Utlandet.

 
I det franske Tinget held dei paa og ransakar Vali: mange vert vrakade. Den 1ste Februar vart det eit agelegt Basketak millom Gambetta og Rouher (med Uppnamnet Vice- elder Vata-Kjeisaren), og til Slutt vart Uppstyret so grovt, at det var ikkje høyrande Manns Maal, og Møtet laut slutta.
 
I det engelske Tinget hev Ordskiftet um dei 6 Millionar Pund herdt paa denne Vika og.
 
Den tydske Riksdagen vart opnad den 6te Februar. Kjeisaren leet so, at han hadde god Von um ein snarleg Fred, og at denne skulde føra fram att dei Grunnsetningar, som var vedtekne paa Raadstemna i Konstantinopel, og sikra dei fyr lange Tider. – Dei største Saker, som kjem fram, er Skipnaden av Riksministeriet og Innføringi av nye Skattar til aa auka Riksinntekterne og – soframt det er gjerande – minka dei serskilde Statsskot til Rikstarverne.
 
Paven ligg og dregst med Dauden.
 
Grekland hev byrjat Ufred og faret med Herskjold yver Landskilet fyr aa stydja Upprøret i Tessalia, Epiros og Makedonia og leggja desse greske Landskapi attaat hitt Grekland. Freden kom for braadt paa, og skulde ikkje England au verta inniveftat, vert Grekland standande der aaleine imot Turkiet, som altid enno hev Magt nog til aa fara ille med det vesle Landet; iallfall kann det med Floten stengja Hamnerne og dermed likaste Matvegen fyr Grekarne. Det hev au komet Telegram um, at daa det vart meldt aat Athen, at Turkefloten var ventande, vart dei reint forstøkkte og bad Garanti-Magterne um aa hjelpa deim i Naudi.
 
Freden. Vaapenstilla og Fredsgrunnlaget vart underskrivne i Adrianopel den 31te Januar, etter at Abdul Hamid sjølv hadde bedet Kjeisar Aleksander um aa stilla Sverdet, og gjevet dei turkiske Umbodsmenner Order til aa taka ved alle rysske Krav utan Pruting. Men um Fredsvilkori veit me enno ikkje nokot visst. Etter ei Tidend fraa Ryssland skulde Turkarne røma alle DonauFestningarne og Erzerum, men Innferdi i Konstantinopel, som meintest vera det, som det hekk i, var ikkje umnemnd, og det saag mest ut til, at Ryssland hadde gjevet etter i det Stykkjet; men den engelske Regjeringi hev nyst fenget Melding um, at Innferdi alt er gjord. Denne Tidendi gjekk um India og Ægypten; fraa Konstantinopel er det ikkje komet nokon Vissmun um det. Skulde det vera Sanning i det, vil det vera eit Slag lukt i Syni paa England, som nettup hev sett det til eit urikkande Vilkor fyr sin Nøytralitet, at Konstantinopel skulde vera urøyvt. Sjølve Ryssekjeisaren lit helder ikkje tryggt paa Freden, er det likt til. Paa ei Mynstring i St. Petersburg, heldt han ein Tale til Offiserarne, som viser, at han ventar ymist. "Mine Herrar - sagde han – eg ynskjer dykk til Lukka med Vaapenstilla, ho er gjord paa fullgode Vilkor. Vaare djerve Hermenner, som hev synt, at ingen Ting er umogleg fyr deim, dei er det, som er taktande fyr det. Men enndaa er ikkje alt fraa-seggjort. Me lyt halda oss reiduge, til dess me hev fenget ein varug og verdug Fred, dertil gjeve Gud si Hjelp!" Desse Ordi var visst meinte aa skula høyrast lenger av enn i den Offiser-Krullen, og dei skal fulla segja so myket som det, at det er sumt, som Ryssland ikkje vil sleppa etter i, um det so lyt til med ein ny Krig fyr aa tryggja Frukterne av Sigeren yver Turkarne. Helder ikkje spaar det Fred, naar det kjem den Tidendi fraa den rysske Hovudstaden, at det er utskrivet 44 nye Reservebataljonar (Varafylkingar). Og det at Grekland hev blandat seg i Ufreden kann koma til aa kollstøyta alle Reknestykkje og gjera det austerlendske Vandemaalet fullgalet. Det einaste, som spaar godt, er Venskapen millom Austrike og Ryssland, og so den Talen, som den tydske Kjeisaren heldt, daa han opnade Riksdagen.
 
Etter seinare Telegram skal det ikkje vera sant, at Ryssen hev dreget inn i Konstantinopel, og Grekarne skal ha teket ved Vaapenstilla.
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum