Utlandet.

 
Det ser no minder fredlegt ut, enn det gjorde i Vika var. Ryssland hev ikkje vist seg viljugt til aa lata Utvinningarne av all Kostnaden, alt Strævet og Mannspillet, det hev havt, koma til Avjerd paa ein Kongress – elder Konferens, som Møtet hev voret kallat i seinare Tid, fyrdi at Magterne no ikkje vil møta ved sine styrande Ministrar, men berre ved aalmennelege Sendemenner utan Fullmagt, um det elles vert nokor Raadstemna av, daa. Ryssland vil iallfall ikkje vita av nokor slik Stemna, fyrr enn det kan møta fram med Fredgjerdi i Luma; daa er det gjort, som gjort er, og det vil vera vandare aa faa gjort det til inkjes att. Talen aat Bismark hev voret undergjeven mange Tydingar; dei engelske og austrikske Blad er fyr det meste misnøgde; dei finn, at han gjev Ryssland frie Hender, og at han jamvel styd det i dess ubljuge Krav. Det synest aa verta mindre og mindre Von til ei fredleg Avgjerd, endaa Ryssarne ikkje hev rigtugt Tru paa, at England og Austrike vil gjera Aalvor av det. Sume av dei austrikske Blad – men det er dei faaaste – talar imot aa setja Heren paa Krigsfot berre til ei Framsyning. "Austrike – skriv Neue fr. Presse - er ikkje rikt nog til aa bjoda Heren ut fyr aa gjera seg agtat paa Konferensen; me hev ikkje Pengar til "Demonstrationar" – og paa Krig tenkjer Regjeringi knapt for Aalvor." Bladet aatvarar mot aa støypa Austrike inn i einKrig, fyrdi England ikkje er ein Samlagsmann, som er stort tess, og ingi onnor Magt vil stydja det. Turkeriket i Europa er det ute med, og Austrike kann ikkje hjelpa fyr det; det hev difyr ikkje annat aa gjera enn aa faa det beste, det kann, utor Konferensen. Dei rysske Blad spottar baade dei engelske og austrikste Tilstellingar, og meinar, dei hev ikkje stort paa seg. "Ein Haa – skriv eit Blad – er ageleg paa Sjøen, men fraa Strondi kann den skjerre Steingeiti sjaa paa honom med ein Smil, so mykje meir daa den sterke Bjørnen. England hev berre tvo Maatar, det kann tenkja seg til aa føra Krig med oss paa; anten hev det Von um aa trøytta oss ut, elder og hev det gjort Samband med ei Fastlandsmagt. I fyrste Tilfellet er det i eit laattelegt Lægje komet, i det sidste er det berre Austrike, det kann hava sambundet seg med. Men fyr Austrike er det so vaadlegt aa blanda seg uppi, at det naudleg tek den Raadi." Kor som er, so er det no visst, at baade Austrike og England bur seg til Krig i harde Tak. I England vert Gardebrigaden sett paa Krigsfot, i Verkstadom arbeider dei paa berre Sprengen, det vert sendt fleire og fleire Skip upp til Marmorasjøen, og det er alt utnemnt ein Øvsteførar (Lord Napier) og ein Generalstabsschef (Sir Garnet Wolseley), fyr det Tilfellet, at det vert Krig. Styresbladet Standard segjer, at England er nøydt til aa bu seg paa alle Voner; det kann ikkje roa seg med det rysske Fredsvilkor, og soframt ikkje Ryssland gjev etter, lyt England draga Sverdet. – Dei rysske Fredsvilkori er enno ikkje officielt kunngjorde; men alle Tidender gjeng ut paa, at dei skal vera harde. Ei Tidend segjer, at Porten skal betala 5 Milliardar Franks (= 3600 Millionar Kronor) i Krigsskadebot, nokot som sjølvsagt er reint umoglegt fyr Tyrkiet; Ryssland maa daa faa seg Skadebot i Land i Staden. Det nye Fyrstedøme Bulgaria skal etter same Tidendi koma til aa naa radt ned aat Saloniki, og godtsom alle Muhamedanarne skal jagast ut. Ryssland vil lyta aat seg Bessarabia mot aa gjeva Rumænia Skadebot i Dobrudsja. Sultanen fær i Europa ikkje att meir enn ei liti Remsa ved Konstantinopel. Er dette berre nokot so nær sannt, kann ikkje England annat en "draga Sverdet." Og etter eit Telegram fraa Wien til det engelske Bladet Daily Telegraph skal Ryssarne enno hava til Etling aa draga inn i Konstantinopel med elder utan Samtykkje av Porten. Dette vil – segjer Bladet – hava til Fylgja, at den engelske Sendemannen i St. Petersburg, Lord Loftus, vert heimattkallad; det hev den engelske Regjeringi sendt Gortsjakoff, den rysske Rikskansleren, Bod um.
 
Frankrike. Buffet og Broglie hev freistat paa aa gjera Regjeringi ei Vanbeinka i Senatet. I Møte sin Fredag kom Finansministeren Leon Say fram med Utgiftsbudgettet, som Folketinget hadde vedteket, og vilde faa Skai snøggt fremjad; dei Herrarne prøvde paa aa faa Senatet til aa negta aa gjera nokot ved Saki, fyrr enn Inntektbudgettet au var framlagt; men dei kom ille fraa Freistnaden; av 274 Senatorar var det ikkje meir enn 7, som røystad med deim.
 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum