Kristiania, den 8de Februar 1878.

 
Storthinget valde til Præsident Essendrop, til Vicepræsident (Varaformann) Sverdrup. – Fullmagterne fyr dei nye vart godkjende. I Staden fyr dei 3 Medlemerne av Lagthinget, som i Aar er burte, vart innvald; Havig, Lindstøl og Tonning. I Odelsthinget vart Sten Præsident, i Lagthinget Richter. I Veljingsnemndi (Valgkomiteen) sette dei: Daae, Essendrop, Sten, Richter, Sørensen, Sverdrup, Haugland, Flor, Tonning, Aarflot, Viig, Lindstøl, Enge, Velde, Aschehoug, Selbo, Sæhli, S. Nilsen, Løberg, Storsten, Motzfeldt, Ueland, Borch. – Sundag gjekk Thinget i Stemna til Kyrkja saman, som det hev til Skikk fyrste Helgedagen, det er samlat. Maandag vart det høgtideleg opnat paa Kongens Vegner, av Statsminister Stang, som las upp Throntalen. Etter at Statsraad Helliesen hadde leset upp Fraasegni um Rikets Tilstand, bar Præsident Essendrop til Slut fram det vanlege: "Gud bevare Kongen, Fædrelandet og Broderriget". – Umfram dei, me nemde i det fyrre Bladet, hev ogso Schanke fraa Finmarki meldt seg sjuk, fyre honom kjem Lensmand Andreassen.
 
Eit Fjos med 13 Kjyr hev brunnet upp i Bærum ved Kristiania. Ikkje nokot var assurerat.
 
Mange av Waldenstrøms-Mennerne i Sverike trur dei no vil melda seg ut or den svenske Statskyrkja.
 
Forkomet paa Fjellet. I Selbu driv dei langt inne i Fjelli etter Kvernstein heile Vetteren og er berre ved Helgeleite nedi Bygdi etter Mat. Maandagsmorgonen den 21de f. M. var det eit Fylgje, som sette til Fjells att paa Skier. Men daa dei var komne 1 Mil austpaa Fjellet, tok det til med ein fælskleg Storm og Snjosjuke. Dagen vart for stutt, og daa Myrket kom paa, var det raadlaust og finna baade att og fram. Sume maatte kasta seg ende ned i Snjoen, taa di dei ikkje orkad lenger. Lukka var det likevæl, at det ikkje var kaldare enn det var. Men um Morgonen saknad dei 2 Mann. Dei vart do attfundne Dagen etter ved det, at dei hadde reist Skierne sine upp, so Folk vart var deim, men baade tvo var dei stivfrosne og daude. – Eit Under var det, at det ikkje gjekk fleire lika eins. I eit litet Fylgje var det ein, som kjende Skii si tok burti nokot, og naar det bar til, so var det Murpipa paa ei Fjellstova som hadde snjoat so reint ned. Hadde dei rent nokre Stig til, hadde dei komet beint aat eit stygt Gil, Brontytdalen dei kallar og daa hadde der ikkje meir Livsvon voret.
 
Med Skirennet her ved Kristiania vert det ikkje nokot av fyr det fyrste, daa det er for litet Snjo.
 
Fyr flinke Budeigjur hev "Akershus Amts Landhusholdningsselskab" utsett nokre Premier.
Dei Gardbrukarar, som synest Budeigjurne sine ersætande til det, maa gjeva Melding til Landbruksdirektør Smitt, Kristiania, fyre Sluten av Februar.
 
I Arbeidarsamfundet i Kristiania hev det i denne Vika voret haldet ein Basar til aa hjelpa Handarbeidarar med Reisepengar til Framsyningi i Paris til Sumaren. Basaren hev voret vitjad av ei Ovmengd Menneskjur kvar Kveld, og det er aa vona, at ikkje solitet kjem inn, endaa det er trongt um Pengar no um Dagarne. Tilbuningi er drusteleg, men dei Ting, som vart gjevne til Basaren, var ikkje rett so mange, som det plar vera ved Basarar fyr Mission og dilikt. Basaren vert haldet uppe i Kveld og Sunndagskvelden, og me bed deim, som ikkje hev voret der til dessa, um ikkje aa gløyma aa taka seg ein Tur dit daa, dei gjerer dermed ei god Gjerning. Maandagen Fest med Tombola.
 
Premikøyring. Thorsdag var det Premikøyring paa Isen paa Frognerkilen. 1ste Laupet 1400 Meter paa 3 Minutae. 1ste Premi, 400 Kronur (Konsul Meyers Premi). 2dre Laupet 700 Meter Hestar under 6 Aar paa 85 Sekund. 1ste Premi (Kongens Sylvstaup) "Dokka", 3 Aar, tilhøyrande Juul, Maridalen. 2 Premi (Sylvsaker, verdt 200 Kr.) "Botel", 5 Aar, tilhøyrande Dørum, Vang. Staldmeister Sverdrups Ekstrapremi "Ladde", 3 Aar, tilhøyrande Glomsaas, Odalen. 3dje Laupet, 700 Meter paa 75 Sekund. 1ste Premi (200 Kr.) "Knap", 6 Aar, tilhøyrande Bredesen, Kristiania. 2dre Premi "Kvik", 14 Aar tilhøyrande Lie, Jevnaker.            Eit stort Dampskip er forlist burt ved Amerika og 100 Menn miste Livet.
 
Riksbudgettet. Riksstyret hev lagt fram Forslag til Budget fyr 1878-79 med desse Summar til Utgift.
 
                                                                                                              Fastsett fyr
                                                                                                             1877-78
                                                                                              Kr.                          Kr.
 
I. Kongehuset . . . .                                              478085                  489242
II. Storthinget og Statsrevisionen . . . .                   356300                  348017
III. Riksraadet og Regjeringi . . . . . . . . . . . .         1117164                 1028368
IV. Styregreiner under Kyrkje-Dept. . . . . . .            2384457                 2081915
V. Do. under Justits-Dept.                                     2066362                 1810070
VI. A. Do. under Indre-Dept. . . . . . . . . .               3724038                 3741432
B. Jarnvergsdrift . .                                              3372720                 2599546
VII. A. Styregreiner under Finants-Dept. . .             3776595                 3407976
B. Rentur og Afdrag paa Riksskuld . .                    5699204                 5251868
VIII. A. Heren ordenlegt.                                      6735744                 6289980
B. yverordenlegt . .                                              1047550                 1416100
IX. A. Floten . . . .                                                2630000                2496440
B. Andre Styregreiner under Marine og Post-Dept. . .4634850                4494388
X. Utlendske Greidur.                                           444996                  447576
XI. Jarnvegsbyggjing .                                          13500000              5500000
XII. Ymse og ukjende Utgifter . . . . . . .                  232935                  247082
                                                                          52200000               41650000
 
                              Innkomur:
I.A. Toll . . . . .                                                    19500000               18100000
B. Stempelafgift . .                                              860000                   550000
C. Andre Afgifter .                                                5603000                 5709000
II. Endefram Skatt . .                                           3500000
III. Rikseigedomar . . .                                        2787760                 2727600
XV. Post, Telegraf- og Jarnvegsdrift . . .                 6199640                 5226300
VI. Ymse Innkomur . .                                         249600                   863800
VII. A. Distriktstilskott til Jarnvegsbyggjing             1786920                 2006800 
B. Av Rikslaan                                                    11713080               3493200                
VIII. Av Forraad i Rikskassa . . . . . . .                                0               2943300
                                                                         52200000               41650000
 
Dreg Ein ifraa Utgiftssummen dei 16872720 Kr., som skal ganga med til Jarnvegsdrift og Jarnvegsbyggjing, vert det att 35327280 Kr. mot 33550454 Kr. fyr 1877-78. Budgetsummen vert soleids aukat med 1776826 Kr.
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum