Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 14 av 25. Fyrste delen.]
 
V.
 
Tivoli. Ei Fotferd i Albanerbergom.
(Framhald).
 
Det byrjar verda varmt, kovnande i Rom, og Bergi standa so blaae derute i Himmelsynet og vitta paa oss. Skal me so inkje taka oss ei liti Fjellferd, suga frisk Luft, og drøyma um det kjære Heimlandet kannhenda? So strjuka me daa til det namngjetne Tivoli, det gamle Tibur, der som Keisar Hadrian hadde sin vidspurde Lystgard, dit som alle Maalarar fara, lik Arabarne til Mekka, og skal granska alle desse Underverk av Natur og Kunst. Det er jamn Vognfart millom Rom og Tivoli, so det er uvandt at koma dit og vera heima i Rom same Kvelden. Me taka Billet og møta paa Torget Kl. 6 um Morgonen. Me er litet seint ute, og der kjem ein Hyrekusk farande med Vogni si og fortel, at Dagvogni er reist fyre 10 Minutar sidan; men han var viljug til at kjøyra oss, forstend seg, og det mest utan Bitaling. Me laga oss alt til at stiga upp i Vogni hans med sure Andlet, daa Dagvogni nettupp rullar fram, og so er inkje Hestarne sette fyre endaa. Ja dei Italienarar! ljuga og snyta Folk skal dei stødt. Me leita fram alle dei Slengeord, me hava lært utor Ordboki, men den skamlause Kjøyresveinen lær oss lika i Syni, han heve for tjukt Skinn til at slike Smaating skal bita. So stiga me daa upp i vaar rette Vogn, og ut or Byen ber det. Det er kaldt, og Hela ligg kvit paa Kampagnen. Me sveipa oss godt inn i Kasteplaggi vaare og kika ut alt i eit. Gamle Graver og Murverk liggja straadde utyver heile Sletta. Ettersom Soli stig, fær alt annan Lit. Som eit Hav ligg Viddi til alle Sidor med gule Kornaakrar, nakne Tistelmarker, der Uksar beita, Grasvollar, med raude Blomar millom dei grøne Straai, medan ei sømnug Aa smyg seg seint og seigt framigjenom Teigarne. Underlege Kampagne, ufager og likavel fager, einsleg og audsleg og likavel full av gamle Minne. Kor underlegt det maatte vera at ganga Gjætargut her all Dagen, liggja i Lynget og stira upp i Himmelen, og hava milevidt paa alle Sidor. Ein maatte verda tungsint, lengtande og likavel kjenna Høgtid yver seg. Det store, audslege syng altid ein Høgtidarsalme fyre den, som vil lyda paa.
 
Me er framkomne til Tivoli og verda strakst kringsette av Hoteltenarar og Vegvisarar, som remsa upp all sin Dugleike. Me er glade til, me sleppa so vel ut or Klørna deira og standa no og sjaa paa dei vidgjetne Fossarne. Det er underlegt av ein Normann at bjoda fram ein Foss i Utlandet som merkeleg kannhenda? Rjukan, Vøringen, Skjeggedalsfossen – alle desse staute Gutarne kann fulla draga paa Smilen aat den vesle italienske Guten. Aa – han er inkje so vesall endaa denne, og so heve han det framifraa, at alt ikring høver so makalaust i Hop og er fagert som eit Eventyr. Medan Fossespryta gys ned i Hola, so det dyn og durar lang Leid; medan Bekkjer sildra nedetter Fjellsida, medan djupe Hellarar av Drypstein kvelva seg her og kvar, - so veks Gjeiteblad og Klengegras og Blomar nedetter Fjellveggen so fraudigt og tett, at Fossen stundom lyt kasta deim fraa seg, so dei blanda seg med Govet og fljuga ut i Vedret som lange Faks. Og so vind Vegen seg under skuggefulle Oljetre, gjenom Gongjer hogne i Fjellet, yver Bruer, som dirra ved Fosseduren og verda skvette av Govet, burtetter Fotstigar, der du gjeng liksom i ein Lauvsal, nedfyre bratte Stup og gjenom Hellarar, som Vatnet heve holat sjølv i alle dei lange Aari. Og rundt ikring uppe paa Høgdi standa gamle Templar med sine Steinstolpar som ei Borda kring denne Hola av Gras og Hellarar og Gjeiteblad og skumande Vatn. Han heve havt det fagert Keisar Hadrian den Tid han bygde herute; dei grava upp den Dag i Dag det eine Kunstverket prydelegare enn det andre, der som Hagen hans heve voret. Mangt av detta, ein bisnar paa i Tivoli, er no gjort med Kunst, soleides dei tvo største Fossarne; men kvat gjerer det, lika fagert ser det ut. Ein Pave Gregor, eg trur den sekstande, heve soleides avleidt Vatnet fraa Anio-Elvi og murat ut ein Fjellknatt, soleides at Vatnet no kastar seg utfyre ei agande Høgd. Her var at liggja i Svalskuggen og tøma si Foglietta og skoda paa Utsynet. Kjem ein so eit Stykke burtanfyre, kann ein skoda "Kaskatellarne" dei kalla, det vil segja Fossebond, som snart koma springande fram under ein gamall morken Boge, snart hanga som kvite, glitrande Sylvtraadar nedetter grøne Fjellsida. Og millom Fornleivingar og Templar og Sulor og Fossar yr og kryr dette same, brune, larvutte Folket med Æslor og Frugt. Dei peika paa Bogagongen og segja: "detta var Lystgarden til Horats, detta til Varus," og so veit dei inkjemeir um Horats elder Varus, enn dei kanskje tru, at det var ein Pave elder Kardinal ein Gong i Tidi, som heitte so. Likavel høva dei so godt inn i Maalarstykket desse Folk. Kvendi er smaae men velskapte, og dei sjaa snøgge og lettføre ut i den stutte Stakken. Naar dei so koma med Frugtkorgi elder Vatskrukka paa Hovudet, er det verdt at maala deim.
 
Men me maa inkje giva oss for god Tid helder, soframt me skal heim med Dagvogni til Rom fyre Kvelden. Farvel daa Tivoli med all din Vænleike og ditt varme Solskin! Me hava fenget i Vogni med oss ei ung Bondekona med Mann og Barn. Det var nokot skakkt i Ryggen Barnet, og so skulde dei til Rom med det til Doktaren. No sov det i Armom hennar, og ho sat berre og saag paa det og vyrdde inkje oss meir, enn um me aldri var til. Kjøyresveinen segjer ptro til Hestarne, og so springa dei. No fekk eg læra det med. Me er daa i Beit med vaart stakkars Maal i Utlandet, inkje ein Gong Hestarne skyna det. Eg hadde aldri drøymt um, at eg skulde koma til at segja ptro til ein Hest, naar eg vilde hava honom til at springa, men ein lærer solenge ein liver. Der støytte me paa ein Stein, og Barnnet vaknad. Moderi taggad og lagde det til Brjostet sitt. Sidstpaa hadde ho inkje meir til det, og Barnet tok til at skrika. Daa vardt ho reint ulukkeleg. Ho lagde det fraa det eine Brjostet til hitt tvo, tri Gongjer, ho hyffte det, ho kysste det, ho lagde det paa Magen og dunkad det i Ryggen. So vilde Faderen hava det, men ho torde inkje lata honom halda det, og hadde inkje Ro paa seg, fyrr ho fekk det til Brjostet atter. Daa var ho reint graateferdug. Kor fager er inkje ei ung Mo'r med sitt fyrste Barn! Det finst inkje nokot reinare og betre, tykjer eg. Det er daa ei Menneskja, som kann giva seg burt i ein Tanke, ho sansar inkje annat, heve inkje Syn fyre annat, unner seg korkje Kvila elder Sømn fyre det vesle Tingestet si Skuld, som ligg der paa Fanget hennar. Ho tek glad mot Liding og Trengsla, ho gjeng gjenom Eld og Vatn fyre vesle Ungen, og ho tykjer, ho er rikleg lønd, naar han smiler til henne, og ho fær Lov til at hava honom i Armom. Er ho so inkje væn? So er det daa inkje sant, at Menneskja, inkje duger til at giva seg burt i ein Tanke. Ho kann giva seg burt, naar berre Tanken er so stor, at han kann fylla hennar Sjæl. Og det gjerer godt i denne sjølvkjære matstrævande Tid, at Folk stundom kann gløyma seg sjølve. –
 
Kor underlegt det er, naar ein fyrst heve fenget Fjelluft i seg, det heve Meirsmak. No gjeng eg og ser paa desse Albanerbergi, som blaana derute. Skal dei vera ei Gaata fyre meg, no daa eg heve fenget ein liten Glytt inn i Sabinerbergi, der Tivoli ligg. Kor hadde eg inkje havt Hug til at fara litetvetta kringum i Sabinerlandet med Skreppa paa Rygg liksom heima paa Fotferdom mine! Men nei – hernede er det inkje so som heima, der du kann setja deg inn med Aaren i ei hyggeleg Bondestova og dei bera fram til deg baade Mat og Drykk. Hernede kann det ganga deg som Engelskmannen.
 

(Meir).

 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum