Kristiania, den 18de Januar 1878.

Øyestad ved Arendal. (Brev).
 
Fedraheimen" hev funnet Vegen her hit med, og det ser ut til, at han alt no er væl likt av dei, som han hev gjort Kjendskap med. – Øyestad er snaraste aa kalla ei Sjøbygd, og grendsar paa Austkanten mot Arendals By. Folket her er mest Bønder, Sjøfolk og Strondbuar. Til Framhjelp av Samferdsla er myket gjort; drustelege Veger er lagde, og ein liten Eimbaat gjer kvar Dag fleire Ferder fraa Arendal til Helle (upp Nidelvi) med Ferdafolk. Detta er godt fyr mangt, um det enn gjer Sitt til aa skjemma burt det gamle Folkelivet og Maalet vaart med. Stas og Fjas er her fælt av, og det skal ikkje rart Kvinnfolket til, fyr ho vil heita "Dame" og slær Kjengs paa Nakken og knotar, og er likso sinnad paa "Fedraheimens" Maal som nokon av dei argaste "Morgenbladsmenn" kann vera. – Likevæl kann eg trøysta Dykk med, at her er Maalmenn, gode og fullvarme Maalmenn, her au, og dei er eg stød paa med fullt Hjarta vil flokka seg um Fedraheimen, dess meir som me ser, at dette Bladet gjeng i frilyndt og folkeleg Leid. Og det set me stor Pris paa her, daa Maalmennerne paa desse Kantar attaat er sterke Jaabæksfolk. Men iser vert det nok millom Folkehøgskulegutarne, at Fedraheimen fær sine beste Folk. Paa Folkehøgskulen hev dei fenget Augo upp fyr, kor fagert og kraftfullt det norske Maalet i Grunnen er. – Folkehøgskularne trur eg vil fostra baade gode Nordmenn og gode Samfundsborgarar, som t. D. duglege Formandskaps- og Thingmannsemne. Dei gode Aandsgaavur, som den norske Bonden eig, fær her ei Uppdyrkning, som svarar til Tidarkravet, og me skal knapt heretterdags turva bruka Embættesmenn til vaare Ærendsveinar paa Thinget, utan i serlege Tilfelle. – Amtsskulen er det og Mange, som set stor Lit til, og han lovar sjølv Lærlingarne sine gilde Visdoms-Tenner. Lat so vera. Men Amtsskulen er ein Eksamensskule med Leksur og Kontrol i gamall Stil, og han arbeidar soleids altid i Eksamens-Otte og med eit annat Fyremaal enn det, som den frie Folkehøgskulen hev sett seg: Ungdomens Utdaning fyr Livet.
 
Folkehøgskulen hev mange Motstandarar her som andre Stader, men Vener ogso, og dei vert fleire medkvart. Og kor kann det anderleids vera? Folkehøgskulen er plantat i Kjærleike, og fyr denne Stormagti, den største av alle, lyt tilslut Folkets Hjartelag bøygja seg. Alt no er sterke Lengslur vekkte til Liv i mangein Ungdoms Barm, og gjenom Ungdomen skal med Guds Hjelp Krafterne brjota seg fram, liksom Flaumen um Vaaren. I lange Tider hev ein framande Kultur lagt seg som eit Islag um Livet vaart og stengt Soli ute. Men no stundar det visst mod ljosare Dagar. Fridomen vinn alt større og større Magt og vert meir og meir til Sanning. Og med den veit me visst, og alt det Gode og Sterke i Livet skal koma upp og vinna Magt.
 
D. V.
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum