Kongedøme og Republik.

 
[Del 2 av 6.]
 
III.
(Framhald.)
 
Dei Folk i Italia, som inkje hadde Borgarrett, reiste seg mot Romarne og slost djerveleg, fyrr dei tapade. Daa vart Tilstandet myket verre i Italia. Store Stykke av Landet kom no til aa liggja reint aude fyr Folk, og der som staute og fridomskjære Folk (slike som Samnitarne) hadde butt fyrr, der dreiv no einkvar Hjurdingen umkring med Sauderne fyr dei store Herremennerne. Røvarar lurde i kvar ei Kraa, og paa Middelhavet var det so fullt av Sjørøvarar, at det sume Tider var snaudt nok dei romerske Herarne kunne sleppa ver.
 
I dei Landi utanfyr Middelhavet, som høyrde under Rom, var Tilstandet helder inkje vidare godt. Rom hadde krasat sundt fleire Kulturfolk, og det romerske Grosserarparti hadde øydelagt store, blømande Handelsbyar (som Korint og Kartago), ein lettvinnt Maate aa verta kvitt Konkurrentar (Medtevlarar) paa. Dei romerske Embættsmennerne, som ingi Løn hadde av Statskassa, flaadde desse Landi og tok seg betalte sjølve, so det munade, og braut Logerne, og det var sjeldan at det nyttade aa klaga.
 
Mest kvar Mann tenkte no paa seg sjølv, berre nokre faae tenkte paa Fedralandet. Der var stendigt Strid millom Stormennerne, og i lange Tider var det knapt ein einaste utifraa Mann i Rom, som hadde døytt paa Sotteseng.
 
Der hadde lenge voret eit megtigt demokratisk Parti i Rom, og etter kvart hadde Folket fenget stor politisk Rett, men likevæl kunne inkje no Republiken bergja seg paa den Maaten, at den gamle utlivde aristokratiske Republiken vart til ein demokratisk, nokot som nettupp hadde gjort Athen so sterkt. Detta kom seg av di, at han var reint for stor. (Sjaa um detta i andre Stykket S. 42). Daa no Tilstandet vart so ille, at Folket inkje kunne halda det ut lenger, og inkje Republiken kunne yngjast uppatt, soleids at han heldt paa aa vera Republik, so vart det til det, at ein Stormann fekk all Magti, og Rom vaart eit Kjeisardøme. Slik som det stod til i Rom no, var Yvergangen fraa Republik til Kjeisardøme eit stort Framsteg og ein Siger fyr Demokratiet.
 
Rom stod no under ein Styrar. Dei republikanske Stormennerne ("dei siste Romararne," som vilde kalla det gamle Styret til Live att), var fallne, og Folket, som endaa hadde i seg ein Gneiste av Fridoms-Hug, fann seg i Umskipnaden, daa Landet endaa i Form i var Republik, og Kjeisaren inkje var nokon "Konge" (av Guds Naade), men liksom dei gamle romerske Embættesmennerne hadde all si Magt fraa Folket. Julius Cæsar vart mistenkt fyr aa traa etter Kongemagti, og han vart radt drepen, men August lurade Kjeisardømet inn paa Folket, so det knapt merkade det, og han var for klok til aa vekkja uppatt det gamle Hatet til Kongestyret. Han vart den øvste Embættsmannen i Riket, vald av Folket og med all si Magt fraa det. (Um Skilnaden paa Kongedømet og Cæsarismen sjaa andre Stykket S. 37).
 
No yngdest det romerske Rike uppatt, so det endaa kunne standa i 500 Aar. Det var meir Fred, og Landi utanfyr Italia vart myket betre styrde no av Embættsmenner, som hadde fast Løn. Handel og andre Næringsveger gjekk det fram med, og det vart meir Velstand alle Stader. I Republikens siste Tider livde det fleire store Forfattarar i Rom, og endaa fleire i Fyrstningi av Kjeisardømet. Kjeisar August og Mæcenæs, Venen hans, drog til seg fleire gaaverike Diktarar, og hjelpte dei, og det romerske Bokriket hadde "Gullalderen sin" paa den Tidi. Men i alt det, som høyrde til Bokriket, var Grekararne Mynstret, og Romararne tok sitt meste aandelege Innhald fraa Grekenland, so me ser, at baade den aristokratiske Republiken og Kjeisardømet med all Stordomen sin endaa leid av aandeleg Fatigdom. Glimande og glansande var det utanpaa, men litet skapande Kraft inne. Ein kunne helder inkje venta nokot sjølvstendigt og sterkt Aandsliv, naar Folket billade seg inn, at det var fritt, og inkje var det, og naar det beste, Mannen eig, Retten til aa vera fri og raada fyr si eigi Framtid og sin eigen Lagnad og kjenna seg fullt ut ansvarleg fyr korleides det gjeng honom sjølv og Fedralandet, naar alt detta vart trakkat paa.
 
Den Magt, Folket hadde gjevet til August, kom attende til Folket, daa August døydde, men no gav det Magti til ein ny "Cæsar," og soleides gjekk det stødt, og Folket tenkte aldri meir paa Sjølvstyret, naar det berre fekk Braud og Mots. Kjeisararne let Folket liva i den falske Tru, at det var fritt. Dei hadde ingen nedervd Rett aa stydja seg paa, og difyr hadde dei strakst Mistanke, naar det var ein Mann, som var nokot utifraa, og klagade honom og slo honom ihel. Fleire av Kjeisararne var gode, men mange var liksom ville Dyr og gjorde forfælande Ting. Kjeisararne vilde, at Folket skulde offra til dei, liksom dei var Gudar, og slike forargelse Ting vilde inkje dei Kristne gjera (Kristendomen hadde teket til aa faa Inngang faa Aar etter Rom vart Kjeisardøme). Difyr forfylgde mange baade gode og vonde Kjeisarar dei Kristne, av di dei Kristne var "Upprørarar," og ulydige Folk, som bad til ein annan Herre. 1) Dei Kristne vart forfylgde, og det som fanst av gode Kjensler hjaa Heidningarne, vart døyvt og kjøvt. Folket vart skræmt og kraup fyr Kjeisarens Føter. Daa sidan germanske Folk sette seg ned i det romerske Riket, og germanske Kongar fekk romerske Undersaattar, daa lærde Germanarne og aa krjupa fyr Kongen sin, og Prestarne lærde, at detta var etter Guds Log.  
 
1) Daa alle upplyste Romarar hadde sluttat aa tru paa dei gamle Gudarne, var det inkje av religiøs Fanatisme, at dei forfylgde dei Kristne, men fyr di desse var politisk faarlege, Kommunistar og Folk med sin eigen Konge (den himmelske Kongen) som vilde hava eit Rike fyr seg sjølv og inkje gjeva seg under Kjeisarer.
 
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum