Amerika-Brev.

 
Chicago, 10de Januar 1878.
 
"Fedraheimen" hev alt ein og annan Lesar her i Amerika ogso, og fleire fær han. Maalsaki er ikkje venalaus her i Landet helder, maavita. Den største skandinaviske Bokhandlaren her fortalde meg ein af Dagom, at det gjeng meir og meir af Landsmaalsbøkom ut yver Landet. I Haust tingade eit Ungdoms-Samlag i Minnesota eit heilt Tjug af "Ei Hugvending." Dei vilde spela denna Komedia.
 
Maalsaki hev ogso voret dryftat i det norsk-amerikanske Bladom, og det er greidt, at ho fær fleire og fleire Vener, so at Landsmaals-Skrivarane i Norge kan vona aa finna mange Bokkauparar her med Tidi.
 
Her er vel ingen, som tenkjer paa at faa Dansk-Norsken umbytt med Landsmaalet som Bokmaal og Preikemaal fyr dei Norske her i Landet; Engelsk lyt verta vaart Landsmaal; men me ynskja Maalsaki al Framgaang i Norge, og me era visse paa, at hadde det norske Folk heima slik ein Fridomshug og Sjølvstandslynne som Amerikanarne, so skulde det ikkje vara mange Aar, fyrr Landsmaalet var aalment Bokmaal i Norge.
 
Men det tryt ikkje paa "Maalstræv" her i Landet helder, kan du tru. Eg hev voret i norske Bygder, der eg hev funnit eit Slags Landsmaal, som hev gjort seg sjølv. Folk fraa ymse norske Bygdir hev sett seg ned um hinannan, og so hava Borni og Ungdomen blandat Bygdemaali saman. Ei Gong var eg inne hjaa ein Svenske. Han og Kona hans talade Svensk; men Sonen, ein Gut paa 19 Aar, talade Hallingmaal: Grannfolki var Hallingar.
 
Det er eit stort Hend aa høyra Folk knota her i Landet. Dei era for sjølvstendige til aa gjera seg til Nar med slikt. Skulemeistaren og Præsten tala det dansk-norske Bokmaalet, og era dei uplærde her i Landet, tala dei det klent nok, mange af deim; men dei andre, som ikkje era Byfolk heimanfraa, tala jamnast sit gamle Bygdamaal beint fram, naar dei ikkje tala Engelsk. Soleides kan ein her i Chicago og andre Byar paa Kyrkjefestar og i andre Høgtidslag raaka paa mange fine Damor i Silkje og Fløgil, som tala reint norsk Bygdamaal. Men jamnast tala dei Engelsk.
 
For tjuge Aar sidan syntest dei Norske her i Landet, at det var ei Skam aa vera norsk; dei freistade daa aa dylja det so godt dei vann. No er det onnorleides. Dei synast no helder det er ein Heider aa vera norsk. Ja mange Stader driva dei det endaa for vidt i Norskdom, so at Engelsken verd vanvyrdat.
 
Lika vel er det ikkje mange af deim, som hev voret nokre Aar her i Landet, som tala Norsk utan aa "mixa," det vil segja, blanda in engelske Ord. Det engelske Maalet er so letvint aa bruka til Kvardags, at det kjem paa Tunga som av seg sjølv, og so er der so mange Ting og Innretningar her, som ein ikkje saag elder høyrde til i Norge, og som ein ikkje so lett kann finna norske Navn paa. Denna "Mixingi" driva mange so vidt, at det er reint løglegt aa høyra det. Soleides høyrde eg ifjor Sumar ei Kona sagde til Grannkona si: "Polisman hev poisa doggen min, og eg filar so bæd idag, - dæ var slik ein smart dog," (The policeman has poisened my dog, and I feel so bad to-day, for it vas such a smart dog. Umsett: Konstabelen hev forgiftat Hunden min, og eg hev so ilt av det idag, det var slik ein ferm Hund).
 
Jamvæl dei norsk-amerikanske Avisorna "mixa" meir og mindre. Ja eg hev høyrt Prestar, som i Preikorna sine hava mixat inn baade Engelsk og Tysk, endaa Folket slett ikkje skynar Tysk.
 
Denne Vinteren hev voret makalaust lind. Me fekk ein liten Kaldsmikk i Haust, eg trur det var i Fyrsten av November; men siden var det Sumarveer heilt til Nyaar. Det var so varmt, at ein syntest ein laut upp aa opna Glaset um Notti. Ute paa Landet pløgde og saadde dei i Rumhelgen, og i Joledagom plukkad dei Blomar og Mat-Urter i Hagom. Ei Tid lang høyrde ein berre Godlaat yver det milde Veeret; men i dei sidste Vikorna hev ein mest ikkje høyrt annat en Syt og Kjyt fraa alle Leider. Vegjerne her til Lands era lause, og i det langvarige milde og regnutte Veeret vart det slikt eit Uføre, at Folk i Byom ikkje fekk Mat og Ved inn fraa Landet, helder ikkje kom det Folk inn fyr aa kaupa Varor, og Folk paa Landet fekk ikkje kjøyrt Kornet og Flesket sit til Byom, helder ikkje fekk dei kaupt heim Varor til Husbruk. Ein Mengde Svin, som dei hava slagtat, hava rotnat, fyrr dei naadde fram til Salteriom; men det verste er, at Maiskornet rotnar i Bingom. I dei fyrste Dagom av det nye Aaret fekk me ein liten kvass Kaldstøyt; men daa Folket tok til aa leda paa seg, var det Linne og Lausveer atter, og no ser det mest vonlaust ut.
 

 

Frå Fedraheimen 09.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum