Utlandet.

Frankrike. Dei franske Tingi kom saman att etter Jolehelgi den 8de Januar; men enno er det ingi Tidend komet derifraa. Det er no elles trulegt, at det nye Riksraadet ikkje vil møta Meingjerder fraa Tingfleirtalet, etter di at det hev til Fullnad vist sitt republikanske Huglag, medan Tingi heldt Helg. Det hev gjort munarlege Umskifte i Embættesmannskapen, og det hev freistat aa gjera Fleirtalet i Folketinget til Lags paa mange Maatar. Soleids hev Dufaure sendt Brev aat Generalprokurørarne, at dei skal paa alle Vis hjelpa den Nemndi, Folketinget hev sett til aa granska Tingvali, og Innriksministeren Marcère hev likeins gjevet Præfektarne Order um aa gjeva Nemndemennerne alle Upplysningar, som dei treng, og letta deim Fyreloga i alle Maatar. Det er ein Maanad, sidan Nemndi vart nedsett, men til dessa hev ho ikkje fenget arbeidt, fyrdi baade Broglie og Rochebouet hadde sett Embættesmennerne strengt fyre, at dei skulde leggja Hindringar i Vegen fyr henne. Eit annat Spursmaal, Tinget kjem til aa hava fyre seg, er Limoges-Greida; Fristyremennerne vil deruti søkja eit Prov paa det, at det fyrre Riksraadet hadde ein bonapartistisk Umstøyt i Gjerdom. Attanmannsnemndi, som Vinstrefylkingi hadde til aa vakta paa dei konservative Regjeringarne og styra Motstandet mot dei, vil trulege verta uppløyst strakst etter, at Tingi er opnade atter, ettersom ho berre kann koma til aa vera til Meins fyr det republikanske Styret, og det er evlaust, at Fristyremennerne vil taka ved heile Budgettet og dermed gjeva Dufaure eit drustelegt Tillitsvotum.
 
Fraa Italia hev me aa bera fram Daudstidendi baade aat Kongen, Viktor Emanuel, og aat ein av hans beste Menner, gamle General La Marmora. Viktor Emannel var burtimot dei 58 Aar, daa ei Braadsott tok honom burt den 9de Januar. Han var fødd til ein Gong aa verta Konge yver Sardinia, men det var honom laget eit større: aa samna heile Italia til eit Rike under sin Kongsstav. Han var kannhenda ikkje ein Mann med store Gaavor, og kor stor Lut han sjølv hadde i Samningsverket, er uvist; men det er hans Æra, at han visste aa taka til sine Raadsmenner dei beste Menner, Italia hadde, slike som den store Statsmannen Cavour, Azeglio, La Marmora o. fl., at han tok sitt Kongskall, som det sømer ein konstitutionell Konge, i Elsk til Fedralandet og med Truskap mot Folksens Fridom. Difyr vil hans Namn vera uppe gjenom lange Tider, elskat i Folkeminnet og heidrat i Soga. Eldste Sonen hans, Umberto, er alt utropad til Konge yver Italia.
 
Krigen. Det fell alt fleire av Balkantrengjorne i Henderne paa Ryssarne, baade i Vest og i Aust. Etter dei sidste rysske Tidender skal General Radetski ha teket heile Sjipkaheren til Fange, 41 Bataljonar, 10 Batteri og 1 Regiment med Hestfolk. Det var i fyrre Bladet nemnt, at Ryssarnevar paa Frammars i Vest-Balkan, og dei hev havt Lukka med seg; men Turkarne hev greidt seg vonom betre, endaa dei hev lotet dreget seg attende. Den 3dje Januar gav Sofia seg yver godtsom utan Sverdslag. Det hadde voret General Gurkos Etling aa kringganga den tyrkiske Hovudstyrkjen ved Kamarli og tvinga honom til aa gjeva seg yver, men det lukkadst Sjakir og Baker Pasja aa koma heilskopom undan til Tatar Basardsjik og gjeva seg ihop op med den vinstre Fløyi av Heren til Suleiman Pasja. - Donauisen hev no lagt seg, so han er farande fyr dei tyngste Lass. – Erzerum er no kringsett paa alle Leider, og Ismail Hakki Pasja er den, som skal forsvara Staden, medan Muktar Pasja hev gjenget til Baiburt med 4000 Mann fyr aa skipa til ein Her, som kann freista aa brjota Umlægringi. – Det hev voret ideleg Riving millom Fredspartiet og Krigspartiet i Turkiet, og snart hev det eine synst vera ovanpaa, snart det andre. Men no er dei daa komne i det Umstandet baade paa det europæiske og det asiatiske Krigsteatret, at det ikkje er annat fyre enn aa taka til aa tinga med Ryssland um Vaapenkvild. Dertil hev dei fulla au endelege fenget Augo upp fyr, at de ingi Hjelp kann venta fraa England. Eit Telegram sendt fraa Konstantinopel den 9de Januar segjer, at Sultanen hev gjevet sitt Samtykkje til aa tinga um Vaapenkvild; men denne Raadgjerdi vart fyrst teki, etter at Server Pasja hadde telegraferat til Musurus Pasja, at han skulde beda den engelske Utriksministeren Derby aa søkja Samraad med Ryssland um Vilkori fyr ei Vaapenkvild; Derby svarad dertil Nei og raadde Porten til aa tinga med Ryssland sjølv. Det same Telegrammet segjer, at England held fram og tingar med Ryssland um dei seinare Tilskipingar; kvat det vil segja, hev me enno ingi Vissa um.
 

Frå Fedraheimen 12.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum