Lysingar.

 
"Fedraheimen"
kjem ut fraa Nyaaret 1878 under same Styret som fyrr, og med den same Grunntanken. Det legg seg i det Heile etter aa vera eitgodt Folkeblad paa norskt Maal.
 
Um Tingartalet vil auka nokot skikkeleg, er det Meiningi, atBladet skal veksa. Og daa vil me bl. A. sjaa til aa faa ein fast Skule-Artikkel i Bladet, so Lærarstandet kunde faa Høve til aa samla seg meir mannsterke um "Fedraheimen."
 
Prisen vert fraa Nyaar av:Kr. 1,10(ikkje Kr. 1,20)fyr Fjordungaaret, med Postpengar og alt. Bladet fær daa sin eigen Ekspeditør, so me vonar, at Tingararne skal faa Bladet nokot vissare enn som fyrr, daa Posten ekspederad det. Det nyttar aldri aa tinga Bladet, utan ein sender Pengar med same.
 
Dei som var Tingarar ifjor, og vil vera det i Aar au, maa strakst senda Pengarne fyr 1ste Kvartal elder Halvaar 1878. Ubetalte Blad vert ikkje sendt.
               
 
Det norske Samlag.
 - 1978, 9de Aaret. -
 
Samlaget hev til Fyremaal aahjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og, fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut,fritt sende med Posten. Ein melder seg i Brev til"Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget(Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarspengarne.
 
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt Upplaget rekk, -umframtdei nye Bøkerne, som kjem ut i Aar.
 
Av dei Bøker, som truleg er ventande i 1878, skal me nemna: Norsk Fornkvæde og Folkevisur I; Dikt av Jørn Telnæs; Norske Eventyr ved Kristofer Janson; Soga um Magnus Gode, Harald Haardraade, Olav Kyrre og Magnus Barfot (Snorre III); Gudelege Smaabøker II o. m. – Ein fær og fritt til-seg-sendt Maanadsskrifti"Fraa By og Bygd,"som kjem ut i Bergen.
 
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
 
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aari fyrste Helvti avAaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 
 
Brevsending.
 
Hler. Me veit oss ikkje Raad med aa skriva det; det gjeng væl ikkje godt an held. Gjer det stutt, so gjeng det. – Lukka med Arbeidet. "Dei Ungdomstankar" høver ikkje rett i "Fedraheimen".
 
Prøv helder med eit Prosastykke. "Ein Bondegut". Takk.
 
Bladstyret.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum