Vatsø, Novbr. 77.

(Brev). 1)
 
"Sårt hev eg saknat heimen ei tid; difyr er han no so kjær og so blid." Disse ordan har Aasen lagt i muin på Åsmund i "Ervingen" sin, og dermed har han skapt krop åt ei kjensle, som eg titt har had, og som kom op hos meg igjen, då eg no med posten fik di første nomran av det nye målbladet. Ja det er vist mange til meg, som sårt har sakna eit norsk blad, sia "Dølen" strauk med. Ein vøre ikje ret eit goe, før ein har prøvd å væra det føruten ei stund. Så er det med heimen, og så er det med det heimelige målet vårt, og mangt anna, som kan synest å vera usselt og ulikt, førr vi har prøvd å undvære det. Og ju meire en har venta på ein ting, dess kjærkomnar er han, når han kjem. Så er det gåd meg og "Fedraheimen." Han kom, just som eit dansk-norsk blad, eg hittil hadde læst, stansa. Tak før byttet, tænkte eg, og tok den råda herette å skrive til "Fedraheimen" og læse ham i staden før hitt.
 
Men no kjem de an på, om det målet, eg skriv i, blir gokjent som "norsk mål eller målføre." Det får då våge seg. Eg kann ikje skrive anna mål enn det, eg har lært (heime), og når bladet venter "brevsendingar frå landsens flesteluter" og legger til, at "no fær det syna seg, kor myket liv og framhug det er i målmannsflokken," – så trur eg, eg er skyldig å freiste med det, eg kann. Eg kunde vel ha skreve i eit fast målføre, men det kunde let ha blid ei løgn iblant – sligt henner titt folk, som har meire støe målføre å skrive ette, enn vi har her nord; eg kunde såles gjøre det meire "norsk" (gamaldags) enn det var, eller – det som værre var – eg kunde gjøre det meire "norsk" (gamaldags) enn det var, eller – det som værre var – eg kunde gjøre det meire "dansk" enn det var, og dermed hjælpe til å slå fast den sætningen, at Finmarka ligg norafør folkeskikken også i målveien; vi skal nemlig snakke dansk her nord, seier di. – Eg har defør vælt å skrive slik som det høver best før ein infød finmarking å skrive finmarkmål.
 
Om eg i skrivemaaten min har gjort ret og skjil mot målføran her nord, får andre dømme om – med tid og høve skal eg gje ein prøve på dem. Men endå eg er både "skulmeister og byfant," lit eg på, at morsmålet mit er norsk, og at eg var vaksen kar, førr eg lærte "dansk sproglære," blei skolmester og sia byfant. Ja trass det, at eg har lært å snakke to andre mål attåt dansken, har eg endå til idag holt meg til morsmålet mit som det lettaste og rikaste til å bære fram tankan mine i – og det endå i skolestua, skjønt præstan stundom har gjort både løierlige og ærgelige inhaug. Men då eg ikkje trur, at det er låvligt førbyd å snakke norsk (barnan sit målføre) i skolen, held eg fram som førr, som eg best kan. Hellerikje kan eg finne noken vettig grunn før, at ein og kver ikje kan bruke morsmålet sit førde, om ein ikje er bonde.
 
Tilsist maa eg fortælle, at vi her nord til tross før den skotske verspådomen, hittil har had eit uminneligt milt ver. Til den 17de i denne månen hadde vi aldeles bar mark, og enno har vi ikkje skikkeligt sleføre og næsten ingen kalde. Finmarka er hellest ikje ein sådan buseman i verlag som ho er utskreken før. - -
 
Ein finmarking.
 
1 ) Me tek detta inn som det er skrivet, til ein Prøve paa, korleids det norske Maalet ser ut upp i Finmarki. Bldst.