Kristiania, den 15de Februar 1878.

 
Fraa Skjeberg (Brev). Det er med oss Skjebergingar som med so mange andre, at me liksom ikkje evlar aa lyfta oss upp yver "Bagateller;" og dermed hender det, at me stundom gjer Mistak, som liksom skjemmer vaare meir priselege Gjerningar. Det var væl soleids det bar til, at Heradsstyret fyr ei Tid sidan kom til aa segja Nei til eit Framlegg fraa Skulekommissionen um 80 Øres Tillegg til Kostpengarne aat Lærarom. Desse Kostpengarne er no 68 ½ Øre fyr kvar av dei sjau Vikedagar, ein Tærepening, som Grannesoknerne alt fyr lengje sidan hev funnet for liten. Men det galnaste av alt er, at dei godkjende Framlegget fyr dei Lærarar, som ikkje hev Skulejord; dermed hev dei – vonleg for dei ikkje visste betre - faret endefram i m o t den Løningstaksteren, som no er fastsett, idi at Kostpengarne her er tekne som Lika fyr Sakand av Skulejord; og tek Ein det so, so vert Tilleg av det fyrstnemnde Slaget umoglege heretter, soframt Ein daa vil fara tankerett fram etter ein fast Takster. Dess utan, Pengar fyr Saknad av Skulejord høyrer til Løni og ikkje til Kostpengarne, og Helvti av dei vert utlagde av det Offentlege. Men um Ein vil sjaa burt fraa det juridisk Rette elder Range i denne Avgjerdi, so kann ho imindsto visa, for ei Magt "Bagatellerne" hev yver Folk, som "sparar paa Skillingen og let Dalaren rulla," og detta hev Heradstyret i Skjeberg fenget ein leid Hug til i seinste Tidi. - Hellest lyt Ein segja, til Ros fyr Skjebergingarne, at dei i det Heile er nokso beinsame og godvise mot Lærararne sine, og legg Sitt til – paa ein Maate meir enn Folk i andre Bygder, - at Læraren og hans Gjerning kann faa den Agt og Æra og Paaskyning, som Rett er. Eit gildt Prov paa detta er dei mange Skulehus, som Aar fyr Aar reiser seg rundt ikring i Bygdi. Ifjor fekk me ikkje mindre enn tri nye Skulehus, og dei var "rigtigt spræke." Samstundes vart det kaupt Skulejord til ein Lærar, og no er dei aat med ein slik Handel til. Soleids er det ikkje berre "laake Sidur" ved Skulestellet vaart.
 
Ein av dei eldste Lærarar i Sokni, Amund Amundsen ved Hafslunds Bruksskule, er nyleg avfaren, i ein Alder av 67 Aar, og trøytt av den Gjerningen, som han so lengje og med jamt veksande Gleda, hadde røktat. Mange av Brukets Folk møtte fram paa Likferdsdagen fyr aa segja den gamle Læraren Farvæl; Skjebergs Lærarar bar ut den blomsterprydde Kista fraa den Skulestova, der han i so mange Aar hadde stridt og arbeidt. –
 
Enno er det ingen Snjo komen hernede, og Veeret so etter Maaten mildt. Likevæl dregst me med Krim og Kjøld, so det er fælt. Hellest var det ingen Ting, me helder kunde ynskja, enn eit godt, klingande Føre.
 
- n. – n.
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum