeaanden, at kvar Grend stengjer seg inne fyr seg sjølv og liver "paa Krigsfot" med Grannebygderne liksom Villmenn. Kulturstrævet vaart gjeng just ut paa aa tyna denne Villmannsnaturen i Folket vaart og binna det meir og meir ihop til Eit og læra det Samkjensla og Folkeskikk. Kunde Skulen hjelpa aldri so litet til med detta, so gjorde han ei god Gjerning. Det er ei Landsskam, at Vetlehamrigarne enno i Sluten av det 19de Hundradaaret ikkje er komne lenger, enn at dei, tilmed paa Prent, kann gjera Narr av "Sognemaule (sic)."
 
Og so endeleg til Slut. Det Framlaget, som er inne fyr Thinget i Aar, hev aldri voret meint paa aa tvinga Bygdemaalet inn, der Læraren ikkje kann tala det. Etter som eg hev spurt, lyder det paa, at det skal ettersjaast, at Læraren paa Landsskulen " saavidt muligt" brukar Borni sitt eiget Daglegmaal. Der det daa ikkje er "muligt", der er det ikkje "muligt", veit eg, og der krev ikkje Logi det held. Er det ein Lærar, som plent vil vera i ei Bygd, som han ikkje kann Maalet aat, - so fær han driva paa med Bokmaalet sidan som fyrr. Det er Borni som fær svida; men det er dei vane med, Stakkar.       
 
- Me skal vera nøgde med aa faa det, som er "muligt"; det vert no just ikkje so litet. Fær alle Lærarar tala Bygdemaal, som kann, so vil iallfall Mengd i av Folket heretter faa Skulen paa sitt eiget Maal, og det vil vera store Ting. Dei fleste Lærarar ventar berre paa Løyve og Studning fraa Logmagti, so dei ikkje lenger tarv fæla fyr Mein og Motstand – og so tek dei aat med Bygdemaalet strakst, det veit eg. Men difyre trengst det ei Log til aa slaa Saki fast, so det ikkje lenger kann vera nokot Vrid og Vringel med den Ting. Og det, som ikkje kann greidast strakst, det jamnar seg daa sidan etter kvart.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum