No. 70,000.

 
Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
 
[Del 7 av 9. Fyrste delen.]
 
V.
(Framhald).
 
Innhaldet av det han fortalde var slik:
 
"Den Mannen, som De hev voret gift med og kallat "Thorbeck," heiter retteleg Ladislaus Ziba og er fødd langt inni Ungarn. Faer hans var nokot som ein Husmeister hjaa ein ovrik ungarsk Greve, som mest heldt seg i Paris og berre kom heim til dei store Gardarne sine annatkvart og trediekvart Aar. Nære ved den Garden, som Faer aat Ziba styrde fyr denne Greven, budde min Faer, som var av Tater-Ætt, men hadde skamfaret den eine Foten sin, so han laut halda seg roleg; no heldt han seg der paa Garden og putlad med ymist Smaa-Arbeid. Ladislaus og eg var jamgamle og Leikbrøder. Han hadde makalaust godt Hovud, og det vart lagt Merke til; so kostad Greven honom paa gode Skular, og tilslut paa ein Landbruksskule i Tyskland; derifraa kom han att med ovgode Vitnemaal, og vart so Overpaktar fyr alle Gardarne aat Greven.
 
Daa kunde eg au ha fenget ein god Stad der; men den som er av Taterætt hev Ferdahugen i Blodet, og daa no Faer min døydde nett i den Tidi, so strauk eg min Veg i Lag med mine Folk. Naar eg daa ender og Gong saag heim-um att, fekk eg høyra ymse Rødur um Ladislaus Ziba. Alle gav honom væl Ros fyr aa vera ein dugande Gardstyrar; han hadde drivet Innkomurne upp mest i tri Gonger so mykje som fyrr; - men det var Sume, som slog paa, at det var nok uvisst, um Greven fekk alle desse Pengarne. Og Ein kunde nok tvila. For Ziba øydde fælt med Pengar, og vist meir enn Løni si, endaa so stor ho var. Han var glad i Hestar og var tilstads paa alle dei Kapprenne som var, vaagad Pengar og tapte tidt; dertil likte han Kortspil og slikt og var jamt aa finna i det namngjetne Drykkje- og Spilehuset "Tyrkelaget."
 
Ein annan Mann, som au jamt ferdest paa det Huset, var ein gamall avdankat Kaptein, som budde ikkje langt ifraa Ziba og dermed jamt hadde Lag med honom paa Heimvegen.
 
Ein Kveld, dei var i "Tyrkelaget," var det eitkvart, som denne Kapteinen skulde finna i Teikneboki si; han tok henne upp, og i det same datt det ut ein Setel or henne, som Ziba strakst hjelpte Kapteinen og tok upp. Det var ein Lotterisetel.
 
"Nei sjaa, du!" ropad Ziba og lo, "gamle Kapteinen vil verta rik paa sine gamle Dagar! Ja ja. Men det segjer eg Dykk, Kaptein, so mykje De veit det: vinn De nokot som er nokot, so koster De paa oss ein god Kveld, oss som her er. Eg vil berre merka meg Nummeret paa Setelen, so me kann passa paa Dykk. So!"
 
Paa Setelen stod Nummeret 70,000. Han gav honom Setelen att; Kapteinen lo og lagde Setelen i Boki. "Naa ja," sa han, "Kona mi hadde eingong fem Gylden formykje, og so kaupte ho den Leppen. Eg hadde misann gløymt det alt ihop." –
 
Ei fjortan Dagar etter sat Ziba og las i Bladet, og der fann han Trekkjingslista fyr det sidste Lotteriet i Wien. Men tenk, kor han vart forundrat, daa han saaag, at No. 70,000 hadde trekkt ein Vinst paa hundrad tusund Gylden!
 
Daa foor den Vonde i honom. Um Kvelden i "Tyrkelaget" var han reint utifraa kvat og hyggjeleg, slik som han kunde so godt vera, naar han vilde. Men daa det leid paa, fekk han stellt det so, at Kapteinen laante honom Teikneboki si litegrand: so fekk han sjaa, at Setelen laag der enno.
 
Seint utpaa Kvelden gjekk dei; Ziba og Kapteinen hadde Lag som vanleg. Klokka kunde vera eit um Notti, - daa vart Verten i "Tyrkelaget" vekkt av ei hard Ringjing paa Dørklokka. Det var Tenestgjenta hjaa Kapteinen, ho kom og spurde etter Husbonden sin og hadde ei Lykt med aat honom; for ute var det kolmørkt. Men Verten svarad, at Kapteinen var gjengen fyr tvo Timar sidan i Lag med dei andre Herrarne. Truleg hadde han fylgt Ziba, meinte Verten, og vortet sitjande hjaa honom med Flaska endaa eit Tak. – Men daa Gjenta vilde høyra etter uppaa Grevegarden, var alle Dører læste og alle Vindaugo myrke.
 
Ho gjekk heimatt. Kona aat Kapteinen slog seg endaa til Ro; vonleg hadde Mannen fylgt med einkvar av dei andre, og kom snart heimatt, tenkte ho.
 
Men den som ikkje kom, det var nok Kapteinen. Full av Ræddhug sende Kona Gjenta avstad att til "Tyrkelaget" um Morgonen fyr aa høyra, kven som hadde voret der um Kvelden, og let henne so spyrja etter hjaa alle um Kapteinen. Men Ingen visste annat enn at Kapteinen som vanleg hadde fylgt med Ziba heim. So gjekk Gjenta dit. Men der svarad dei, at um Kapteinen visste dei Ingenting; Paktaren var heimkomen Klokka umpass halv tolv; men sidan maatte han vera riden ut; for den beste Hesten felad i Stallen, og Døri var læst fyr Zibas Rom.
 
No tok ho reint Fæla, Kona aat Kapteinen; ho sende Bod til Politiet, og Politiet tok til aa leita, og leitte alt til Kvelds. Men Ingenting vart funnet.
 
Dagen etter var det Vike-Marknad i Byen, og ei Mengd Landsfolk kom, skulde dit. Daa er det ein, som ser liksom eit Blodspor paa Traleverket paa ei Bru, som var bygd yver ein Bekk ikkje langt fraa Grevegarden. Fleire sankad seg til og saag paa detta, og det var plent som dei saag Blodmerke etter ei Haand. Dei tok daa til aa leita, og daa dei kom til aa sjaa nedunder Brui, laag det eit Lik der; heile Andlitet var yverstrøymt med Blod, so Ingen kunde segja, kven det var.
 
Dei vart reint forskræmde og sende Bod etter Politiet. Det kom; og no vart Liket attkjendt: det var Kapteinen. Han hadde fenget fleire Øksahogg i Hovudet, og det hadde tynt honom. Av Fotefari kunde dei sjaa, at han ikkje var drepen der han laag, men boren dit av Mordaren, etter Ugjerdi var gjord. Sidan fann dei og Staden, der det var hendt; det var paa Vegen nærmare Byen; Blodflekkar var endaa aa sjaa der.
 
Kven var no Mordaren? – Det kunde ikkje vera nokon Røvar; for baade Pengarne og Klokka og all Ting som Kapteinen hadde havt paa seg, fann dei hjaa Liket. Ingen tenkte paa Lotterisetelen, og alraminnst den stakkars sorgfulle Enkja. – So maatte han vera drepen i Slagsmaal, elder av Hat. Men kven kunde Kapteinen vera roken ihop med so seint paa Notti? -
 
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum