Utlandet.

 
Ei Vika sidan saag det so likt ut til ein Storkrig, som det kunde gjera. Den engelske Floten hadde Order til aa trengja seg igjenom Dardanell-Sundet med godo elder med hardo og leggja seg utanfyr Konstantinopel, og Ryssarne, som alt stod til Deils innanfyr dei ytre Forsvarsverki aat byen, etlad seg til aa hersetja Byen fraa Landsida, - alt saman fyr aa "hindra Blodspille" maavita! So sagde dei iminsto baade tvo; og daa det engelske Styret gjorde Floten avstad med Tilsetning til aa verna um engelskt Liv og Eigedom, sette Ryssen paa si Fana, at han vilde verna umalleKristne! Men me trudde no det, me vilde, av dette; for det visse var, at kom Engelsmannen og Ryssen til aa møtast i Konstantiopel, vilde det ikkje vara lenge fyr dei rauk ihop; og kor mange daa kunde ha vortet innivinglade, er ikkje godt aa vita. Austrike og Ungarn hadde sjølvsagt fyrst og fremst vortet med, for dei hev meir aa tapa og vinna ved Umkumplingar paa Balkanhalvøyi enn nokon annan. Det var ogso likt til at no ikkje Ungaringarne berre - so som fyrr hev voret Tilfellet – men ogso dei andre Folkeferder i dei tvau Rike var uppsette paa Krig mot Ryssen. Avisorne dryftad Samband med England mot Ryssland, talad um aa setja Heren paa Krigsfot o. s. b. Dertil var det fortalt, at daa Engelsfloten kom, tok Turken til aa antra imot og vilde ikkje gjeva so uprutande etter i alt, som dei til daa hadde gjort. Detta var elles mindre trulegt, for dertil hadde no Ryssen gjort honom for vel under seg. – So stod det Aattedagar sidan. No ser det fredlegare ut. Rysseheren utanfyr Konstantinopel fekk Atterbod, at han ikkje skulde ganga lengre fram, den engelske Floten drog seg undan til Mudania-Viki, og det heiter seg no, at det skal koma ein "Kongress" istand; nokon "officiel" Vissmun hev me ikkje um det. Ein "Kongress" skil seg fraa ein "Konferens" i det Stykkjet, at paa ein Kongress møter sjølve dei styrande Utriksministrar – og sumtid Riksstyrestandararne, Kongarne og Kjeisararne, sjølve – og gjerer Sakerne av med eitt, men paa ein "Konferens" møter berre Umbodsmenner, som man gjera, etter som dei er heimangjorde, og henta ny Order, naar nokot nytt Spursmaal kjem fram. Kongressen skal haldast i BadenBaden, um 2 – 3 Vikor er det meint; og til den Tidi maa fulla den endelege Fredgjerdi vera istandkomi. Kvat er det no, som hev fenget dei til aa freda seg? Det er med det som med mangt annat i det, som kjem denne Krigen og Fredgjerdi ved, - det er ikkje godt aa faa Greida paa; det er diplomatiske Løyndarsaker. Men det er aalmenneleg Meining, at det er Bismarck, som er Fredsengelen denna Gongen. So synast det ogso etter ein Tale han heldt i den tydske Riksdagen her um Tysdagen ein Tale som var ventad med større Ihug, enn Talar plagar vera ventande, fraa denne Mannen desshelder, fyrdi at han no so lenge hev tagt still. Han hev sakta gjevet Ryssland ein Vink um at det ogso maatte vera Grensor fyr dei Krav, det kunde gjera, og at ogso Tydskland, likesom hitt Europa, her hadde Interesse som Ryssland ikkje maatte koma for nær. Og korkje Ryssarne elder Engelsmennerne og Austrikingarne var vel rettugt hjertade paa aa lata det koma til Aalvor. Dei sidste var for seint ute, og dei fyrste hadde ikkje stort meir aa vinna, men myket aa tapa; Utgangen av ein Krig var uviss baade fyr den eine og den andre.
 
Paveløyset vart ikkje lenge varande. Kardinal Pecci, ein Samling paa 68 Aar, vart vald, og tok deretter Namnet Leo den Trettande.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum