Notisar

Tvo Mann (fraa Soløer) hev paa Byvegen drukket seg ihel paa ei Flaska med Gift, som dei tok fyr ei Brennevinsflaska. Den eine av dei var drukken, den andre veit dei ikkje nokot visst um.
 
Stavanger (Brev). Paa Tjensvold i Hetland freistad ein Folgemann og skjota ihel Styvson sin. Dei laag i Strid um eit Jordstykke.
 
Son aat Møllarguten, Torgeir Torgeirson, spilar no paa Klingenberg "(Kristiania Tivoli)."
 
Kristiania hev no, etter den siste Grendsevidking, 100,000 Innbuar.
 
Ole Bull er paa Spile-Reis i Tyskland.
 
Til Sagatunskulen (Byggjepengar) er teiknat 7,324 Kr.; derav 700 Kr. som rentefritt Laan, Resten som Gaava.
 
Istadenfyr Chr. Johnsen er Storthingsmann Selbo (2dre Suppleanten) innkallad i Statsrevisionen.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum