Litle-Theodor

 
kallar dei ein stakkars gamall Landsprest, som er ute i Morgenbladet og rid paa den theologisk-filosofiske-politiske Sopelimen sin mest so visst som Vika kjem. Han skynar seg paa alle Ting, baade i Himmelen og paa Jordi og under Jordi, og han hev ein Skriveklaae so fæl, at dersom han lyt liva lengje til, so fyller han upp heile Landet med Smørpapir. Alle Folk hev vondt av Morgenbladet, som skal vera dømt til aa dragast med denne Klokingen, og sume trur endaa, at Presten hev Svarteboki, so han kann mana Morgenbladet til aa vera Skjutshesten sin, liksom Peter Dass i si Tid gjorde med ein annan Mann. Men med detta fær det no vera som det vil. Visst er det, at enno i Sluten av det 19de Hundradaaret er den norske "Intelligentsen" ikkje komen lenger, enn at han toler aa sjaa L. T. og hans Visdom i Bladet sitt. Og det finst væl dei, som les det au; for Tullingar er her altid nok av i Verdi. Dei fleste lær sakta aat det; det lyt me tru. Men mang ein skakk og rang Tanke sig inn i Folk likavæl, naar dei les slikt, og ser, at slike Tankar kann koma paa Prent i Landsens "fyrste Blad" (hev voret). Dermed lyt Ein ruska upp i desse Greidur so daa og daa, liksom Ein ruskar upp annat Ugras, naar det vert for tjukkt.
 
L. T. kann og vera verd aa leggja Merkje til fyr nokot annet. Han høyrer til det Slag Folk, som Vinje kallad Tutarhorn. Han er i vaart politiske Gongverk liksom Kondensatoren (Kraftsamlaren) paa ein Elektrisetmaskin: væl avskild ("isoleret") fraa Livet paa alle Kantar, men fær kvar Dag tilførd ny politisk Elektricitet gjenom den store Føringstraaden "Morgenbladet." Tilslut er han "ladd" med Elektricitet. Kjem det daa ein liten Ting burtaat, eit Stykke i "Verdens Gang," eit Ord av Bjørnstjerne Bjørnson, so smell det, og du lugtar baade Svovel og Bik etter det. Er du daa gløgg, kann du lett faa Greida paa baade Styrkjen og Slaget av Elektricitet, som er i Føringstraaden og daa au i dei store politiske Batteri her inne i Kristiania.
 
No sidst er L. T. ute og smeller i Morgenbladet fyr 28de f. M. Han hev leset um "Bonden vaknar til Reaktion" og dei Ting, og det var daa nokot, som L. T. kjende seg driven til aa greida ut i. Og han greider det som ein Kar. Han prøver endaa paa aa vera "Positivist," talar um Naturlogjer og alting, liksom det skulde vera den argaste "moderne Historikeren." Kom 'kje til L. T.! Han tek misæl "Troen" fraa alle dei Deknar som finst her til Lands.
 
I dei sidste 20 Aar hev alle Folk voret sjuke, fortel han, og Sjukdomen heiter i hans Maalføre "den udannede Naturapotheose" (?) elder "Bondeforgudelsen." Berre ein og annan hev gjenget fri fyr denne Sykja, og av dei nemner han serleg Andreas Munch, Markus Jakob Monrad, Ludvig Ludvigsen, Ludvig Kr. Daa, Løvenskjold, Aschehaug, Kristian Winter-Hjelm og Hartvig Lassen. Desse, og so L. T. sjølv daa, hev voret "baade heile og freske." Men slike som Bjørnson, Ole Vig, Kr. Brun, Kr. Janson, Maalmennerne, Grundtvigianarne og sume Pietistar (kven daa tru?) hev voret reinthelselause. Av denne Sjukdomen uppkom Folkehøgskulen, det afsindige Maalstræv, Bjørnsons Dikting, Tidemands Maalarkunst, Lægprestarne, Bondeven-rørsla og alt det andre, som Folk hev livt paa i desse 20-30 Aar.
 
Men no er L. T. so glad, for no er det Slut med alt detta, meiner han. No fær han og hans Folk Rett. No kjem Bonden og Bondelivet reint i Vanmæte. Dei som fyrr gjorde Bonden til Gud, fortel L. T., snur seg no radt fraa honom, som fraa eit ureint og duglaust Ting. Det likar Presten, det! Og i denne si Hjartans Gleda tek han seg til aa skildra Bonden av, og det so stygt, at dersom Ein skulde tru L. T., so laut Bonden vera reint eit Ufygle.
 
Ja den Gleda! Det er som dei ser ein Vinning i, at Bonden kjem laagt ned og vert vanvyrd og mismækt. I Grunnen hev nok heile Morgenblads-"Intelligentsen" det paa den Maaten. Men det maa slik ein "Kondensator" som L. T. til, fyrr det kann koma heiltupp fram, og daa kann du baade sjaa og taka paa det. Dreg ikkje denne gilde Prestemannen fram alt det Verste han veit um Bonden, og det i slik ein Triumf-Tone, at naar du ikkje visste betre, kunde du tru, det var ein liten norsk Mefistofeles, som stod der og gledde seg yver, at det Vonde hadde Magti!
 
Men so tilslut fær du fyrst rett Auga paa Hestefoten. Presten tek paa seg Sunndagsandlitet sitt og tek til aa liksom forsvara Bonden mot alle desse Styggeting, som Fridomsmennerne skal hava funnet hjaa honom. Det er ful Kar au, den L. T. Dersom Bonden las Morgenbladet, vilde han segja med seg, naar han las detta: Herre Gud, det er daa likevæl L. T., som er oss trufast i Naudi. Naar Fridomsmennerne snur seg fraa oss, av di dei finn oss fulle av "Bygdeaand for Almenaand, kras Egennytte for Offervillighed, Usædelighed for Kyskhed, Skiddenfærdighed for Renslighed," – daa er det Presten i Vestnes, som takar væl fyr oss og orsakar oss, og segjer d'er kje vaar Skuld, at me er storsnuta og sjølvvise; minner um, at det finst "Rotter og Mus" i Byen likso væl som paa Landet; gjev oss Attest for "uskrømtet Gudsfrygt," endaa me er yversleppte med Drykk og Utukt, og slutar med, at me likevæl er "Folkets Kjærne" og "vor Troes Bolværk," av di me heng so fast ved "vore lithurgiske Kirkeskikke og dermed (!!) ved vor gamle lutherske Tro." L. T. er ein bra Mann; lat oss halda oss til honom og Morrabladet, og lat so dei "Liberale" fara til Bloksberg." So vilde Bonden tala, dersom han las Morgenbladet, og var so faavis som L. T. trur.
 
Her er Hestefoten. Det gjeld um aa lokka dei kjære Bondefaar inn paa den rette politiske Stigen. Fridomsmennerne, det er Vargar i Saudepels det; Sambandet millom Bonden og dei Liberale er unaturlegt; Bonden bør vera "konservativ." Dei veit godt, dei gode Folk, at "Bonden er Folkets Kjærne" dvs. at Bonden er Magti i detta Landet; kunde dei faa Bonden med seg, so var dei trygge; ergo bør Bonden vera "konservativ". Jamenn bør han det.
 
- I "Bondekultus'en" var det den Wergelandske Odelsbonden, som var i Velten, han med Bibelen og Snorre og Grunnlogi paa Veggen; det var daa imindsto ein fager Tanke. No er det den "konservative" Morgenblads-Odelsbonden, som skal upp att. Eg kjenner den Karen. Det er han Bonden fraa det 18de Hundradaaret, han, som liver paa Zetlitz's Drikkevise-Visdom, svarar sin Skatt, gjer kvar Mann Rett og Skil, tek seg ein Rus, naar han hev ein Skilling til overs, og let so Presten og Futen syta fyr Resten. Det er den Bonden, Morgenbladsflokken lengtar etter, og mange Prestar med. For den bonden er hjarteleg konservativ. Han sit paa si Tuve trygg, han, er "fornøiet i sin Kreds" og bry seg aldri det Grand um Politikken. So kann Futen og Presten ha det so gildt.
 
Men som væl er, den Bonden ligg no i Dauds Von. Eg hev set sume "Exemplar" av det Slaget, men dei er mest gamle. Den Bonden, me no hev, er i Overgang; det Gamle sig av, det Nye er ikkje rett komet upp, og so er han som han er, og kann nok gjera ein blodvarm Mann som t. D. Bjørnson baade leid og arg imillomaat. Men ingen Fridomsmann, ikkje Bjørnson held, er so galen aa sleppa Bonden fraa seg; for det er dei Liberale, som hev faatt, og det vert dei Liberale, som tilslut fær hausta.
 
Men kor som er, lyt Ein hava eit litet Auga med alle desse Tiltak, som vert gjorde fraa Morgenbladssida. Dei Konservative hev baade Reveklokskap (Diplomatik) og Mannstukt (Disciplin); naar Fridomsmennerne slaast kvar fyr seg, og tidt i verste Striden snur seg imot sine eigne Folk, so dreg det vesle Bakstrævarlaget ut i tett Svinefylking og kann daa tidt gjera mykje Ugagn. Det bør dei ikkje hava Lov til. Lat dei Liberale gjera seg full Greida fyre, kvat dei vil, og lat dei so samla seg um eit fast Program og driva Saki si fram med Klokskap og Kraft, alle som ein, - so er dei no mykje for sterke til aa turva tapa.
 
Tilslut eit litet Ord um dei Styggeting, som L. T. dreg fram i detta Stykket sitt um Bonden.
 
At det er Lauslivnad paa Landsbygdi som andre Stader, det hev nok Folk altid visst. Endaa i "Kultus"-tidi visste dei det, som du kann sjaa av Bjørnsons Forteljingar. Det hev aldri nokon drøymt um, at Syndefallet ikkje skulde vera naadd upp til dei norske Sætrar, som L. T. tøver um. Men det hev voret sagt, og det er sannt den Dag i Dag, at Sedløysa er mykje større i Byarne enn paa Landet, og det er nokot, som segjer seg til sjølv. Endaa dei mest nedsleppte Bondebygder er ikkje so langt komne i denne Vegen som dei større Byarne, og det skal ingen lura oss med Tabellar yver. Lausfødslar; for slike hev aldri voret nokon paaliteleg Mælestav fyr Sedsemdi. Men er det enn so, at Sedløysa i dei seinare Tider hev vakset i ymse Landsbygder, so skal ikkje Byfolket gjera seg det Grand til av det. Ulukka er den, at Bonden meir og meir lærer aa kjenna Bylivet i detta Stykket, og so lengje høyrer han um all Styggedomen der, til han tilslut slepper den gløgge Skamkjensla, som han er vaksen upp i heime. Det hev eg merkt paa mange Stader. So kann det daa henda, at Bondeguten, so væl som Byguten, eingong finn Vegen til dei Stader, der dei set si Æra i si verste Skam; - den offentlege Prostitutionen hev her gjort utrulegt.
 
Detta kann ogso gjeva ei Greida paa den andre Ufysa, som L. T. so hugheilt dreg fram: Ureine-Sykja. Me veit og, at det er sume Gutar, som er komne øydelagde heim av Eksismoarne. Det kann au henda, at det fer ei Gjenta til Byen og fær seg einkvar Farken til Kjærast, som ikkje hev meir Samvit enn so. Men den tyngste Skuldi fyr alt slikt skal Ingen leggja paa Bondefolket, og det vert alt ihop berre einstaka Tilfelle, som ikkje dreg stort i Likning med Folksens Mengd. Og vilde nokon døma heile Bondefolket vaart etter slikt, daa skulde han hava Motlegg, ikkje med Pennen, men med ein nokot meir dugeleg Paak; for aa setja ut slikt um sitt eiget Folk, det gjer ingen Mann, som hev sitt fulle Vit og der attaat eit Grand Hjarta i Livet.
 
Um Fylla og Raaskapen kann det vera mangt aa segja; her vil eg berre' minna um ein einaste Ting. Fylla veks jamt i slike Bygder, der den gamle "Bondekulturen" døyr ut og ikkje nokot godt Nytt kjem istaden. Det einaste, som skulde hjelpa i lengdi, maatte vera ei god, sunn, heimsleg Upplysning, som kunde avla ein n y Bondekultur. Hev ikkje Folket nokot aandelegt aa liva paa, nokot som det sjølv eig og som det kann gleda seg i og styrkajst ved, so kjem Flaska til Æra. Det er heile Folkelivet, som maa nyast uppatt, skal det muna. Men denne Uppnyingi skal Ingen venta fraa L. T. og den Kanten. Folkehøgskulen er her inne paa ei god Leid, trur eg; Maalsaki høyrer og med. Men kann dei "Kloke" slaa desse Magter ihel, som dei so gjerna vil, so kunde det henda dei hadde vunnet, baade dei og Flaska. For det ser ikkje likt ut til, at hin Skulen vinnst paa aa skapa nokot nytt Folkeliv, slik som han no er daa, og som L. T.-Folket helst likar honom. - Men den Skulen kann væl og koma seg. Me hev eit Lærarstand, som me kann venta mykje av, etter kvart som det fær veksa og mogna, og det er so visst ikkje altid deira Skuld, at Skulen er som han er.                  
 
VIL.
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum