Rispur.

Ein skotsk Sekkpipeblaasar flakkad um i Polen; ein Dag tok han Rast i ein Skog, hadde upp Nista si og skulde til aa eta. Men snaudt fekk han segja "I Jesu Namn," so kom det tri Skrubbar luskande ikring honom. Skotten vart rædd, heiv Braud til den eine, Kjøt til den andre, til heile Nista hans var uppøydd: sidstpaa viste han ikkje annat aa finna paa, han tok upp Pipa si og gav seg til aa spila. Daa vart Graabeinarne rædde og sprang sin Veg. "Mi Sann," sa Skotten, "hadde eg visst de likte Musik so godt, so skulde de fenget 'n fyre Maten!"
 
Det var einstad slikt eit fælande ufyset Veer. So kom det ein Mann til Presten og jamrad seg fyr detta. "Me lyt gjera som dei gjorde i Frankrik eingong," sagde Presten. "Korleis gjorde dei der daa?" spurde Mannen. "Dei let honom rigna, til han heldt upp att," svarad Presten.
 
- Ein annan Mann kom ogso og klagad yver "Styggaveeret." "Ja," sagde Presten, "eg snakkad til honom um det her ein Dag." "No, kvat Svar fekk du?" spurde Mannen. "Ja kvat Svar fekk eg? Han svarad det: pass berre du paa ditt, so skal nok eg passa mitt!" –
 
Det var ein Mann, som vilde ut aa skjota Bjørn. Men fyrst laut han prøva, um han var stød paa Hondi til aa skjota. So sette han upp ein Blink paa Laavedøri, og skaut. Nei, han raamad korkje Blinken elder Laavedøri. Men ein stor Stein, som laag nordanfyr Laaven, den fekk Smellen. "Ja ja" sa' Mannen, "det var ikkje so illa skotet likevæl! For hadde no berre den Steinen der voret ein Bjørn, so veit eg visst han hadde rullat!"
 
"No veit eg daa, hot ein 'Ditto' er au, sa han Johans Tevemyr.Han hadde voret paa ein Auktion, maa vita, og der kom det, millom andre Ting, ogso upp tvo Grytur. Daa den eine var seld, ropad Auktionsmeistaren: "Ein Ditto!" – Sidan trudde han Johans, at ein Ditto var det same som ei Gryta.
 
Han Nils Skrabbom var hjaa Presten og kravde Lysing fyr seg. So vilde han hava ein Tale av Presten, naar dei skulde vigja, maa vita. Ja, Presten hadde tvo Talar; den eine byrjad soleids: "Alt Kjød er som Græs;" den kostad 3 Dalar, med' den andre kostad berre ein. Han Nils vilde daa hava den til ein Dalar. Men daa dei kom fyr Altaret og det bar ut i Talen, so raakad det soleids til, at Presten der og kom til aa snakka um "Gras". Daa sette han i, han Nils: "Eg sa' deg daa det, Prest, at eg vilde 'kje hava den med Høyet 'ti!"
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum