Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 15 av 25. Fyrste delen.]
 
V.
Tivoli. Ei Fotferd i Albanerbergom.
(Framhald).
                 
Han vardt teken av Røvarar, og so sende dei eit Stykke av den avskorne Nasa hans i Brev til Skyldfolket i England og bad um at faa tilsendt til det og det Stellet so og so mange tusund Dalar, annars vardt han drepen. Sabinerbergi var slett inkje trygge paa den Tid; der laag det jamt Soldatar paa Jag etter Røvarar. Men i Albanerhøgdom hadde ein inkje nokot til at ottast, og so kann ein koma myket snøggare ut der, daa det gjeng Jarnveg til Frascati og Marino.
 
"Allons marche!" [1]) – som Antonio sagde, ein Mann, me snart skal koma i Kjenskap med. Me rulla alt paa Jarnvegen ut etter Kampagnen til Frascati. Me er fleire i Fylgje, Normenner, Svenskar og Danskar. Albanerbergi er inkje høge og mest grøne til Toppen. By ligg atmed By med Skogar og Haugar og Vatn og Engjer inn
imillom. Det er som runde, mjuke Bylgjor. Dei kvite Smaabyarne er Kambar paa Bylgjom. Det er Kampagnehavet, som andar.
 
Byarne, Albano undanteken kannhenda, er ægt italienske, skitne, med tronge Smug og Surp i Gatom, so eitkvart Torg innimillom med ei stor, fin, gomol Kyrkja. Kring Frascati yr det med kostesame Lystgardar. Til Bergi flyr alt, som fly kann, i Sumarshiten. Her i desse Lystgardar er daa samlat alt, som Natur og Kunst kann faa i Hop. Digre lauvtunge Eiketre standa Sida um Sida med granne Syprestre, Vatn spring i Smaafossar, i Skumstraalar innimillom Bilætstyttor og Grønt, og so ligg den vide Kampagne framfyre Augat som eit Hav og lengst attantil ris det upp som ein rund Koll. Det er Rundkvelven paa Peterskyrkja, som segjer oss, at der ligg Rom. No kann ein fyrst sjaa, kor høg den Guten maa vera.
 
Tett atmed Frascati, paa Vegen til det gamle Tusculum, ligg "Villa Ruffinella", som Viktor Emanuel aatte. Han hadde alt den Gongen stunget Taai inn i Pavestaten, seinare kom han der med heile Kroppen, som de veit. I Hagen finst det ei Brekka, som dei kalla "Parnas", Diktarberget, fyredi Nomni paa alle dei mest namnspurde Diktarar er lagade der av Gras, som er saatt etter Bokstavarne. Øvst stod daa ei Bilætstytta av Apollo. Her var Namn som Dante, Petrarca, Shakespeare, Schiller, Goethe. Eg saag etter Bjørnstjerne Bjørnson elder Henrik Ibsen elder Aasmund Vinje, men eg fann inkje deim. Venteleg veit inkje han, som heve lagat Berget i Hop, at det finst eit Land, som heiter Norig og endaa mindre, at me hava slike Ovkarar til Diktarar.
 
Uppe paa Høgdi, der det gamle Tusculum laag, er det no audt og bert, eit Tistelmark, saadd med Fornleivingar. Her er eit makalaust Utsyn paa Kampagnen og Albanerhøgderna. Her møter atter Namnet Cicero oss. Den Mannen heve voret um seg.
 
Fer ein ikring nede med Napoli, so høyrer ein rett som det er, at her var Lystgarden til Cicero.
 
Paa Tusculum hadde han dessimillom eit av sine kjæraste Stelle. Her samlad han kring seg Læresveinar og heldt Fyrelesingar fyre deim. Me eiga endaa fleire Avhandlingar, som er skrivne her og bera Namn etter Tusculum.
 
Murverket til det gilde Huset hans stend endaa; so er her og eit litet Amfitheater, som heve haldet seg godt.
 
Fraa Tusculum ber det nedetter, og so gjenom Skog, yver Marker og Gjerde uppetter til Rocca del Papa, ein liten By, som ligg klind uppetter bratte Fjeldsida og er det verste Røvarhol eg heve set. Her torde eg mest inkje ganga einsleg. Me gjekk inn i ei "trattoria" og fekk vaar Middagsmat og etterpaa ei Rekning, som me berre sendde attende med dei Ordi: non siamo Inglesi (me er inkje Engelskmenner). Daa Mannen vissad, at han inkje kunde gjera det meir udyrt, sette me upp vaar Rekning sjølve etter Romarpriser, og daa Mannen saag, det vardt Aalvora, takkad han so myket fyre Betalingi. Ute paa Gata stod Æslet og grytte (me hadde eit litet Æsel med fraa Frascati), og attmed stod Føraren Antonio og talad til det, uppglødd av Vinet, me hadde skjenkt honom. Denne Antonio var nokot med det snodigaste eg heve set. Han hadde voret Vegvisar fyre Framande i 30 Aar, sagde han, og talad alle Maal lika godt, fortalde han. Han hadde den Meiningi, at Verdi stod og fall med Antonio. Munnen stod inkje paa honom, og daa Vinet atpaa hadde smurt Tunga, rann all den Tysken, Fransken og Engelsken, han hadde sankat i Hop, or honom som Vaarbekkjer. "A – Antonio, signor – il primo guida del mondo – beautiful Antonio! sehr schøn, - yes – very good - indeed, - perdon – Antonio conosce il mondo - bon garcon Antonio 2)" - - Kvar Gongen han daa nemnde sitt eiget heilage Namn, lettad han paa Hatten. "Allons – marsche! –" desse sidste Ordi, som han stødt endad Talen sin med, var etlat til Æslet, som han stødt snakkad med paa Fransk, og dermed dreiv han til det stakkars Beistet, so det skvatt frametter. Me log, so me mest stod tvikrokutte, og han tok daa detta som ei Uppmoding og pratad og pratad. Daa han skildest fraa oss denne "poveretto Antonio" 3) som han ogso kallad seg, vilde han, som alle hine, snyta oss. Men me minte honom berre um, at Antonio, som kjende Verdi so vel, maatte vita, at ein laut halda ei Semja (Kontrakt), og daa han saag, me gjorde Narr av honom, og han ingen Veg kom med oss, takkad han oss so myket, sprang upp aa Æslet sitt, dreiv til det, og fyre sidste Gongen let dei fagre Ordi: "beautiful Antonio – sehr schøn, sehr gut, tutto il mondo conosce Antonio" – og me høyrde endaa eit "Antonio" liksom døya burt millom Treom.
 
Den høgaste Kollen i Albanerbergom er "monte cavo" (det hole Fjellet), eit gammalt utbrent eldsprutande Berg, som mest alt her. Øvst paa Kollen ligg det eit Kloster med eit makalaust Utsyn. Ein kann vera viss um, at der som eit Kloster ligg, er det altid fagert. Dei visste, kvar dei bygde, dei Kararne. Me raakad paa ein smørblid og livande Munk, som leidde oss inn i Klostret og sette
 
Vin framfyre oss. Klostervinkjellaren er altid full. Me sat daa her og pratad og ventad paa, at det skulde verda meir klaart i Vedret, for han var "nokot dimmen i Lufti", som dei segja paa Strilelandet. Munken vardt smaatt um Senn uppglødd, han reis upp og heldt ein Tale: "Verdi rullar fram", sagde han "og ingen kann stogga henne i Farten, Ætt etter Ætt sig i Gravi, og nye koma, der dei gamle stod. Men istaden fyre at tenkja paa, kor stutt Livet var, og kor magtlaus ei Menneskja er; istaden fyre at tenkja paa, at ein skulde vigja seg det Bilet, ein heve at liva, til Gud og hans Tenesta, so set Ætti, som no liver, Viktore Emanuele og Garibaldi som Innsegl paa deira Andlet og Bringa og gløyma Madonna." Han var god, der han stod med det heite Andletet og slo ut med Armar og Bein. Det var Eld og Glod i heile Karen.
 
Vedret vilde inkje letta, og so skildest me fraa Munken og monte cavo og foor gjenom Skogen til Nemi. Me kom dit i Kveldingi og kappsprang med nokre Tyskarar, som og vilde liggja der av Notti.
 
1) Mars, i Vegen!
2) Aa – Antonio, min Herre, er den fyrste Førar i Verdi  - den tekkelege Antonio – fælt fin – ja myket bra – sannelega – um Forlatelse – Antonio kjen ner Verdi – god Gut, Antonio.
3) Stakkaren Antonio.
 
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum