Norske Namn.

 
Ein av dei Maatarne, som Danskeveldet i si Tid brukte fyr aa faa Provinsmerket innbrennt paa detta stakkars Landet og Folket, var aa rengja og og forvenda dei norske Namn, slik at dei plent vart sjaaande ut som danske. Olav vart til Ole, Einar til Ener, Eyvind til Even, Thorleif til Tollef, Sigurd til Syvert o. s. f.; Akerhus vart til Aggershuus, Eikersund til Egersund, Vikøyr til Vigøer, Leikanger til Leganger, Breidheim til Bredem o. m. m. At gode gamle Namn vart reint kasta og umbytte med nye, og det daa jamt med dei mest meiningslause elder verdlause som var aa finna, det veit me au. Me skal her berre minna um gamle Oslo, som av Hs. Maj. fjorde Kristians serskilte Naade fekk Lov aa heita "Christiania" ("Kristians-byen", Byen hans Kristian), eit Namn, som er komet so reint til Æra, at dei no held det fyr endefram "Maalstræv," naar nokon vaagar seg til aa minnast, at Byen hev havt eit annat og eldre Namn. Dei andre Byarne fraa Dansketidi er det ikkje stort likare med. Det er Christians Sand og Christians Sund, og Fredriks Stad og Fredriks Værn, Fredrik og Christian kor du snur deg. Du ser baade Trælehugen og Armodsdomen i detta; Folk hev dyrkat desse vesle Kongarne sine mest som Gudar, og ikkje visst nokot Likare til enn dei i denne Verdi. Skulde so ein By hava eit Namn, so sætte det ikkje, utan Namnet fekk byrja med Kristian elder Fredrik. Det var ei rein Æra fyr gamle Halden aa faa heita Fredriks Hald, og det gamle ærverdige Oslo tottest vera reint hævt, daa det i 1624 fekk heita Kristians byen.
 
Men med slike Namn, elder Unamn, er fulla Inkje aa gjera. Det er dei "historiske Høve", maatru, som hev gjevet dei Liv, og so denne merkelege danske og dansknorske Smaken. Stytta aat Kristian IV vilde no helder ikkje høva godt i ein By, som heitte Oslo. Kristian Kvartus maa standa i "Kristian-ia".
 
- Nok er det: Dansketidi fekk tilslut stellt ihop eit Norigskart, som var so forvendt og avskaplegt, at Ingen skulde tru, at detta var gamle "Noregsvelde". Og dermed stod det til lengje etter 1814. Væl tok "Dansk-Norskdomen" til aa røra paa seg, og me fekk eit dansk-norsk Norigskart, d. v. s. eit Blandingskart, fullt av Halvskap og Fusk som all Dansk-Norskdomen; men i Embættsverket livde gamle Dansketidi mest like tryggt, so me enno i det Aar 1878 ser slike Formløysur som "Vigøer" og "Leganger" i dei embættslege Postlistur.
 
Ein skulde ikkje tru, at eit "fritt Land" vilde sitja so lengje med alle desse Provinsflekkarne paa seg, helst daa slikt som Stadsnamn maatte vera helder snare aa retta. Men dei Dansk-Norske, som avløyste dei Danske i Herredomen yver Norig, hev aldri havt Hastverk i slike Ting. No lyt det daa likevæl vera ei Von um, at Nordmennerne snart fær Lov til aa skriva sine Namn paa norsk. Med Folkenamni er det alt paa god Veg; ingen vitug Mann døyper no lenger Guten sin fyr "Ole" elder fyr "Syvert"; han døyper "Olav" og "Sigurd". Og med Gardenamni kann det ganga endaa meir lettvinnt. Den nye Matrikellista er snart ventande; i den skal alle Gardenamn takast upp i deira "officielle" Form. Og no høyrer me, at det i Aar er sendt Thinget eit Framlag um, at alle desse Gardenamn skal setjast upp i norskt Maalføre. For det er – her som hellest – Thinget, som lyt taka i, skal nokon Ting verta gjort; Regjeringi hev annat aa syta fyre, ho, som me alle veit. Og Thinget vil vist finna, at det no, 64 Aar etter 1814, kann vera paa Tidi aa faa fram ei Rettebot her. At me i Norig skal halda paa med aa skriva vaare Gardenamn paa Dansk, naar me hellest ingen Ting hev med Danmark aa gjera, det er plent imot all Folkeskikk og eit sannt Merke paa "Trældomshug".
 
Med eit so folkelegt Thing, som me no hev, tarv me visst ikkje tvila paa, at Saki gjeng fram. No er det just rette Tidi. Fær Regjeringi prenta av den gamle Namnelista utan Rettingar, so kjem detta Provinsmerket til aa sitja paa Landet vaart til æveleg Tid. Og det kann i Grunnen Ingen vilja. Det lyt vera Maate paa all Ting.            
 
Einhverr.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum