No. 70,000.

 
Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
                              
[Del 6 av 9. Fyrste delen.]
 
IV.
(Framhald).
 
Ho spurde etter, um daa Thorbeck hadde teket imot alle Pengarne, og daa ho fekk vita, at han hadde sett Bitaling paa Haandi som fyrste Skilordet, kjende ho seg mest viss paa, at detta Hugsvivet sagde sannt. Og naar ho so hugsad etter, at Thorbeck etter det Møtet med hin Framandkaren hadde voret framifraa tung og tver, so kunde ho ikkje verja seg mot den Tanken, at denne Gardahandelen og det med Framandkaren paa einkvar Maaten laut hengja ihop. Detta tagde ho fulla med, som du kann vita: men ho tottest sjaa paa dei tvo Herrarne og dei medynksfulle Augo deira, at dei tenkte nokot likt.
 
"Naar er De tenkte aa flytja inn her?" spurde ho, etter ho hadde samlat seg eitgrand.
 
"Det raar De fyre," var det finslege Svaret. "Me vil paa ingen Maate gjera nokot Bry; De skal hava full Tid til aa umraa Dykk aa gjera Dykk ferdug. Me etlar oss til aa leggja ein Sukkerfabrikk her, og dermed lyt me fulla byggja ikkje so litet; - men eit Par Kammers til Ein av oss, som lyt vera her aa hava Tilsyn med detta, kunde De væl vera av med utan Saknad?"
 
Maria skynad væl, kor detta peikad av, og svarad snøggt: "Eg er snart ferdug, og fyr meg kann De flytja inn i Morgo, um De so synest. Eg reiser heim til Foreldri mine so lengje; der hev eg enno, Gudskelov, eit Undrøme". Ho fekk Taarer i Augo, daa ho sagde detta; dei tvo Herrarne bøygde seg, tagde, og gjekk.
 
Maria hadde endaa ein hard Støyt aa standa. Daa ho kom heim, var det Kveld, og Kuglar kom or Drykkjestova og hadde i Hovudet. Daa han høyrde, kor til stod, og saag, at no laut han strakst slaa alle Tankarne um ein makleg Alderdom ut av Hugen, vart han reint dansande galen og bar seg som ein Villmann. At Thorbeck var faren sin Veg fyr godt, det var han stød paa med same, og gav fælt or seg um denne gilde Maagen. Men Maria fekk sitt ho med. "Hadde du faret fram mot Mannen din som du skulde, og sleget dei Grillurne med Johan fraa deg, so hadde det visst ikkje gjenget so," meinte han. Maria totte ho laut svata paa detta, og bad honom minnast, at ho daa hadde sagt Thorbeck paa Fyrehaandi, korleids ho hadde det; og dertil var det ikkje hennar Skuld, at det Giftarmaalet var komet istand. Men Meister Kuglar var like sæl som det ho sagde, og tilslut kom han endaa med eit Fantord um, at "no skulde dei maatte draga paa henne, istaden fyr at ho burde hjelpt de i paa deira gamle Dagar". Dette vart fyr hardt. Ho tok til Graaten og vilde liksom søkja seg Hjelp av Moer si mot desse harde Ord. Men Moeri tagde og nikkad til Gamlen og samstemde med honom. Daa vart ho reint som kald, og sagde med kvævt Mæle: "Naa, av meg skal De ikkje hava nokot Bry. Eg reiser i Morgo til Faster mi; hjaa henne veit eg, eg finn eit Moerhjarta no i mi Ulukka. Gud forlate Dykk, at de fer so hardt med meg"!
 
Og Maria reiste verkeleg Dagen etter. Væl bad Foreldri henne daa vænt um aa vera heime; men ho visste forvæl, at slikt som det igaarkveld kom til aa henda oftare, og dertil var ho rædd, at dei andre Buchenheimingarne vilde hava henne for mykje til Spott. Ho bad Vælfar med Foreldri, pakkad si vesle Eign ned i ei Kista, men tok Ingenting med av det ho hadde fenget av Thorbeck, og dermed bar det i Veg att.
 
 
V.
 
Fjore Maanar hadde Maria voret hjaa Faster si og havt det utifraa hyggjelegt. Daa kom det eit Brev fraa Faer hennar, som fortalde, at Moeri var sjuk, og bad so vakkert um at Maria strakst vilde koma.
 
"Du skal visst ikkje oftare høyra nokot leidt av meg," skreiv Meister Kugler. "Eg hev sidan havt reint vondt av dei stygge og vitlause Ordi, som eg sagde til deg den Kvelden sist; men den Gongen var det Vinet, som snakkad or meg, og du lyt tilgjeva. Eg hev no lært aa sjaa, kor uvitugt me foor aat, som tvingad deg til aa taka denne Skarven, den Thorbeck, og kor mykje betre det hadde voret baade fyr deg og oss, um du hadde teket den andre. Eg hev havt stort Stræv i den sidste Tidi med aa tena Maten til Munnen, og no gjeng det reint tversett, naar Moer di er sjukleg. Du lyt vera ei god Dotter og koma heim snart aa hjelpa oss. Meg skal du ikkje vera rædd lenger, og ikkje Buchenheimingarne held; for de talar alle berre væl um deg og hev vondt av deg. – Fraa Thorbeck er det Ingen, som hev høyrt elder spurt nokon Ting; han er reint burtkomen. Det vert væl likaste aa lysa etter honom i Bladi, og kjem han ikkje daa, og det gjer han knapt, - so fær me Retten til aa løysa deg or det Giftarmaalet. Men daa maa du sjølv koma og søkja um det. Kannhenda kjem det endaa betre Dagar fyr oss! – Du kann væl gjeta, kvat eg no tenkjer paa. Eg høyrde her ein Dag, at Johan bur i A. . . og hev Verkstad og Handel der og driv det godt, men er enno Ungkar og vil ikkje høyra nokot um Giftarmaal. Eg skulde undrast, um det ikkje her er "gamall Kjærleik," som ligg under, og enno ikkje hev rustat. - Paa Gartenau er alt umskiplat. Dei nye Folki der hev byggt upp ein stor Sukkerfabrikk, som skal i Gang til Hausten. Det er snilde, vensæle Folk, reint ulike denne ugodslege Thorbeck."
 
Detta Brevet tok henne sterkt; for det bar upp Tankar, som ho sjølv so smaatt hadde dregjest med i den seinste Tidi, og at det var Faer hennar, som no kom fram med dei, totte ho var eit godt Merkje. Ho fekk nytt Mod og nye Livsvoner.
 
Daa Faster hennar, som væl kjende til alt det med Johan, hadde set Brevet, sagde ho:
 
"Det er greidt, kjære Barn, at du no maa heim og sjaa til Moer di, og ikkje bry deg um Folkesnakket. Eg kjem til aa sakna deg saart, det veit eg; men det er no ein Ting fyr seg. Det Faer din skriv um Thorbeck og dei Ting, er visst rett, og hellest," sagde ho, og drog henne inn til seg, "lyt du setja alt til Vaarherre og lita paa honom. Han greider det nok."
 
So foor daa Maria heim til Buchenheim att. Der fann ho Moer si alt i Besningi, og glad vart ho. Hellest saag det i alle Maatar betre ut heime no enn fyr. Naudi hadde drivet Faeren til Arbeidet, so han mest hadde vent seg av med Flaska, og gjekk han paa Vertshuset ein Gong, so var det ikkje lenger paa "Den blaae Engelen", daa dei der hadde gjort so harmeleg Narr av honom fyr den "rike Maagen"; men han gjekk til Hr. Neumann, som nu var komen fraa dei gode Tankarne, han fyrr hadde havt um Thorbeck, og vart som ein Raadsmann fyr Kugler i den Saki aa faa Giftarmaalet um-att-gjort. Han kom mest altid fastande heim, og dermed var det aldri slikt Styr i Huset som fyrr. Moeri saag og ut til aa vera meir mild og taaleg no; Sjukdomen var det likt til møykte henne. So tok Maria med friskt Mod til med sitt gamle Arbeid, og var til Hjelp baade i Huset og i Handverket.
 
Fyrste Kyrkjegonga var væl tung. Men daa ho saag, at alt Folk var godslege mot henne som fyrr, og hadde vondt av henne, so var det som alt vart godt. Etter Tenesta var ho innum Presten, og han talde henne og til aa skilja seg fraa Thorbeck. "Det var meg tungt aa vigja deg til den Mannen," sagde han, "for eg tottest mest vita, at det skulde bera galet i Veg med honom. Det Brevet paa Brudlaupsdagen, og den Støkken, han fekk av det, hev lagt mange tunge Tankar innpaa meg. Sjaa til! Under det Talet "70,000" ligg det eitkvart, som ikkje er av det Gode."
 
Det vart Haust paa nytt Lag. Ein Dag i Skymringi kom det ein Mann inn i Krambudi hjaa Kugler og spurde etter Fru Thorbeck. Han var sveipt i ei stor Kaapa og talad ein underleg, broten Tysk.
               
Maria kom ut, og daa ho saag Mannen, sette ho i eit Skrik. Det var den same, som hadde voret paa Gartenau hin Gongen, og som tvillaust var Orsak i, at Thorbeck var stroken.
 
"Maa 'kje vera rædd meg, Fru Thorbeck," sagde han, "eg kjem i god Meining, og hev stort Nytt aa fortelja, som De visst ikkje vil trega paa aa høyra."
 
Maria tok seg strakst, og bad honom inn. Han fylgde med, og daa han var komen til Sæte, tok han aat aa fortelja, slik han kunde daa; for det var greidt, at han hadde vondt fyr aa tala Tysk.
 
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum