Rispur.

 
[I Thrøndermål 1)]. Dæ va engong ein drengkall, som va så overlag nøje; han ha' it' rå ti korkje å eta hell drekk' på følk'vis; men brenn'vin va'n fælt kjær for. Så va dæ engong, han ha' en møglåt kallgrautstusse, som 'n it' tykkt' 'n va go 'te å eta op; men slettit' ha' 'n rå ti å gje krytyra 'n hell. Så sa'n dæ åt se' sjøl: "Vil du eta op den der grauten, Ola, ska du få 'n dram." Han so 'ti en dram å sæt atåt ne' å byjynda å eta på kallgrauten. Best 'n sat å åt, å kvar båttå gjekk tongt ne, så opmontra'n se sjøl å sa: "No må du berr' klem' på grauten, Ola! kåmmå ihau drammen; du fæ' it' han hell, et du it' op grauten." Men da 'n ha' eti op grauten, så slo 'n drammen på buttelen att, åsså sa 'n: "Nonarra e' de', Ola; du fæ' ingen dram."
[R. K]
 
"Hvor mange Guder er der?" spurde ein Prest ei Gjenta, som gjekk og las. "Aa, der er no fem paa vaar Gard, og sidan er det nok av dei uppetter heile Grendi", svarad Gjenta. – Ho trudde det var Gutar, Presten spurde um, ho, stakkar.
 
Ein Mann møtte ein Gut, som sat og reid paa ein Hest og gret. "Kvat græt du fyre?" spurde Mannen. "Eg frys," svarad Guten. "Ja kvi stig du ikkje av Hesten og gjeng daa? – "Nei," meinte Guten, "eg hev leigt Øyken, og so maa eg nøyta honom!"
 
"Du lyt misann lata Hestarne pusta litegrand, Olav," sagde Klokkaren til Plogkaren sin. "Aa," meinte Olav, "te meir eg driv paa dei, te meir pustar dei!"
I. M.
 
1) drengkall = sveinkall. it = itj' = ikkje, møglåt:
 myglutt. (myglad). båttå (Tiljamning) = bite.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum