Rispur.

 
Ein Dokter kom til ei gomol Kjering, som var sjuk, og fælande rædd fyr aa døy. "Er du sjuk?" spurde han. Ja, ho var klen; "trur du eg døyr?" spurde ho. "Aa, eg veit ikkje det," sa han; "gamle Kjeringar plar nok daua stundom."
 
Fabel. Ramnen kom ein Dag paa Innstig til Kraaka. "Eg veit ein daud Øyk," sa Ramnen. "Er han feit?" sa Kraaka. "Berre Spekk, berre Spekk," sa Ramnen. "Maa eg vera med?" spurde Kraaka. "Beinrangel! Beinrangel!" klunkad Ramnen.
(K. Hv).
 
Dæ va ein Mann, dei kalla Lars Langomlaar; han var so lei te stela Fisk. So va dæ tvo Grannar, som tenkte ut ei Raa te aa skræme Lars aa Fiskebekkjen sin. Dei reiste upp i Heii, der Fiskebekkjen va, ein Kveld daa Lars va der og fiska. So lae dei yvi so, at dei sille leggje seg i kvorsin Nut, som sto paa kvaare Sia av Bekkjen, og laate paa Lag som Rysen. Daa no Lars kom og ljostra, ropa den eine Mannen: "Grannen min den goe?" "Hot?" svara hin. "Maa eg laane Kjetilen din den store?" "Hot vi' du mæ den?" "Eg vi' koke Lars Langomlaar, som fiskar paa Bekkjen min baade Haust og Vaar!" "Ja maa eg skrapa Skovunne?" "Nei, fyrr ska eg steikje'n paa Gløane." - Daa vart Lars so rædd, at han tok avsta, og torde aller stela Fisk paa den Bekkjen meir.
 

 

Frå Fedraheimen 02.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum