No. 70,000.

Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
 
[Del 2 av 9. Fyrste delen.]
 
II.
 
Hjaa Handskemakaren Kugler, i den dimme Bakstova hans, som laag innanfyr Krambudi og berre fekk Ljos fraa det tronge, indestengde Tunet, var det like eins sett paa Bordet til Middags. Men berre dei tvo sjølve sat der; den tredie Pladsen var tom.
 
Det saag ikkje nokot sers rikjelegt og høgtidslegt ut paa Bordet. Duken var just ikkje nokot ovkvit, og den vesle Kjøtknoken, som laag og flaut uppi Supafatet, var ikkje lik til aa vera komen nett av den beste Stuten. Kugler var ein helder arm Mann, som laut liva av sitt daglege Stræv, og ofta nok hadde Smalhans voret Kjøkemeister i hans Hus; for Kugler var ikkje fri han var glad i Flaska. Fyrst no i seinste Tidi hadde han fenget det liksom meir romlegt, sidan Dotter hans, Maria var heimatt-komi fraa ei Moster si, ei naudgod og mang-røynd Kona, som hadde fostrat henne og lært henne upp i alt som gagnlegt og godt var. Maria tente gilde Pengar med Krotsaum fyr ei fin Krambud i Storbyen, og hjelpte attaat trutt til med Handskesaumingi, so Huset kom seg heilt upp utrulegt, dessmeir som Meister Kugler hadde ein Arbeidssvein, som var framifraa truen og dugande og stød i Arbeidet, - og det var Johan. Det var no fulla liten Kunst au aa vera trottug, naar Maria var med og arbeidde, og foor so raskt att og fram med sine smaae Hender.
 
Men fyr Meister Kugler var denne Auken i Fortenesta ikkje berre god. Han gjekk no oftare enn nokotsinn i "Den blaae Engelen" (eit Drykkjehus), no daa han visste, at Arbeidet heime gjekk like friskt fyr seg, um ikkje han var til Svars. Og han vart just ingen "Engel" av aa ganga der i "Den blaae Engelen." Naar han kom heim att, var han jamt vill og vond, og daa Kjeringi ikkje var den, som skulde tigja til eit hardt Ord, so bar det sumetider ihop med dei so hardt, at heile Flokkar av Gate-Ungar sankad seg ihop utanfyr Krambudi til aa høyra paa Staaket.
 
Ein kann tenkja, kor fælt slikt eit Liv maatte vera fyr Maria, som hadde fenget so fin og folkeleg Uppfostring. Sumetider var den drukne Meisteren so reint forgalen, at endaa den stillslege og tolmodige Johan ikkje kunde herda det, men heiv Arbeidet og gjekk, til Meisteren hadde masat seg ut elder lagt seg. Men vil nokon spyrja, kvi Johan daa ikkje saag aa koma derifraa og faa Arbeid einkvar annan Staden, - so vil me berre minna honom um dei Drøsurne, som me fortalde um i fyrste Stykket. Johan hadde huglagt Dotter aat Husbonden sin, og det so tilgagns, at endaa naar dei fælaste Riderne stod paa, hadde han aldri den mindste Tanken um aa skilja seg fraa Huset.
 
Og var ikkje detta rimelegt nok? - Maria var utan alle Motlegg den fagraste Møy i Byen. Ho var ikkje stor, men ovleg vænt vaksi; det myrkbrune Haaret laag i digre Flettur kring Hovud og Panna, Andlitet var som Mjølk og Blod. Og den, som saag inn i dei store, myrke Augo, som  lyste ut av dette fagre Aasyn, elder saag den søte Munnen med dei fine, kirsebærfriske Lippur smila til seg, han laut – det same, kven det var – utan Motsegn ganga ved, at vænare Gjenta skulde Ein snaudt kunna sjaa fyr Augom.
 
Det ar det Eine. Og det Andre var, at Johan ikkje kunde annat enn tykkja hjarteleg Synd i Gjenta, so leidt som ho hadde det heime. Og denne Ynken brøytte liksom veg fyr Elskenl No var Johan attaat alt Son aat gode Folk, og skulde snart setja seg til med ein Verkstad sjølv, so han nok tottest hava Rett au til aa tenkja paa Dotter aat Meisteren.
 
Og det var ikkje lengje, fyr Maria og laut til aa elska. Ho likte detta stillslege, tenksame Laget hjaa Sveinen, daa det høvde so væl til hennar eiget Huglag, og ho likte det endaa dess meir, di meir Staak og Villskap der var i Huset hellest. Og ho saag so væl i Augo hans, kor vondt han hadde av henne, naar ho med sorgfulle Sukk elder endaa med Graat laut høyra paa den Styggedomen millom sine Foreldre, og snart vaagad han seg ogso fram med trøstande Ord, om nokot etterkvart vart til lange Samtalar, naar Ingen hellest var inne. Paa den Maaten vart dei snart kjende; og naar Elskhugen fyrst var i Hjartat, so fann dei snart Ord, som bar honom fram, og som knytte Bandet millom dei fyr heile Livetidi.
 
Moer aat Maria opendagad snart, korleids det var imillom desse Unge; - ho maatte ikkje havt nokot Moer-Auga hellest. Men ho fann ikkje nokot Galet i detta, og det gjorde ikkje Kugler helder, daa ho eingong i ei god Stund – han laag sjuk og kom ikkje i "Den blaae Engelen" paa fleire Dagar – fortalde honom det ho hadde komet etter. So blømde det fram, detta fagre Paret, gjenom Vikur og Maanadar, i sams Arbeid og jamt Samtal. Dei talad ikkje stort um Elsken sin; den kunde dei liksom lesa i Augom aat kvarandre; men dess meir talad dei um sine tunge Dagar no, og um dei gladare Tider, som dei hadde i Vente.
 
Heile Landsbyen heldt dei no fyr Festefolk, um enn Johan endaa ikkje hadde kunnat fenget seg til aa tala med Foreldri um det. Han var ein av desse bljuge, smaafarande Folk, som altid liksom vrid seg fyr slik ei stor Avgjerd, endaa um dei i sitt Hjarta er aldri so fullhugad paa Saki. Moer Kugler hadde alt fleire Gonger sleget paa detta, at han laut halda seg fram, og han hadde paa si Sida fleire Gonger sett seg fyre, at han vilde bera upp Maalet sitt; men altid kom det nokot i Vegen.
 
So kom ein Dag Thorbeck inn i Krambudi, skulde kaupa seg Handskar. Undren saag han den yndelege Blomen, som her vaks upp so i Løyndom, og det var som Hjartat hans fengde med ein Gong. Han kom snart att, gjorde seg snart eit, snart eit annat Ærend, og gjekk aldri, fyrr han hadde handla fyr ein god Slump Pengar. Kugler skynad ikkje den rette Grunnen til, at han kom so tidt, men var glad i den gode Kauparen, og gav seg gjerna i Drøs med honom, dessmeir som Thorbeck var ein Mann, som alle var fælande forvitne paa. Ein Gong bad han honom endaa inn i Stova med seg paa eit Glas Vin, og fekk den Gleda, at  Thorbeck gjekk med. Det var just Søndag. Maria sat helgarklædd i Stova og las, daa Kugler steig inn med Gjesten sin. Ho vilde hava seg ut; men Thorbeck meinte nei; ho skulde vera inne, elder so laut han ganga. Maria vart daa sitjande, og heldt paa lesa. Men dei undringsfulle Augnekast, som Thorbeck gav henne, vekkte mange rare Tankar hjaa Moer Kugler. Enn um Maria kunde verta Fru Thorbeck -! Jau det vilde vera nokot, det. Kor godt dei daa vilde faa det, alle ihop! Tusund Gonger gildare det, enn um Johan drog av med henne; for daa vart det ikkje annat enn det same Strævet sidan som fyrr! – Desse Tankarne fekk ho heilt sløgt smøygja inn i Mannen au, og sidan vart Thorbeck dubbelt væl fagnad, kvar Gong han kom. Og daa han so til Slut kom ein Dag og endefram bidlad um Dotter deira, fekk han Ja av dei paa fyrste Ordet.
 
Paa ein annan Maate tok no fulla Maria det. Ho hadde snart fenget Tak i, at Thorbeck ikkje gjekk der berre etter Varar or Krambudi, men etter henne. Denne Mannen – han talad eit undarlegt, halvframande Maal, hadde svart Krullhaar og ein mest brun Ham-Lit – kunde ho daa slett ikkje lika. Daa heldt ho Johan mange tusund Gonger betre, endaa han berre var Handskemakarsvein, og hin ein Herremann. Dermed skydde ho Thorbeck, kor ho kunde, og naar ho saag gjenom Krambud-Glaset, at han kom, smaug ho ut gjenom Bakstova so snøggt ho vann. Detta gjorde ho dessmeir ivrigt, som Johan ogso i seinste Tidi hadde lagt Merke til den Gonga, Thorbeck hadde i Huset, og hadde talat ved Gjenta um detta.
 
Men, kvat hjelpte det alt? Daa Thorbeck seinstpaa hadde baaret upp Maalet sitt, kann Ein vita, at det var Slut hjaa dei Gamle med alle Tankar paa Samfeste millom Johan og Maria; og det som Moer Kugler fyrr hadde voret arg fyre, at Johan drygde so lengje med sitt Bidlarmaal, det priste ho no som ei stor Lukka. Ho hadde sakta voret nokot mindre glad, um ho hadde visst paa Fyrehand, korleids Maria vilde taka imot Bodi. For daa ho kom til Dotter si med detta, og ventad av henne utan Hinder det gladaste Samtykkje, daa sagde Maria reint ut, at det kunde der ikkje verta nokot av. Ho hadde gjevet Johan sitt Ord, og det gjekk ho ikkje attpaa. Dessutan kunde ho ikkje lika Thorbeck, og dei kunde gjera som dei vilde, men ho vart aldri hans Kona.
 
Me bry oss ikkje um aa fortelja um all den Ufjelgen og Ufysna, som det no lagdest til med i Huset. Det var eit Synda Liv. Meister Kugler veit du hadde lagt avstad til "Den blaae Engelen," strakst Thorbeck hadde friat, fyr aa kunngjera Lukka si og vigja henne inn med høveleg Drykk. Og daa han kom heim att, saag han ikkje ut til aa vilja upp i nokon Strid. Han var glad og nøgd, og blistrad paa alle dei lystige Dansar og Marsar, som fanst i den tonerike Heilen hans. Men daa han gaadde etter, kor flat ho saag ut Kjeringi, og kor graatsur Maria saag ut i Augom, og fekk vita Grunnen til detta, - daa braut det laust ei Bøya, som dei endaa ikkje hadde set Maken til. Fyr det Fyrste vart no Johan uppsagd paa fljugande Flekken, og det i slike Ordlag, at han visst hadde snørt Skreppa si paa Stundi, naar han ikkje hadde tenkt paa Maria, at ho nett no kunde turva all den Trøyst og Trygd, som han kunde gjeva henne. Og Maria vart soleids avheidrad og avreidd, at det var fælt aa lyda paa. Slike Fant-Ord som "Skarvetaus" og "eit vanartigt Barn, som ikkje unnte sine Foreldre ein god Alderdom," det var no berre dei mildaste.
 
Og soleids gjekk det no fraa Dag til Dag, endaa at Thorbeck, daa han fekk høyra korleids det var, bad baade vænt og aalvorlegt, at dei ikkje maatte fara hardt fram med Gjenta, men gjeva henne Tid til aa umraa seg. Johan kunde tilslut ikkje herda lenger i detta Uhyggjet. Dessutan fekk han no aldri tala med Maria elder arbeida i Lag med henne; ja han fekk litet sjaa henne eingong, utan med Bordet. Men kvar Gong han saag paa det bleike Andlitet og dei utgraatne Augo, var det som han fekk ein Styng i Bringa. Han kom daa seinstpaa til det, at han burde gjeva Gjenta sin Lovnad atter, og sjølv telja henne til aa taka Thorbeck.
 
Det var Sundagen fyre Lysingi, den som me fortalde um i fyrste Stykket, at Johan sette denne sjølvfornegtande Tanken i Verk. Meistaren hadde strakst etter Middagsmaten ruslat burttil "Den blaae Engelen" og var ikkje heimatt-ventande fyre Kvelden, og Kjeringi var ute i Kaffi-Lag, so Maria var heime aaleine.
 
Johan var og utgjengen etter Middagen. Men daa han saag, at Gamla gjekk yver Gata i Ferdabunad, snudde han heimatt, fyr aa tala ei Stund i Fred med Maria.
 
Ho sat aaleine og las i Bibelen, og ender og daa fall det tunge Taarer fra Augo hennar og ned paa den heilage Boki, naar ho kom til eit Ord, som ho totte høvde serleg godt fyr henne. So bankad det lindt paa Døri. Ho let upp, og Johan stod framfyre henne.
 
Ho kastad seg med Graat inn til honom. "Johan, Johan, kor skal det ganga med oss? Eg er so full av Sorg, at eg ofta er reint modlaus," jamrad ho med kvævt Mæle.
 
"Roa deg, kjære Barn!" trøystad Johan. "Fyr meg er det no klaart, korleids me maa gjera, og det er eg no komen til aa segja deg." "No?" spurde Maria, og saag paa honom full av Vent og Undring, "veit du verkeleg ei Raad?" – "Me maa skiljast, Maria," sagde Johan, og hadde vondt fyr aa tvinga Graaten. "Det er ikkje ventande at Foreldri dine no skal styra Thorbeck Vetervegen. Den rike Maagen, og dei gode Dagar, som dei ventar aa faa med honom, sit for fast i deira Tankar til dess. – Men som det no gjeng, korkje kann elder maa det ganga. Difyr . . . gjev eg deg ditt Ord tilbaka, og reiser strakst."
 
 

Frå Fedraheimen 12.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum