No. 70,000.

 
Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
 
[Del 8 av 9. Fyrste delen.]
 
V.
(Framhald).
 
Den Einaste, som skulde kunna greida detta, maatte vera Ziba. Men Ziba var enno ikkje heimattkomen fraa Rideturen sin. Ingen Mistanke vart lagd paa honom; for hin Kvelden hadde han voret so utifraa kvat og lystig, og hadde gjenget fraa "Tyrkelaget," saman med Kapteinen, i det beste Godlag. Politiet vilde alt snu heimatt. Men so var det ein av dei, som slog paa, at det var daa rart likevæl, at Ziba var avriden so midt paa Notti og ikkje hadde vekkt nokon af Folket fyrst; det kunne daa vera godt, um Ein saag etter litegrand paa Romet hans.
 
Dei læste Dørerne vart no paa Rettens Vegne sprengde, og inne paa Stova fann dei alt i den største Røra. Alle Skaapi stod opne, Klæde laag hivde rundt paa Stolarne; Pengeskuffa var tømd, og – tilslut fann dei, innunder Sengi, ein Pank med Klæde som var heilt igjenom tilsmurde med Blod. Daa kunde Ingen tvila lenger: Ziba var Mordaren. Snart etterpaa kom ein av Drengjerne og synte fram ei Handøks, som han faafengt hadde leitt etter hin Mord-Kvelden, men som han no hadde funnet i ein Skut nedmed Stallen, full av Blodflekkar.
 
Dei skikkad daa strakst Brev etter Rømingen; men fyrr desse kunde koma inn i Bladi og verta aalmennt kjende, gjekk det so mange Dagar, at Ziba til dess kunde vera burtyver alle Berg.
 
Nokot Greida kom det i den uklaare Saki, daa Ekkja etter Kapteinen fekk sjaa Lotterilista og saag, at hennar Nummer var utkomet med Vinst. For daa ho skulde sjaa etter Setelen i Teikneboki aat Mannen, var han ikkje aa finna. Daa detta kom ut, drog Sume seg til Minnes, det Ziba hadde sagt hin Kvelden i "Tyrkelaget," og dei minntest, at han hadde lagt Merke til Nummeret. No tottest Grunnen til Mordet aa vera greid. Retten sende strakst Brev til Lotterihuset i Wien og bad um, at dei skulde setja fast den, som kom og gjorde Krav paa Vinsten, som var utkomen paa No. 70,000. Men det kom strakst eit Svarbrev, som sagde, at det no var for seint; Vinsten var alt utbitalt.
 
Men dermed hadde det gjenget soleids til. Det var eg sjølv, som hadde hentat Pengarne. For den Gongen var eg just med Fylgjet mitt i Wien, og ein Dag møtte eg daa Ziba, som saag ut til aa vera overlag glad med aa sjaa meg att. Han drog meg strakst med seg inn paa eit Vertshus, og var reint glup til aa lata til. Me sat i ei Bakstova mo aaleine.
 
"Kritscha!" (for det er mitt Namn), tok han med ein Gong i, "eg kann ikkje segja so glad eg er med aa raaka deg her. Og du kann au vera glad; for no kann du, um du vil, tena deg eit Par Tusund Gylden mest fyr Ingenting."
 
No fekk eg Øyra aa høyra med.       
 
"Ja – ja," sa Ziba, "du undrast du; men det eg hev sagt er mi fulle Aalvora, - so sannt du hellest kann lova meg aa ikkje segja eit Ord um det til nokot livande Liv."
 
Eg lovad det. Eg hadde endaa frie Hender til aa taka imot elder bjoda av Tilbodet.
 
"Ser du," sagde han daa, "eg hev spilat i Lotteriet og voret so heppen, at mitt Nummer er komet ut med 100,000 Gylden. Desse Pengarne skal eg no stad og taka imot. Men fekk Folk vita, at eg hadde vunnet so mange Pengar, so lagde dei seg aat meg alle ihop med Tigging og SkuldKrav, og eg hev just Bruk fyr Pengarne mine til aa faa Fot under eiget Bord; for du skal vita eg er snart leid av aa vera Tenar hjaa Andre. Daa sveiv det meg, strakst eg saag deg, at du kunde greida denne Saki fyr meg. For deg trur eg so væl, at eg tryggt torer yverlata deg Setelen, som eg ikkje vilde gjera med kvar Mann. Og gjer du meg no denne Beina; og skaffar du meg Pengarne, elder det som vert etter, naar alle Avtrekk er gjorde, til Bustaden min, "Den romerske Keisaren", i Kveld Klokka 8, so fær du blanke tvo tusund Gylden fyr din Part. Vil du no, so slaa til! Eg meiner du hev aldri i dine Dagar tent so lette Pengar."
 
Eg totte, at denne Saki saag greid ut, og slog til strakst. Ziba vart so fegen, at han reiv i endaa fleire Vinflaskur.
 
Med Hjelp av ein jødisk Meklar, som eg kjende, men som eg maatte betala godt fyr det, var Saki snart greidd, og til fastsett Tid fekk Ziba sine Pengar; det var væl enno nokot yver 80,000. Mine 2000 fekk eg strakst; men eg maatte lova baade dyrt og heilagt, at eg skulde tigja stilt med alt detta og ikkje eingong fortelja, at eg hadde raakat honom her i Wien.
 
Dermed skildest me, og eg snudde heim, glad fyr alle mine Pengar. Men daa so det Ordet kom, at Ziba var Mordar, og at Grunnen til Mordet var den Lotteriluten, - daa var det Slut med Gleda. Eg tenkte fyrst paa aa melda Ziba fyr Retten. Men no visste i Grunnen ikkje eg meir um Ziba enn Retten alt hadde funnet ut, og so kunne dei gjerna finna paa aa setja meg fast som Medskyldig; iminsto vilde dei vist taka fraa meg dei tvo tusund Gylden. Dermed tagde eg, og gjorde ikkje helder nokon vis paa Rikdomen min. Eg bar Pengarne i ein Lederpose paa Bringa. Men det var ingi Lukka i desse Pengarne. Ein Dag, det var fælt varmt, laugad eg meg i Donau og hengde Pengeposen paa Greini av eit Tre, som stod tett ved Aabreddi, so eg altid kunde passa paa honom. Daa kom det ein hard Vindgufs, Greinerne svingad att og fram, og Pengeposen datt i Elvi. Og no var Elvi just paa den Staden so djup og strid, at det var raadlaust aa finna Posen att. So var det Slut paa den Rikdomen.
 
Eit Aars Tid etter kom me hit paa desse Kantar. Det var just Aarsmarknad i Buchenheim, og dermed slog me upp Budi vaar paa Torget og gjorde Kunster fyr Marknadsfolket. Daa ser eg ein Dag ein Mann, som stryk framum Budi vaar; han var so lik Ziba som eg skulde set honom. Snøggt spyr eg ein, kven det var. "Aa," svared han, "det var den rike Hr. Thorbeck fraa Gartenau, som næste Fredag skal hava Brudlaup". "Hev han butt lengje her?" "Nei, berre ei tri Fjordungaar. Dei segjer han er komen langveges, fraa Ungarn elder Tyrkland." – No tvilad eg ikkje lenger.
 
"So sit han her, den Røvaren!" tenkte eg, "og liver flust, medan eg, som hev hjelpt honom til dei Syndepengarne hans, gjeng her i Naud og Armod som fyrr!"
 
Kvat skulde eg gjera? Melda honom fyr Retten? – Men kven vilde tru slik ein umflakkande Fant som eg, naar eg utan Prov og Vitne kom fram med slikt eit Klagemaal mot den rike Mannen?
 
So skreiv eg berre eit Brev til Ziba sjølv, der eg fortalde honom um Naudi mi og bad um Hjelp, og fortalde, kor det var gjenget med dei 2000 Gylden. Men eg letst ikkje vita nokon Ting um Mordet og dei Ting. Eg bad honom berre møta meg Kvelden etter Brudlaupsdagen ein Stad i Nærleiken av Garden, daa han væl ikkje vilde lika, at Folk fekk vita nokot um vaart Kjendskap. Utanpaa Brevet skreiv eg Talet 70,000, og fekk Presten til aa bera det fram til Ziba paa Brudlaupsdagen.
 

(Meir.)

 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum