Sigurd.

Aa Sigurd stend ne-paa Laaven bankar,
og sumtid ser du han stend i Tankar; -
ho Thorbjør Bergje saa rau og kvit
som Tyrinaglar i Hausen sit.
 
"Naa vi' eg meg upp te Thorbjør vanke,
eg bli saa lei stande hera banke;
og fær eg Thorbjør, eg kauper Gar;
daa kann eg vera min eigjen Kar.
 
Eit venlegt Ouga ho te meg sende,
daa kring i Dansen eg henar vende;
te Dans eg Thorbjør støt Haandi gav,
ho fy'gde Sigurd og bou kje av.
 
Eg hev kje Nau te aa gange tene,
naa fær eg Thorbjør, ho er saa ven'e!
Naa kann dei sjave i Domma glo,
eg fæler Sigurd held seg for go!" –
 
Um Loudagskvellen gjekk Sigurd tulla,
han gjekk te Stallen og Blakkjen stulla;
i nye Buksur og blank'e Hatt
igjønom Smogje 1) dei saag han smatt.
 
Men fri han Stakkaren inkje konne; - -
saa datt han ne i ei Sildetonne.
Daa Sigurd steig otor Stigjen ne,
han sto i Sild upp te sine Kne. - - -
 
Um Maandagsmorgonen uti Koven
dei vekkte Sigurd, han lout paa Laaven.
Han trekst' ifjor og han trekst' i Aar,
naa tok han Staen av meg igaar.
 
1) Smog: trong Gjønomgang millom tvo Hus.
 
Jørund Telnes.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum