Rispur.

 
Rispur.
 
Stort skal det vera. Fraa Drammensmarknaden vert fortalt: Ein Flokk Jarnvegsarbeidarar gjekk Marknadsgonga, og stoggad ikkje, fyr dei kom – paa Raadstova. Morgonen etter kom dei fyr Politimeisteren. Han tok dei fyr seg ein fyr ein, og spurde: "Kvat er du fyr ein?" Og kvar ein av dei svarad: "Eg er kongeleg norsk Jernbaneslusk ved Grevskapsbanen!"
               
Ein Kaupmann i ein av Smaabyarne hadde høyrt Snakk um ein Bonde, som skulde vera so gjæv til aa rima. Denne Kaupmannen var ein urimeleg stygg Mann og hadde eldende raudt Haar. Ein Dag kom Bonden inn i Budi, og daa bad Kaupmannen han, um han vilde rima litet Grandet. Nei daa, Bonden vilde inkje det, han daa maatru. So tok Kaupmannen og skjenkte ein stor Dram og lovade han, um han vilde rima nokot litet. Daa kunne inkje Bonden standa imot, og so sagde han:
 
Skal de no vera Spøk,
kann je no gjerne gjøra et Forsøk,
men skal je vera Sanheta tru,
har je aldri set styggare Fant enn du,
og om di bau me to hundre Daler om Aare,
ville je inte ha de raue Haare.
Staar je nærme,
brenner de som ein Verme,
og staar je et Stykke ifra,
saa lyser de enda.
"Nei stop naa," sagde Kaupmannen,
"naa kan de være nok."     
                                                                                             
S.
 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum