Kristiania, den 1ste Marts 1878.

 
Statslaan. Regjeringi hev no bedet Storthinget samtykkja i aa laana 31 Millionar Krunur til Bygning av Jarnveger.
 
Storthingsmann Schancke fraa Finmarki, som ikkje var komen paa Thinget endaa, daa han var klen, hev no frribedt seg fraa aa møta i Aar. Varamannen, Lensmann Andreasen hev difyr vortet innkallat i Staden hans.
 
Amtmann Aall fekk her um Dagen, reint uventande fyr alle, ei Heidersgaava paa 6000 Kr. aarleg av Thinget "for sine Fortjenester af Fædrelandet."
 
Betalingssaki aat Storthings-Skattenemdi var fyre i Thinget Onsdag. Motzfeldt bar fram eit Forslag so paa Lag: Endaa Storthinget ikkje kann erkjenna, at det var naudsynlegt aa forandra den Betalingsmaaten, som Thinget hadde fastsett, so trur det likvæl, daa Pengarne i Røyndi vert utreidde, kor som er, aa kunna samtykkja i, at Utbetalingi gjerest paa den Maaten, som Regjeringi vil det. Aschehoug kom med eit annat Forslag, som gjekk ut paa det same, men med nokot andre Ord: Utan aa vilja avgjera Spursmaalet um det grunnlogrette i den kongelege Avgjerdi av 2dre August 1877, samtykkjer Storthinget o. s. f. Sverdrup vilde hava Saki utsett til næste Onsdag, daa desse Forslagi var komne so braadt paa, og det var so vigtig Sak. Sverdrups Forslag vart vedteket.
 
Vestmannalaget i Bergen hev sett ut 50 Kr. som Premi fyr det beste Utkast til ei norsk Abc. Lagsstjorni avgjer, kvat Utkast som skal faa Premien.
 
Jadarbanen vart vigd Onsdag. Ei Festferd gjekk fraa Stavanger Kl. 8 um Morgonen og kom til Eikersund Kl. 12, der Statsraad Vogt helt ein Tale og forkynnte Banen opnat.
  
Ei "Nordenfjeldsk Folkehøiskoleforening" er tenkt verta skipat. Fyremaalet er aa framhjelpa Folkehøgskulesaki (fyr ein Deil ved frie Pengetilskott) ved aa hjelpa einkvar lærefus Ungdom fram paa Folkehøgskulen, elder aa faa dugande Menn til aa reisa umkring aa vekkja Syn og Interesse fyr Saki, elder aa skaffa Folkehøgskulen ei og onnor Skulegreida. Lagsmann er kvar, som aarleg let til mindst 1 Krune. Framlaget er underskrivet av H. Verxelsen, Fr. Vexelsen, K. F. Vedeler, H. Stav, O. Langlo, H. Qvenild, J. Qvam, J. Husby.
 
Røysterettsforslagi trur dei ikkje kjem fram fyre Thinget denne Gongen, annat dei vert utsette til næste Aar.
 
Grunnlogforslaget um Trufridom fyr Embættesmenn hev vortet vedteket i "Konstitutionsnemdi" av alle so nær som 2 (Ellingsen og Bøhn,) soleids som Aschehoug hadde framsett det, at det skal vera Trufridom fyr alle Rikets Embættesmenn so nær som Statsraadar og Domarar, som skal tilhøyre Statskyrkja. Bøhn skil seg fraa dei andre, med det, at han ogso vil hava Amtmenn og Skulemenn undantekne.
 
Studentersangforeiningi i Kristiania hev laatet um, at ho vil gjera ei Sangarferd til Paris i Sumar for aa syna fram norsk Musik og norske Tonar under Utstellingi, der det no vert høyrande Tonar fraa alle Verdsens Kantar. Studentersangforeiningi i Upsala gjer likeins.
 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum