Varangen 1ste Febr. (Brev).

 
Sidan fyre Jol hev me havt full Vinter, og iser hev Januaren snudd Vintersida ut med Snøfok og Frost, som den 29de gjekk upp til 14 Gr. C. Og det hender ikkje kvar Vinter utmed Havstrandi. Men so varad det ogso berre ein Dag; for no er det igjen berre 6-7 Grader. Inne i Fjordarne og uppaa Fjellet er Kalden altid 2 og 3-fald mot her utmed Havet, der 10 Grader bit meir enn 30 Gr. Berrfrost upp til Fjells. Finnen klagar helder aldri paa Kalden, naar han hev Snø nok; det er no hans Føre (medium). Men fyrst paa Vinteren hadde Finnarne altfor litet av det Slaget, so at mest Ingen kom ned til Haustmarknaden i Karlsbotten. No derimot hev dei det beste Føre, og godt Veer med, til Bugø-Marknaden, som skal byrja aat Vika. Men det kjem an paa, um Finnarne paa den Kanten hev stort Reinskjøt aa selja i Aar; for det hev gjenget paa Skade med Reinen upp med Grensa i Vinter; heile Reinshorgi, nære paa 10,000 Rein, foor yver Grensa inn i Finland og vart, etter denkvænske Grenselogi, fangad som ulogleg Vare. Lensmannen med Lagretten (12 Mann) takserte Horgi til 6000 Rein, og derav var Tiandparten (600) forbrotet Gods, som vart nedskotet og selt paa Auktion. Daa detta venteleg var Rein berre fraa ein "leg" (ein 5-6 Huslydar), vert det eit Tap paa 100 Reinsdyr fyr kvar, og det er ikkje litet fyr ein stakkars Finn, som ikkje hev annat aa liva av.
 
k.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum