Bøker.

Fem folkelige foredrag af N. J. Sørensen. Denne vesle Boki handlar um Folkehøgskulen, og vil vera vælkomi fyr alle dei, som ynskjer Greida paa Folkehøgskuletanken, men ikkje hev Raad til aa skaffa seg den store Boki hans Frits Hansen. Ho er godt og greidt skrevi og lett aa lesa. Ho inneheld: 1. Høiskolen. 2. Den historiske Skole. 3. Det mundtlige Ord. 4. Almendannelsen. 5. Hjemmet.  
 
Amund Tande heiter ein Bonde i Øyer i Gudbrandsdalen. Han er no ein gamall Mann, men hev voret med i mangt i si Tid, og dermed er han komen paa den gode Tanken aa setja upp ei Bok um det, som han hev upplivt og seet i sine Dagar. Han meiner og, at det var bra, um andre Bønder vilde gjera like eins, og det held me med Mannen i; mange forvitnelege Ting kunde daa koma fram, som no jamt vert sette i Gløymeboki. – Det Verste er, at det er so faae Bønder, som kann skriva skikkeleg fyr seg, som og rimelegt er, naar dei fyrst skal læra eit annat Maal enn dei talar sjølve. Amund Tande skriv ein nokot gamalldags og nokot stiv Dansk, som likjest sterkt paa all annan norsk Bonde-Dansk, me hev set. Men Boki hev Mangt, som Folk vil tykja gildt i aa lesa, og daa Intekti av henne skal verta brukt til eit "Legat" til Framhjelp av unge Bondegutar (og – Gjentur) i Øyer, som hev nokot meir framifraa Naturgaavur, so vil me raa Folk til aa kaupa dennr Boki. Ho heiter: "Amund Tandes Levnetsbeskrivelse samt Træk af Folkets Sæder og Skikke, dets Skolevæsen, Husstel, Selskabsliv, Overtro o. s. v. i Gudbrandsdalen i Aarhundredets Begyndelse."
 

Frå Fedraheimen 19.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum