Til Amerika

 
kann Ein koma detta Aaret med "Guion-Linjens" store namngjetne gode Sjøskuter; Avgang fraa Kristiania kvar Fredag. Fragti er nett den same som paa alle Linur: 118 Kr. 50 Øre, og den, som kann bevisa, at andre gjere det billegare, vil eg skaffa fri Reis.
 
Som Fysste-Agent fyr Guion-Lina fær eg sumetiderløglege Fyrespyrslur, som eg her vil svara paa soleids:
 
Der var ovlaga godt Aar der burte ifjor; men korso vil eg ikkje telja andre til aa reisa enn dei, som tykkjer det gjeng vesalt her, endaa dei strævar alt det dei kann. Det er visst ikkje Kjyt, at fyr dei Fleire gjeng det der snarare aa sikra seg Maten, og fyr den, som set denne høgst av Alt, er det visst best reisa; likeins fyr den, som set Fridomen høgst. Men den, som grev seg sovidt bra igjenom her, og ikkje saknar det han aldri hev havt, vil eg raa til aa vera heime.
 
Kristiania 2dre Februar 1878.
M. A. Lea,
Fysste-Agent fyr Guion-Lina.
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum