Rispur.

Ein Mann fann ein Hundraddalarsetel paa Gata. So lyste han ut, at den, som aatte Setelen, kunde koma og faa honom att. Daa kom det ein liten fillutt Gut. "Ja du ser ut til aa ha mist hundrad Dalar!" sa mannen. "Naa, hev eg ikkje mist dei, so hev eg daa saknat dei lengje!" meinte Guten. (K. Hv.)
 
Den som um Vaaren, naar Gauken gjel, kann koma innunder det Treet, som Gauken sit i, han kann ynskja seg tri Ting, og fær dei, er det sagt. So var det ei Gjenta, som fekk snika seg inn under eit slikt Tre. Ho tenkte seg til aa ynskja: den Guten, ho likte, til Mann, tolv Kyr og ein liten-bitte Gutunge. Men i deu Hastvenda tok ho i Mist og sae: tolv Gutungar og ei litabitte Kyr. Ho fekk, som ho hadde ynskt; men det ynskjet tregad ho paa i alle sine Livedagar.
(K. Hv.)
 
Fyrr i Tidi trudde dei, at det var den Vonde, som sprang Ærend, naar dei telegraferte. So var det ein Døl, som kom til Byen, og der saag han, at dei hadde lagt tvo Telegraftraadar, der det fyr var berre ein. "Aa du, du!" ropte Dølen, "no skal det væl bli greidt fyr Fan aa laupa Ærend; no kann han trø paa den eine Traaden og halda seg i den andre!"
(K. Hv.)
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum