Smaapavar.

(Tilsendt).
 
Fyrst maa eg fortelja, at eg ikkje er Lærar. Og at eg helder ikkje er Prest, det vil snart visa seg.
 
For det er just um Prestarne, at og her etlar meg til aa segja eit litet Ord. Ikkje fyr aa eggja Folk upp. Eg vil helder minna Lesaren um, at me ikkje maa undrast for mykje, um me finn, at Ein og Annan af desse Folk er framifraa stivnakka og sjølvvise; for eg kjenner Ingen, utan det skulde vera Lensmannen og Skiparen, som vert soleids freistad til slike Udygder som Presten. Presten i ei Landsbygd – ja han veit me er, mest liksom Kongen sjølv, "heilag;" og naar han daa ser detta, Aar etter Aar, so maa me ofta undrast paa, at han ikkje er værre. Kvat han skulde vera, kann du lesa i Sverdrups Kyrkjeblad betre enn eg kann fortelja det. Helst vil eg raa deg til aa lesa Presten Schiørn sitt Stykkje.
 
Men det var um ein annan Prest, eg vilde fortelja. Han er nyleg komen fraa Nordland. Kor det hev seg, at dei der skulde verta slike Pavar, forstend eg ikkje, for der skal vera upplyste Folk i Nordland, men denne Presten er ein "Pave," det er vist. Eingong hadde han og nokle andre Menn komet til Lags um eit Umbrigde i Skulestellet, som der paa Staden er so vesalt, at eg tore ikkje nemna det. Men so, andre Dagen trur eg det var, kom desse same Folk inn til Presten og skulde snakka meir um detta og faa nokot fast  avgjort. Daa vilde Presten ikkje høyra eit Ord um heile Skulen. Tilslut vart han so sinnad, at han trødde i Tilet og meinte paa, at han var van aa gjera med Skulen som han sjølv vilde, og so skulde det vera her og. Folket vart radt forfjamsat, og der var endaa ein Embætsmann med, som bad Presten orsaka, at dei hadde vaagat seg inn til honom. – Ja, eg skulde so gjerna orsaka Presten med det, at han er fælt sinnegalen, - for eg lid sjølv hardt av den Fel. Men daa laut Presten gjera det godt igjen, naar Sinne gjekk yver; - det lyt eg ofta gjera. Presten hev ikkje gjort detta, som eg veit av.
 
Same Presten preikad ein knaldrande Frostdag i yver tvo Klokketimar, og daa Folket, stive og valne av Frost, tilslut vilde grava seg ut or Kyrkja, flaug Presten lika av Stolen og læste Kjyrkjedøri; - endaa var det daa Sume, som slap ut hi Døri lel, medan Presten heldt paa med Stordøri. Kor mange Gradar det var, veit eg ikkje; men gruseleg kaldt var det.
 
Ein varm Sumardag, Presten preikad i Annekskyrkja, vilde ei Kona faa Uvit og maatte ganga ut, daa Presten hadde voret so umpass eitpar Timar paa Stolen; - han gjere det sjeldan under tvo Timar. Presten daa av Stolen og ned i Kordøri, og vart reint glup paa den, som kunde ganga ut, naar han preikad. Det var daa Ein, eg trur det var Ordføraren, som svarad Presten, at "hu va' nok rædd'e, hu sko faa Uvit." "Saa kunde hun have ventet, til hun fik det da," meinte han Far, og dermed strauk han fyr Altaret og til aa messa, so Sveitten draup av han, - for det var herjaleg varmt.
 
Eg kunde fortelja lange Reglur um slik Ferd, men detta fyr denne Gongen. Du vil væl spyrja, kvat Folk skal gjera med slike, og eg veit daa ikkje betre Svar enn der er i det Stykkje, eg fyrr nemnde, av Presten Schiørn, og so i ei liti Bok av Presten Klaveness um "Kyrkjetukt." Ho kostar berre 7 ½ Skilling og er verd sine Pengar. Les den.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum