Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 11 av 25. Fyrste delen.]
 
IV 1).
 
Ei Helgenvigsla. Ei Nonnevigsla. Ei Dyrvigsla.
 
I Dag skal me ganga i Peterskjyrkja og sjaa paa, korleides ein Mann verd uppteken millom Heilagtalet. Kvat han heve gjort, skal me inkje kunna segja, men Benedetto fraa Urbino heiter han, og Kapucinarmunk var han. Paven skal koma i Kyrkja i Dag og heile Biskopsfylgjet, so det er inkje at undrast paa, at Folk strøyma til Kyrkja. Er du tidleg ute, kann du endaa faa Tid til at sjaa deg liten Grand ikring. Detta er daa det merkelege Huset, som er bygt paa "Tyskarne sine Synder," som Romararne spottande sagde, naar Johan Tezel og hans Jamlikar sende dei fulle Pengekistorna um Alparne, som dei hadde samlat ved Avladshandelen i Tyskland. Detta er det Huset, som er so uhorveleg stort, at den største Kyrkja ellest i Europa maklegt kann standa inne i det. Det ser slett inkje so stort ut, med det same du stig inn; for det eine høver so makalaust inn i det andre, at du inkje verd var Storleiken. Fyrst naar du tek til at vandra millom alle desse Suleraderna, og Marmorgravminni, inn i alle desse Smaakyrkjorna paa alle Sidor og mest aldri verd ferdug, so merkar du nog, detta maa vera nokot utifraa stort. Fyrst naar du ser, kor Kyrkja glyp den eine Mannaflokken etter den andre, og dei verda burte som Dropar i Havet; fyrst naar du steller deg upp imot ein av desse digre Stolpom, som bera Himlingen, og ser at du verd som eit Sandkorn, som ligg dernede paa Fotstykket – fyrst daa tek du til rett at glaama og stira. Eg vil inkje taka meg til her at skildra Peterskyrkja, det hava so mange gjort fyrr meg; men eg vil berre segja somyket, at ein kann ganga her dagevis og inkje verda mett av at sjaa paa alle dei fagre Kunstverk, som pryda Kyrkja baade i Marmor og Mosaik. Her er "Pieta" etter Mikel Angelo, her er dei makalause Løvarne etter Kanova, som vakta yver Kista til Pave Klemens den trettande. Den eine søv, den andre lettar litet paa Labben; du er viss um at faa Kloi i deg, røyver du Kista. Her er Marmorgravminnet, som Torvaldsen hogg yver Pius den sjaunde.
 
No velt Folket inn i Kyrkja. Or Vegen! der er Sveitser-Livvakti. Inn koma dei marserande, klædde som fyre Aarhundrad sidan, raude og gule med Hjelmar paa Hovudet og Spjotøkser i Henderna. Det er nett som paa ein Eksisplass - "holdt!" – der støyta dei Spjotøkserna i Golvet, so det singlar, og snu seg paa Hælarne. Dei gjera Gota fraa Kyrkjedøri og upp aat Altaret fyre Paven og hans Fylgje og halda Aalmugen undan. Innum denne Lina fær du inkje sleppa, minders du er klædd i svart Livkjole og kvit Halsklut. Alle Kvinfolk, som vil faa Rum paa det store Trevet, som er uppsett øvst i Kyrkja, lyt vera svartklædde, med svart fyre Andletet.
 
Der hava dei kveikt Ljosi i den store Koren; det er tusund paa tusund i Rader, i Stjernor. Dagen er utestengd. Vakset dryp i Hovudet ditt, kjem du innaat.
 
Med Ingongen til Koren er det upphengt Maalarstykke, som skildra alle dei Furdeverk (Mirakler) dette Heilagmennet heve gjort. Snart er det ein blind, han giv Syni atter, snart er det ei bringesjuk Gjenta, han gjerer heil. Han heve soleides voret eit Slag Underdokter denne Broder Benedetto. Ikring kvart Maalarstykke er det fest ein Straalekrans av Ljos. Uppe i Kortavla er det og innfelt ein rund Krans, men han er endaa gjøymd av eit Slør.
 
Men min gamle Ven Petrus, kor liver han i Dag skal tru? Den som inkje veit, kven Petrus, maa daa vita, at det er ei gomol Bilætstytta av Guden Jupiter, som no er gjort til St. Peter og uppsett i Peterskyrkja. Han er heilt av Bronse, og det trengst og, for heile Foten er soleides forkysst, at det finst inkje Merke til Tæer ein Gong. Men i Dag! – korleides er det du ser ut? Jamen hava dei klædt Petrus ut med Pavehatt og Biskopskaapa og sett ein diger Ring paa Fingren hans. Det skal vel segja so myket som, at han no heve fenget denne Benedetto til si Brud. Stakkars Petrus! han ser reint skamfull ut under den store Huva, som sig ned i Augo paa honom. Og sjaa Folket, kor det yr kring um honom! Dei trengja seg fram, Soldatar og Storfolk, gamle Kallar og lurvutte Kjeringar og silkeklædde Damer og Smaaborn. Alle vil dei kyssa honom paa Foten og leggja Skallen sin upp imot det heilage Bilætet. Men dei agta vel paa at turka Foten godt med Lumeturklædet sitt, fyrr dei kyssa. Ja er det inkje merkelegt! Der ligg ein Bonde fraa Kampagnen og ser med slike gudelskne Augo paa denne svarte Jupiter og kysser honom Gong etter Gong med slik Age, at ein kann vera viss um, han meiner det so vel og er so reinhugad, som det beste Gudsbarnet. Og likavel kann ein inkje annat enn tenkja paa Heidningen, som kastar seg aa Gruve fyre Avgudsbilætet sitt. Han kann og vera reinhugad paa si Vis. I Praksis er det inkje stor Skilnad paa Heidningadom og Kristendom her i Rom, som fyrr sagt. Det er berre Namni, som er umbrøytte. Istadenfyre Jupiter og Apollo og Venus og alle dei andre Gudarne hava dei no Kristus og St. Petrus og St. Augustinus og Madonna og St. Agata og St. Sesilia, og kvat dei heita alle ihop.
 
Kyrkja fyllest meir og meir. Der koma Kardinalarne, ein etter ein, i sine illraude Kaapor og illraude Sokkar og illraude Kollhuvor. I Hælarne paa deim slett det nokre Tenarar, som letta Kaapa fraa Golvet. Kardinalarne skrida fram til Koren, dei nigja og bøygja seg fyre kvarandre; fyre kvar ny, som kjem, risa dei andre upp. So setja dei seg i ein Halvkrans i Koren; Tenararne setja seg med Føterne deira. Ein ser forviten paa alle desse gamle Andlet og spyr etter Antonelli. Antonelli er inkje med i Dag, han er sjuk og trotter inkje godt at sitja ei heil Messa; men eg heve do set honom, Pavens vonde Vette. Han var gulbleik i Andletet med skygge Augo, som kunde han inkje sjaa ein Mann beint i Syni. Han kann gjerna vera sjuk av alle dei Vaabøner, han fær. Er det eitkvart ilt, som er gjort, og som Folket mislikar, strakst heiter det: "det er Antonelli, den vonde Antonelli!" Er det eitkvart godt, so heiter det: "det er Paven, den gode, milde Pius!" Det maa inkje vera hyggelegt at liva paa slik Vis; han heve visst og sine tunge Timar denne Antonelli, og no er daa ogso han framgjengen fyre sin rette Domar.
 
Ellest er dei inkje fagre desse Kardinalarne, gamle krokutte Kallar, som saag ut, som dei stod paa sin eigen Gravbakke. - - Hyss! der kjem Paven! "Giv Agt!" Soldatarne retta seg paa Lina. Kor stilt her vardt. Alle venda Augo sine mot Koren. Der koma dei med honom, gamle Pius, han sit i Berestolen sin paa Akslom aat sine trufaste Tenarar. So detta er daa Paven, han som med ein Finger kann faa tusund av Kne til at skjelva og bøygja seg, han som let upp og let atter Himmeldøri fyre so mange Sjæler, han som i det nittande Aarhundradet endaa trur seg i det fjortande og vil byggja upp ein Mur av Vankunna, so Borni hans bak denne kann liva so skuldlaust som i Paradis. Han som sjølv ein Gong hadde Fridomshug og store Syner, men so ræddadest, daa Gneisten, han hadde kastat ut elder givet Live, slo ut ein Loge, som vilde tæra alt det gamle, Pavestolen med kannhenda. Korleides ser han daa ut denne vidgjetne Pio nono?
 
 
1) Framhald fraa ifjor.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum