Fraa Tyskland. (Or eit Brev).

 
[Del 1 av 3]
 
Berlin i Januar 1878.
 
- - Heime i Norig gjer Folk seg helst laake Tankar om dei Tyske og likar dei lite. Men fær Ein sjaa dei paa Nærhondi, so skiftar Ein gjerna Tankar; so hev det gjenget meg. Allestader hev dei møtt meg med Godhug og Samhug; alle eig dei, dei som eg hev lært kjenna, ein Hjartemilde, som dreg og gjer godt. Eg hev kjendt meg mindre framande her, enn eg kunde vona; det same fortel alle Nordbuar, som eg kjenner i Berlin. Og eg kjenner meg stød paa, at detta er ikkje nokot, som dei berre tek seg til, naar dei er i Lag med Utlendingar; men det er nokot, som ligg i dei av sjølve Fødesupplaget. Her i Berlin hev eg berre høvst med Studentar og Professorar; Husliv hev eg ikkje set nokot til. Men i Hannover fekk eg som ein Glytt inn i det tyske Huslivet med, og eg maa segja eg likte meg altid godt i Heimarne der. Den kjende "germanische Sittlichkeit" (tyske Sedsemd) var ikkje berre lause Ord, som Ein kunde tru, naar Ein saag det offentlege Livet her i Berlin. Det var "Gemüthsinnigkeit" (Hugvarme), som Tyskeren kallar det. Paa den andre Sida var der ikkje Grandet av den Storkytarskapen, som me er vane med aa skulda Tyskeren fyre, kanske av di me dømer mest etter desse Probenreuterar" (Handelsreisande) og Berlinerskriblarar. Naturlegvis, der var altid litegrand Byrgskap, helst imot Frankrik, og daa litegrand Hat innblandat med. Men kven kann undrast paa det, naar Ein minnest dei store Aari 1870-71, og so tek med all den Hundradaars Strid og Ugreida millom dei tvo Land? Sjølve Hatet er naturlegt; for Minnet her er doggat med Blod. Det finst ikkje mange Heimar, som ikkje ber paa Saar etter den Striden. Der kviler mange tyske Ungdomar utan Krans og Kross i framand Jord. Og for ein modig, offerglad Fedralandselsk, som fyller alle Hjarto! Eg saag i Hannover eit Par Prov paa detta. Der var ei Dame paa 25-26 Aar, som hadde misst Kjærasten sin i Krigen; dei hadde just voret trulovade i tvo Maanar, daa det braut laust; ved Gravelotte var han fallen. Det var tungt, sagde ho; "men han døydde fyr Fedralandet." No livde ho aaleine med Moer si. Dagen etter kom eg i Samtal med ein eldre Senator um Krigen. Han fortalde meg, korleids Ufredsbodet hadde tendrat i Folket som eit Ljon: dei tyske Unggutar og Menn kom berre i Flokkar og melde seg, ja dei beintfram kappadst um aa faa vaaga Livet og alt dei aatte fyr aa "redda Fedralandet." Kjærasten aat denne Dama var nett ein av dei. "Men naar han berre var Friviljug," spurde eg, "prøvde daa ikkje ho aa halda honom heime?" Nei, tvert imot; Kvinnurne var likso modige som Mennerne. Ho fekk Liket hans heim, og pryder no Gravi hans med Blomar istadenfyr aa kvila ved hans bankande Barm. – Det er nok ikkje berre Skrik og Skraal og Flagd paa Stong her.
 
Tyskarne var gjenom Hundrad av Aar sundskilde i mange "sygnende Skud," og det var med dei som med oss Nordbuar, at dei helst "tiggad seg Suvl fraa Framandfolks Bord." Smaafyrstarne deira laag i endelaus Kjekling og Strid og brydde seg litet um Folket; og Folket sjølv var so daudt og tankelaust som det best kunde vera. Det gjekk so vidt, at Fyrstarne leigde ut elder selde sine eigne Undermenn til framande Kongar, og brukte Blodpengarne til aa stasa upp sine franske Frillur med Gull og glimande Steinar. Den Tankefridomen, som Luther lærde, var aldri naadd utum Theologien, og enda der dovnad han av i den gode gamle "Forkjettringi." I Midten av fyrre Hundradaaret kom det Uro i Lufti. Nye Tankestraumar skar seg inn fraa Frankrik; Fridomshugen vaknad og tok større Utslag, og den "lærde Republiken" tok til aa stiga fram i Livet med sine Tankar. Fransk Smak fekk Magti baade i Bøkerne og i Livet; den sidste Resten av eit heimslegt Tyskland saag det ut til skulde forgangast. Men just daa vaknad so smaatt den tyske Aanden og braut seg fram. Um Skalden Klopstock 1 ) sankad det seg ein Flokk, "Gøttingarne," til Arbeid fyr Tru og Fedraland. I Hamburg freistad Skalden og Tenkjaren Lessing 2) aa løysa Boklivet fraa det franske Snørlivet; men med Sorg og Harm kom han til den Meining, at Tyskerarne endaa ingen Nation var, at det derimot var deira Karakter (Serlag) at dei ingen eigen Karakter vilde hava. Daa kom Storskalden Gøthe 3) med sin "Gøtz." Her var tyske Skildringar og tysk Aand, som vekkte Sjølvkjensla til fullt Liv; kvart eit Fjom av Franskdom var som bleset burt. Med "Gøtz" og sidan "Werther," ei glimande Skildring av den tyske Sentimentaliteten elder Sorg-Sæla, var den nye tyske Bokheimen skapt. Det var ogso Gøthe, som formad ut det tyske Maalet, slik at andre kunde fylgja honom. Berre Ein rokk upp aa Sida av honom, og det var Schiller, 4) som alt til denne Dag gjeng fyr aa vera den "nationale" Skalden meir enn Gøthe sjølv; iallfall stend han slik i den aalmenne Meining. So kom "Romantiken." Denne bar med seg sterk baade Trudomshug og Fedralandshug. Det kom upp ein glødande Elsk til den tyske Millomaldren og den heimlege Forntid og ein sterk Motstraum mot "Upplysningstidi" med all hennar Hugløysa og Framandskap. Gøthes og Schillers Dikting stod enno i for skarp Motsetning til Røyndomen; denne Motsetningi vilde Romantiken jamna ut, so Dikt og Vænleik kunde gjenomdraga sjølve Livet; dermed maatte han verta meir "folkeleg" i sitt Arbeid og fekk daa stor Vigt fyr Framfostringi av Nationaliteten.
 
Mot Sluten av Hundradaaret braut dei franske Fridomstankarne seg fram til Siger. Og desse Tankarne kom ikkje uventande yver dei Tyske; for dei lengtad etter det same. Men Tyskerarne er seinføre, litet framdjerve. Franskmennerne, saag dei, vilde ut som Fridoms-Apostlar og gjera alle Folk frie; det galdt daa berre aa taka i mot. Tyskeren hadde gløymt, at eit Folk, som ikkje hev annat Serlag enn det, at det inkje Serlag vil hava, aldri kann vera eit fritt Folk; Fridomstreet kann einast røta seg i Nationalitetens Jordgrunn. Det fekk Tyskland læra i ein hard Skule. Dei Franske kom, ikkje som Frigjerarar men som Nedtrykkjarar; Soldatkeisaren, Napoleon, hadde lært Franskmennerne aa elska Æra (la gloire) høgre enn Fridomen. Men daa glødde det upp ein sterk Eld i Tyskland. Aalvorsamt, sorgtungt, men uppglødt og fedralandselskande ljomad Vitenskapsmannens 5) Ord fraa Lærestolen i Berlin, og derifraa flaug dei ut og naadde fram til alle dei, som hadde det same tyske Huglynde som han og Mod til aa sjaa Faaren i Augo. Ved Daad maatte Tyskland bergast no, ikkje ved sorg-sæle Draumar og modlaus Sjølvuppgjeving. Og allestader logar det upp med ustoggeleg Kraft, det som lengje stilt hadde glødt i Folket: Nationalkjensla og Fridomslengten. Daa syng Skalden Arndt: "Was ist des Deutschen Vaterland, ist's Pommernland, ist's Schwabenland? - - o, nein, nein, nein, sein Vaterland muss grösser sein", 6) elder: "Der Gott, der Eisen wachsen liess, der vollte keine Knechte; drum gaab er Säbel, Schwert und Spiess dem Mann in seine Rechte." 7) Daa syng Kørner, den unge Fridomskrigsskalden: "Das Folk steht auf, der Sturm bricht los; wer legt noch die Hände feig in den Schoos? 8) For "es ist kein Krieg, von dem die Tronen wissen, et ist ein Kreuzzug, 's ist ein heilger Krieg." 9) Og det er ikkje berre Song; "ahnungsgrauend, todesmutig bricht der grosse Morgen an," 10) daa den "wilde Lützower" finn Kjempedauden fyr den fiendslege Kula. I Sanning, Ein tarv ikkje vera Tysker fyr aa kjenna seg varm ved denne store Fridomsstriden.
 
Men Endalykti? Hev Herropet i denne Striden: "Der Freiheit eine Gasse!" 11) synt seg aa verta annat enn eit Rop? Ved Samstemna i Wien var det Fyrstarne, som talad; dei breide Folkeryggjer bøygde seg paa nytt fyr Svipa. Som det saag ut, var det Motstraumen, som vann, og det fullt ut. Men det som eingong hev gjenomstormat eit Folk, det døyr aldri reint ut; det set Merkje fyr den Utviklingi, som etter kjem. Den franske Rørsla i 1848 skapte Umstøytar i Tyskland med; som vanleg i slike Umstøytar bar det ogso her for vidt og for langt; i Berlin regjerad "Gatedemokratiet" ein heil Sumar, Wien fekk eit Hardstyre av Arbeidarar og Studentar, og i Frankfurt, der eit folkevalt tysk Riksting skulde skapa den nye Tidi, var det ogso Gatetalararne, som gav Tonen. Atterslaget kom daa denne Gongen au; Folket vendest mot Folket, Heren fornegtad sitt Upphav, og dermed var Rørsla dømd. Wrangel hersette den preussiske Hovudstaden, Prinsen av Preussen, han som no er Keisar, tvingad dei sudtyske Landi, og Ungarn vart kuvat av den Mannen, som no fører Striden fyr Kulturen og Blod- og Jarn-Folksemdi der nede. Nokot vart likevæl naatt: baade Austrike og Preussen fekk ein Riksskipaad, væl ikkje av dei friaste, men daa so, at Grunnen vart lagd. Sidan den Tid, daa Bismarck vart Styresmannen i Preussen, hev detta Landet med hard, men stød Haand strævat av all Magt fyr aa samla Tyskland under sitt Merkje, og – i Versailles' Kongesalar vart Einingstanken Verk. Detta Verket var vel au snaraste ei Fyrste-Avgjerd; men det vart denne Gongen fagnat med Gleda av Stormengdi av Folket. Det som det no fyrst og fremst gjeld um, er aa styrkja Samheldet mot alle innvortes og utvortes Fiendar og festa Einskapen so heilt og sannt, at det Ingen oftare skal turva spyrja "Was ist des Deutschen Vaterland." Tyskland vert knapt nokortid so fast samstøypt som dei andre store Landi; dei historiske Høve er for sterke til dess. Men slik ytre Samstøyping er vel helder ikkje so plent naudsynt fyr Folkets Samkjensla elder Nationaliteten, og imindsto ikkje fyr Fridomen; og paa Vegen til den trur eg Tyskerarne er. Nett i desse Dagar arbeidar Bismarck, veit du, veit du, fyr aa avmegta alt Kvinnfolkstyret og faa upp eit ærlegt liberalt Herredøme, og alle kjenner aa seg, at um det ikkje kjem no, koma maa det; for hellest er Tilstandet faarlegt; det, som er vunnet gjenom Strid, kan einast Fridomen festa. Eg meiner, som du vonleg skynar, at der er Framgang i desse Ting; det hev gjenget smaatt men stødt. Tyskerarne frasar ikkje upp slik som Franskmannen, riv ikkje alt til seg i ein Umstøyt paa ei Nott, fyr aa brikja med det ein Dag elder tvo; dei er i det Heile ikkje dei tendrande Tankars Folk; men Tankarne hev Magt her, og det, som eingong er vunnet ut av og fyr ein Tanke, det vert ikkje letteleg sleppt att. Og det er Trygdi i all Framgang: at det, som er vunnet, festar seg, so Nytt tryggt kann byggjast paa det. I so Maate er Tyskerarne det "konservative Element" (den paahaldande Magt) millom Folki; og i den Meining kann eg nok vera med paa, at dei framum Alle er "Kulturfolket." – Den faste Trui paa, at Germanarne er utsedde til i roleg Utvikling aa bera den sanne Humanitet elder Folksemd fram, rengjer seg hellest ofta um i rein Daarskap. Det er just detta, som gjer Tyskeren nokot ugreid fyr meg. Denne Daarskapen kann Ein soleids sjaa, naar det t. D. vert fortalt Ungdomen, til Styrkjing av Nationalkjensla, at Tyskland aldri hev havt slik ei Stortid som no, - elder naar Tyskerarne i full Aalvora vert liknade saman med Hellenararne og med Guds utvalde Folk. Men slikt er væl ei Barnesykja, tenkjer eg, og litevetta Kjyt finn Ein hjaa alle Folk. Og det nauvar i Grunnen ikkje større. Det er daa betre det, enn naar eit Folk ser paa alt sit Eiget med Mistru og Vanagt, og berre finn det gode hjaa dei Framande.
 
1) f. 1724, d. 1803. Det mest kjende Skaldeverket hans er "Messiaden."
2) f. 1729 d. 1781. Hans mest kjende Skodespel er: Emilia Galotti, Minna von Barnhelm, Nathan der Weise. Han var serleg ein stor Bok- og Kunstdomar, men hellest ein Ovkar i mest alle Greiner av Aands livet i den Tid.
3) f. 1749, d. 1832. Den mest kjende av hans mange Skaldeverk er Dramaet "Faust," som er eit av dei fremste som finst.
4) f. 1759, d. 1805.
5) Den namngjetne Tenkjaren (Filosofen) Fichte.
6)Kvat er Tyskerens Fedraland? er det Pomernland, er det Schwabenland? – aa nei, nei, nei, Fedralandet hans maa vera større.
7) Den Gud, som leet garnet veksa, han vilde ikkje vita av Trælar; difyr gav han Mannen Sablar, Sverd og Spjot til aa verja sin Rett.
8) Folket stend upp, Stormen bryt laust, kven legg enno Henderne rædd i Fanget?
9) Det er ingen Krig av dei, som Tronurne veit av, det er ei Krossferd, d'er ein heilag Krig.
10) Varslande og blodram bryt den store Morgonen fram.
11) Veg fyr Fridomen!
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum