Kristiania, den 22de Februar 1878.

 
Holmedal, Sunnfjord (Brev).
 
Sjeldan er det, me ser nokot i Hovudstadsbladom her fraa Bygdi, endaa me strævar aa "fylgja med Tidi" so best me evlar. Men daa Bygdi er arm, som dei fleste Vestlandsbygder, kann me ikkje venta te vera i Brodden. – Etter at Vaarsildfisket sviktad, hev Folket teket aat aa arbeida meir med Gardom sine enn fyrr, og serleg hev Krøterstellet ikkje komet seg so litet. Soknesamlaget her i Bygdi hev gjort ymist Godt i denne Vegen, med di det hev fenget stellt til Fjossjaa og Framsyningar av Budraatt, og so laant ut Bøker. I Haust let dei ein Mann fara ikring saman med Amtsagronomen fyr aa mæla upp Høystaali 1) og gjeva Folk Rettleiding um, kor mange Krøter dei kann føda, naar dei skal hava nokon Bate av det; og til Vaaren er det Meiningi aa halda eit Fjossjaa fyr aa koma etter Frukti av Arbeidet.
 
Ogso i andre Tidarkrav strævar me aa fylgja med. Her er ikkje so faae, som les Avisur og Tidskrifter; fleire Exemplar av Fedraheimen hev og naatt her upp, og er ovgodt likte. Ei gomol Aalmugeboksamling, som ei Stund laag ubrukt, er no paa Føterne atter komi. Derimot er Bondevensamlaget, som vart skipat fyr 9-10 Aar sidan, dessverre dovnat av. Dei fleste saag det Range ved Politikken vaar berre i for store Penge-Utlegg og for høge Løningar; daa dei so ikkje fekk det rettat i ei Snøggvending, vart dei trøytte. Dei haattad ikkje, at det Mein, som avlar alle dei andre, ligg djupare, ja er eit Bergtroll so seiglivat, at kanskje Mannsaldrar vil ganga, fyrr me vinn heilt yver det. Men detta maa ikkje skræma oss; me lyt vera traae, og daa skal det Steg fyr Steg ljota røma, og te meir det kjem i "Ondabaken," te mindre Motstand kann det gjera. Det er Upplysnaden, som maa stiga; - Bergtrolli hev aldri likt Soli.
 
I 1872 skipad Jens Rolvson, denne folke- og fedralandskjærlege Mannen, ein Folkehøgskule i Dale. Skulen laut sluta 3 Aar etter, for Søknaden vart for liten. Men Rolvson hev likevæl ikkje arbeidt faafengt her i Bygdi. I dei faae, som søkte Skulen hans, hev han lagt ein Gnesite ned av den Elden, som brann i hans eigi Bringa, og her er enno Liv etter av det. Læresveinarne hans fekk – med Hjelp av honom – stellt til eit litet Samlag her i Holmedal, som vart kallat "Norskelaget," og hev til Fyremaal aa arbeida fram Norskdomen i Bygdi. Aarspengarne var fyrr 8 Skilling Aaret; men daa ein heil Flokk av eldre Folk kom med, vart det uppsett til 1 Kruna. Fyr desse Pengarne kauper me inn Landsmaalsbøker, som vert utlaante til Lagsmennerne, og held ymse Blad. Eit Par Gongjer fyr Maanaden hev Laget Møte, der me hev Ordkast og Song, les upp av Maalbøker og fortel Sogur. Fyr at Lagsmennerne kann faa temja seg upp i aa skriva Landsmaal, hev me eit handskrivet Blad, som heiter "Sunnfjordguten." Paa denne Maaten hev Laget ikkje gjort litet til, at Landsmaalet hev vortet kjendt i Bygdi, og kjært ogso, hjaa mange. 2) – David O. Bakke, ein af Rolvsons Skulegutar, hev haldet privat Sundagsskule fyr konfirmerte Gutar; Landsmaalet er lagt til Grunn fyr Undervisningi, og Skulen er godt
søkt.                      
 
J. E.
 
1) Høystaal, n. = Høystade, Høystabbe, Høykagge.
2) Kjære Unggutar i alle norske Bygder: gakk stad og
 gjer lika eins!
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum