Utlandet.

I Sverike gjeng Riksverket no fyr Tidi stilt og rolegt, og det vart litet ansat, at Riksdagen skulde koma saman nett i desse Dagom (den 17de). Trontalen hev me, likevel, fenget med Telegrafen, men som ventande var, so er det ikkje myket merkjelegt i honom. Talen ordast um dei laake Tider og meiner, dei kjem seg av dei store politiske Skakingar. Salet av Øyi Barthelemy aat Frankrike vert umnemnt, og Talen ankar paa, at den fyrre Riksdagen ikkje tok ved det Herframlaget, som daa var. Det vil ikkje koma nokot slikt Framlag fyr denne Riksdagen. Derimot er det aamaalat paa Framlag um ny Løningslog fyr dei civile Embættesmenner paa Landet og um Skjutsstellet. I Budgettet fyr 1879 er Inntekter og Utgifter reiknade til 74,700,000 Kr.
 
England. Parlamentet (Stortinget) kom saman den 17de. I Trontalen heiter det seg, at Tinget var samankallat tidlegare enn vanlegt, fyrdi at Styret vilde gjeva det Greida paa, kvat det hev gjort til aa faa Endskap paa Krigen, og faa Hjelp og Raad hjaa Parlamentet i den Vaaden, som er. Regjeringi vil gjera alt, ho kann, til Freden, og ho vonar det beste. Enno hev ingi av dei stridande Magter brotet dei Vilkor, England hadde sett fyr aa halda seg utanfyre, og so lenge som ikkje det vert gjort, vil England ikkje skifta Fotstad. Men skulde Ufreden verta paaherdande og nokot uventat Hende koma paa, vert England nøydd til aa taka sine Fyregjerder, og Regjeringi lit paa, at Parlamentet daa vil romust lata til dei Pengar, som trengst. – Innehaldet er tunnvoret, og korkje Fredsvenerne elder Krigskultarne skal vera mykje velnøgde.
 
Italia. Ingen vert rost, fyrr han er daud; men sjelden fær nokon so myket Ros og Æra yver si Grav, som Viktor Emanuel hev fenget. Alle Heimsens Riksstyrarar, alle Byar, Sokner og Samlag i Italia, høge og laage, hev synt sin Medhug. Paven desshelder, som fyrr var hans argaste Uven og som jamvel hadde bannstøytt honom, hev no vist seg utruleg ærug. Han ligg no sjølv i Dauds Von, og daa plagar altid Folk aa møykjast litevetta. - Etter eit italiensk Blad skal Viktor Emanuel ha sagt paa sitt sidste: "Eg døyr Katolik; eg hev stødt elskat og havt Age fyr den heilage Fader. Hev eg nokotsinn sjølvvaldande utykkt meg med honom, so tregar eg paa det; men i alt, som eg hev gjort, veit eg med meg sjølv, at eg hev etter beste Samvit uppfylt mine Skyldor som Fyrste og Borgar og ikkje gjort nokot mot mi Fedra-Tru." - Det var i ei vaadleg Stund, han vart burtkallad. Det er snart nytt Paveval ventande, det er Tvidrætte i Regjeringi, og dette attaat Ugreida i Austerlandom kann ikkje annat enn avla Otte fyr Framtidi, og dertil kjem, at dei ikkje kjenner stort til, kvat Ungkongen Umberto kann duga til i Politiken. Hans fyrste Ungdom teiknad ikkje frakkt, er det sagt; men han skal ha folkat paa seg og mannast til i seinare Tid.
 
Krigen. Etter som det no stend, skulde det tykkjast vera Uraad fyr Turken aa tenkja paa annat enn aa faa Fred det snaraste han kann. Tyngdepunkten av Krigen er no heilt lagd yver til Rumelia. Ryssen er paa alle Veger farande fram med Yvermagt mot Adrianopel. Turken hev ikkje meir enn 50-60,000 Mann aa setja imot, og Ugreida er det au i Førarskapen. Suleimann Pasja hev no fenget Avskil, og Mehemed Ali er teken til Naade atter; kor ofte han no hev voret til Skiftes i Naade og Unaade, er uteljande. Slikt Vingel lyt lemja all Styring. Det finnst soleids ikkje Von til Berging atter fyr Turken, og det er sjølvsagt, at han vil kaupa Freden fyr kvat Pris det skal vera. Men Ryssen tøygjer Tingingi um Vaapenkvildi i Langdrag, for det er nog Meiningi hans aa gjeva Turken Daudhogget ved Adrianopel, fyrr enn hann gjev seg til aa tinga um Freden. Dess større Naudi vert, dess dyrare fær Turken bitala. So fær det daa visa seg, um England og Austrike, so som dei kyter paa, kann hindra, at Freden vert gjort deim uspurt. – Saman med Krigen skal me ogso nemna ei Tidend, som kjem oss ved, soframt som ho er sætande. Ryssland skal ha tingat med dei andre Magter ved Øystresjøen, um at dette Havet skal stengjast fyr alle Magter, som ikkje eig Land ved Strenderne.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum