No. 70,000.

Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
 
[Del 3 av 9. Fyrste delen.]
 
II.
 
"Men Johan!" ropte ho skræmd, og stirde paa honom med grøteleg Sorg i Augom; " kann du tala slikt eit Ord? Hev eg tapt deg so reint, med di du soleids vil forlata meg?"
 
"Nei, Maria," svarad Johan og drog henne fast inn til seg. "Elska deg lyt eg, so lengje eg liver, og Hjartat mitt kann aldri sleppa deg, fyrr det sjølv brest. Men just difyre kann eg ikkje lenger sjaa, at du gjeng her og lid so vondt, og folnar burt som ein Skugge av denne daglege Hjartesorg. Difyre gjeng eg, og raar deg sjølv til aa lyda Foreldri dine, at du kann faa Fred. Og - - kor det no hev seg: eg trur ikkje paa, at det Giftarmaalet med Thorbeck kjem til aa vara so lengje".
 
"Eg skulde taka Thorbeck?" spurde Maria og reiv seg fraa honom. "Og det raar du meg til, du som veit, kor den Mannen er meg imot!"
 
"Eg hev spurt etter um Thorbeck," sagde Johan, "og han skal ikkje vera so leid som han ser ut. Tenararne hans segjer han er ein utifraa snild Mann, endaa um han er nokot stillfarande og innestengd. Og daa held du det væl ut med honom, tilmed daa han verkeleg ser ut til aa elska deg. Og som eg hev sagt: der er nokot i meg, som segjer, at det ikkje vil vara so lengje."
 
"Og med slikt vil du trøsta deg og meg, og paa slikt vil du vaaga baade di og mi Lukka?" spurde Maria med eit refsande Augnekast.
 
"Nei, ikkje einast paa det," svarad Johan. "Eg tenkjer og paa det Ordet: "Born skal lyda  Foreldri sine i Herren, for det er rett," og paa det fjorde Bodord, som slutar med den Lovnaden, "at det kann ganga væl med deg, og du maa liva lengje i Landet." Detta hev gjort, at eg er komen paa desse Tankar. Kor hardt det hev voret fyr megaa vinna soleids yver mitt eiget Hjarta, det veit Gud Fader; men eg ser ingen annan Maate aa berga deg ut av denne Naudi paa. Lat oss lita paa Gud, at han vil styra det Alt til det Beste; og skulde han styra det so, at me vert skilde fyr all Tid, daa lyt me prøva aa tru, at han vilde det so til vaar Sælabot. Giftarmaal segjer dei vert avgjorde i Himmelen, og er vaart avgjort der, so kann Ingen skilja oss i Lengdi. Men kor som gjeng, - fylgjer du mi Raad, so veit me, at du - og kannhenda eg med – hev Guds Vælsigning yver Livet." – So talad Johan fyr den sorgfulle Møyi; men endaa han letst vera sterk, var det daa lett aa sjaa, kor hardt det var fyr honom aa tala som han gjorde. Meir enn ein Gong svigtad Mælet, og Munnen hans bibrad av den tunge Sorg, som brann honom i Bringa.
 
Daa han hadde talat ut, saag Maria lengje og kvasst paa honom med sine store vaate Augo, liksom ho vilde sjaa honom radt inn paa Hjartebotnen. Men det ho las i hans graatslørde Augo, som glødde i liksom endelaus Sorg, gjorde henne nok fullt trygg. Ho rettad Henderne fram og sagde:
 
"I Guds Namn! – naar Du vil det soleids. Gud, fær eg tru, vil gjeva meg Kraft til aa vinna yver mitt Hjarta, liksom Du hev vunnet yver ditt. - Men det maa Thorbeck faa vita, at det vert berre Haandi, han fær, og ikkje Hjartat. Kann han lita seg med det, so skal eg i Truskap vera Husvivet hans, so lengje Gud vil."
 
Ho hadde sagt detta med merkjeleg Ro; men snaudt var siste Ordet komet yver Tanngarden, so kom det fyr henne som ho hadde sagt Daudadomen yver baade seg sjølv og si Livsens Gleda. Ho heiv seg med eit Skrik av Sorg um Halsen hans, gav honom ein lang Kyss, og seig so magtlaus ned paa ein Stol.
 
"Gakk no, Johan, og lat meg vera aaleine!" kviskrad ho, og trykte Henderne mot Bringa, som ho var rædd ho skulde sprengjast av den harde Hjartebanking; "gakk, og Gud vere med deg – og med meg."
 
Endaa ein Gong bøygde han seg ned yver henne, kysste henne paa Panna, og sagde i strid Graat: "Ja, eg gjeng; men gløym ikkje meg, um du eingong treng um ein god Ven! Far væl! Gud verje deg!"
 
Han sprang upp paa Kammerset sitt, pakkad Skreppa, og tok so av Garde, utan aa bida paa Meisteren. Han hadde gjort upp med honom Kvelden fyreaat, og sagt, at han var meint paa aa fara no med det snaraste, og det hadde daa Meisteren ikkje havt nokot imot.
 
No veit Lesararne, kor det bar til, at Maria styrde Johan og tok Thorbeck. Alt same Kvelden sagde ho til Foreldri sine, at ho var meint paa aa gjera som dei vilde, og daa Thorbeck fekk vita det, tingad han Lysing strakst, endaa ho beint sagde honom, at ho ikkje gjorde det med god Hug. Men ein Ting kunde han ikkje skyna; Maria skilde ut, at ho alt til Brudlaupsdagen vilde faa vera roleg fyr seg sjølv og ikkje turva syna seg ute i Lag med honom. Og ho heldt seg verkeleg inne i alle dei otte Dagarne, og det mest berre paa sitt eiget Kammers, so ho ofta ikkje kom ned til aa faa seg Mat, dessmeir, helst naar ho visste, at Thorbeck var i Huset. Men kom ho, so saag ho so bleik og arm ut, at alle andre Foreldre enn dei ho hadde vilde hava teket Fæla.
 
Og no, daa det var lyst fyr henne og Thorbeck, var væl daa nokon Ting meir rimeleg, enn at ho rett stengde seg inne?
 
Murrande saag Meister Kugler paa den tome Stolen med Bordet. "Kor lengje vil ho halda paa med detta Vaset?" spurde han. "Eg meinte ho hadde havt Tid nok no til aa slaa denne Johan'en av Tankar. Denne endelause Sytingi vert eg snart leid av!"
 
"Aa lat henne vera," road Moeri. "Kann Thorbeck lita seg med det, so kann altid me. Og er ho eingong paa Gartenau og fær sjaa, kvat det er aa vera rik Frua, so jamnar det seg nok. Lat oss takka til, at me er komne so langt med henne; no kann det daa ikkje gjerast um atter."
 
 
III.
 
Heile Buchenheim var forviten paa, kvatslags Brudlaup det skulde verta av detta. Ein og Annan, som visste nokot um, korleids Maria tok det, meinte, at dei kom visst ikkje til aa gjera større nokot Brudlaup, men lata det ganga so stilt; det kunde no høva best med Thorbecks Framferd hellest au, det. Andre meinte, at Thorbeck visst denne Gongen vilde gjera det rettugt gildt, og halda eit Brudlaup, slikt som Buchenheim ikkje paa lange Tider, ja kannhenda aldri, hadde set Maken til.
 
Dei fekk snart vita Greida. Fyrstundes i den Vika, daa Brudlaupet skulde standa um Fredagen, gjekk det Brudlaupsbod Byen rundt, ikkje berre til Storkararne, som Borgarmeisteren, Dokteren og Apothekaren, men til alle, som hadde berre aldri so litet aa gjera med Kugler og hans Hus. Hjaa alle Bakarar vart det tingat paa alle Slag Braud i Mengdevis, og lika eins paa Kjøt hjaa Slaktararne. Ja der gjekk Segner um, at paa Brudlaupsaftanen skulde det fara ei Vogn fraa Gartenau til Storbyen, som skulde føra heim fint Vin og andre Ting, som ikkje var aa faa i Buchenheim.  
 
Enn kor snøgt Folk no skiftad Meining um Thorbeck. Det var Ingen meir no, som talad um den "ugodslege Karen" elder um "Lauparfanten" elder um den "brune Einbuen" o. s. fr.; no var Thorbeck ein Fagna Mann, og dei fann det heilt rimelegt, ja fint gjort av honom, at han, som var ein langframande Mann, ikkje so med same hadde trengt seg innpaa Folk, men hadde ventat paa detta gode Tilhøvet til aa gjera seg meir kjend med Grannarne sine. Berre dei, som ikkje var bedne, drog enno paa Akslom liksom speande, naar Thorbeck vart nemnd; men dei sagde ingen Ting, at Folk ikkje skulde tru dei var furtne, for dei ikkje fekk vera med i Brudlaupet. – Um Maria dømde dei au no paa ein annan Maate. "Ho hev gjort det godt," sa dei, og istadenfyr aa hava aat henne fyr Truløysa mot Johan, skynad dei no greidt alle ihop, kor klokt ho i Grunnen hadde gjort. Um Brurebunaden hennar vilde dei vita, at Thorbeck fekk den sydd hjaa ein Finskræddar i Storbyen, so ho ikkje visste um det, og det skulde no verta ein Klædning, som aldri var set slik i Buchenheim.
 
Men daa laut alle dei andre fagre – og ufagre – Kvinnfolk, som skulde vera med, au hava seg ein nokot-sonær skipeleg Bunad, og so vart det med ei Vasking og Strjuking og Sauming og Pynting Byen rundt, so Folk fekk 'kje tenkja paa annat, og Skræddarne kunde hugheilt kravt tridubbelt Pris, dei hadde fenget det paa fyrste Ordet.
 
Endeleg kom daa den Fredagen, dei so saart hadde lengtat etter. Alt i Otta tok det til aa dundra med Kanonskot – for Thorbeck hadde fenget utlaant dei tri smaae Kanonarne, som utgjorde Byens "svere Skyts" -, og Gategutarne skreik sitt skylduge Hurrah! fyr kvart Skot. Desse same Gutarne visste au aa fortelja um ein Æreport, som skulde vera uppsett paa Gartenau framfyre Inngangsdøri; men det var no mest meir enn dei gode Folk kunde fata, og gjorde dei so forvitne, at dei var mest utor seg.
 
Vigsla skulde ganga fyr seg heime paa Gartenau, og ikkje fyr Klokka fem, fyr at den fælaste Vermen kunde vera yver til daa. Men alt i Middagstidi saag Ein Gjenturne i lett Morgonbunad fara fraa Hus til Hus, til aa hjelpa kvarandre med aa setja upp Haaret, elder fyr aa raadleggja med kvarandre um Pynten. Men Federne spankad paa same Tidi byrge ikring i svarte Sundagshosur og blankpussad Styvlar, liksom dei vilde syna kvar Ein, som ikkje fyrr visste det, at dei au skulde til Brudlaups.
 
Klokka 4 var dei væl fullbudde kvar Ein til aa taka ut. Men no vilde Ingen ganga fyrst, maavita, og so stod Vindaugo fulle av høgtidsklædde Folk, som berre stirde og stirde, Gata upp og Gata ned, um daa Ingen vilde byrja. Endeleg ruslad Skræddaren, Groote, med sitt Viv i Veg; "for Einkvar lyt vera den Fyrste," tenkte Skræddaren; og dermed var Gata i same Blunken full av Folk, som alle drog avstad til Gartenau.
 
Snart var dei der, for det var berre stutt dit Og – rett nok! – der stod Æreporten framfyre Huset, høg og staut, røyrd med Kransar av friskt Lauv; øvst uppe var ei Tavla med ein Rosekrans ikring, og paa den stod det:
 
Vælkomen, kvar Gjest,
til gledefull Fest!
 
Ja det var Stas! – Men dei vart no ikkje standande alt so lengje til aa sjaa og undra paa den; for i Husdøri stod alt Brudgomen, buen til Mottak, i fin Frakke og med ein diger Rosekost i Knappholet; og ut av Huset stod det slik ein hjarteleg god Ange av nybrennd Kaffi, at desse Folk, som var snytte fyr den vanlege Eftasvels-Kaffien sin, kjende seg reint tyrste og maatte inn, mest snøggare enn dei sjølv vilde.
 
Baade vyrdeleg og venleg tok Thorbeck imot Gjesterne sine, og det var greidt aa sjaa, at han var glad med alle dei Helsingarne, som liksom rignde ned yver honom