Um Maal- og Skuletilstand i Finmarki.

 
II.
 
Stykket hans N. Hertzberg hev sume andre gode Maalmanns-Lærdomar, som me vil draga ut.
 
Det gjeld um, meiner han, aa faa Kvænar og Lappar "fornorskad". Og korleids skal Ein gjera det? Jau, meiner Hertzberg, Ein skal læra deim norskt Maal 1). – Rett! – Men liksom Ein fornorskar Kvænar og Lappar ved aa læra deim norskt Maal, soleids trur me Maalmenn, at Ein fordanskar dei Norske ved aa læra deim danskt Maal.
 
Kvænarne lyt no allvist verta fornorskad, meiner H.; dei hev sjølve flutt inn i Landet, og so fær dei au fylgja Landsens Skikk. "Det er uden Exempel, at man saaledes som hos os (i sproglig Henseende) tager sig af Indvandrere; i andre Lande faar det blive disses egen Sag at finde sig tilrette i det fremmede Land," segjer Hertzberg. – Godt! – Samleids lærer me Maalmenn, at dei Danske, som hev flutt her inn i Norig, au lyt sjaa aa verta Norske. Det er ein sann Tanke det, at i Norig lyt Folk vera norske. Men det er den Skilen paa dei Dansk-Norske og paa oss, at dei vil tvinga sin Norskdom inn paa Folk; men me vil, at Slikt skal "gjera seg sjølv" – i Fridom.
 
Det er, som sagt, helst Kvænarne, som H. meiner Landsstyret hev Rett til aa tvinga. Lapparne derimot hev "en vis Ret" til aa krevja Kristendomskunnskap og onnor naudtrengd Upplysning i sitt eiget Maal, daa dei er "den oprindelige Befolkning" deruppe. – Mykje sannt! – Lika eins meiner me Maalmenn, at dei Norske og hev "en vis Ret" til aa krevja Kristendomskunnskap og onnor naudtrengd Upplysning i sitt eiget Maal, daa dei og – i Likning med dei Dansk-Norske – er "den oprindelige Befolkning" i Landet!
 
Hr. Ekspeditionschef Hertzberg fortel einstad, at Nordmennerne hev slik ein "eiendommelig Evne" til aa læra og tala framande Maal. – Um me hev nokon serskilt Givnad i det Leitet, veit eg ikkje. Men at me hev ein serskilt Givnad til aa gløyma og misfara vaart eiget Maal, - det veit eg, dess verre!
 
III.
 
Til Slut lyt eg spyrja:
 
Er det sannt det, at Landsstyret hev Rett til aa tvinga Norskdomen sin inn paa Kvænfolket, fyr di um detta Folket sjølvviljande hev flutt inn i Landet? -
 
Hr. H. ser ut til aa meina Ja. At han ikkje endefram tel til aa bruka Vald, kjem berre av, at han fæler fyr, det kunde eggja Kvænarne upp slik, at heile "Fornorskingi" vart upp i Inkje, attaat di, at det daa kunde henda sume andre Ting, som var anten uforsvarlege elder beintfram faarlege.
 
Men han raar Styret til aa bruka Tvang so langt som det gjeng an. Ein skal faa upp "Smaabarnskular," som skal taka Borni or Heimen naar dei er reint smaae; og Ein skal setja inn norske Lærarar og halda deim under streng Uppsyn, at dei altid driv hardt paa med Fornorskingsstrævet, anten so Kvænarne griner elder græt.
 
Eg likte ikkje aa lesa um detta. Der er ein Tev av preussisk-russisk Villmannskap i det, som er baade stygg og løgleg, stygg i seg sjølv som alt slikt, og løgleg, naar Ein tenkjer paa detta "Haukyver-Hare"-Principet, brukt av slikt eit litet armt Folk som me, som ikkje eingong hev greidt Spursmaalet um vaar eigen Nationalitet.
 
Og eg hev mine store Tvil um den Retten til aa bruka Magt mot desse stakkars Framandfolk. Er ikkje den dansk-norsk-finmarske Kulturen i seg sjølv so sterk, at han fritt kann draga Kvænfolket inn under seg, so undrast eg, um me ikkje helst bør lita oss med det som det er. Det er Vit i, som dei Franske gjorde i Elsass; for dei Franske hadde ein Kultur, som drog Framandfolket fritt til seg. Men det er Villmannskap og Inkjefolk aa fara aat som Russen i Polen og Preussen i Slesvig, endaa um desse Kvænarne er farande Fuglar, som paa ein Maate stend rettlause her i framandt Land, dit dei hev faret fyr den stakkars Maten.
 
Du veit, det er Magti som raar. Men naar Kvænarne hellest lyder Landsens Loger, so skulde Ein tru, at i eit fritt Land som vaart skulde dei sjølve kunna raa fyre kvat Maal dei vilde bruka. Det var altid gildt aa faa "fornorska" dei, for Folk bør vera norske i Norig. Men Humaniteten er det fyrste, Norskdomen det andre, - og dessutan er det so mange Andre her i Landet, som ikkje er "norske" (i Maalet daa), at her ikkje er likt til aa vera nokon serleg Grunn til aa hasta so fælt nett med Kvænfolket. Men vaare "Dansk-norske," som nok enno hev myket tysk Blod i sine Aarer, dei veit av fraa fyrr, dei, aa vera inhumane i slike Spursmaal, so det nyttar vist litet aa tala um Mannamilde med deim. Dei vil vist bruka seg det vesle dei vinn, baade mot Kvænarne og mot dei Norske, fyr aa faa sitt Maal og sin "Nationalitet" til Herre i detta Landet. Men so lyt me trøysta oss med, at den "Nationaliteten," som lyt bruka Magti endaa mot so veikt eit Folk som Kvænfolket, - den Nationaliteten er nok ikkje alt so sterk i Grunnen, so han gjer seg breid til.
 
1) Det, som han og Morgenbladsfolket kallar norskt daa.
 
Dixi.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum