Kristiania, den 11te Januar 1878

Det er merkjelegt med den Bjørnstjerne Bjørnson. Han kann snaudt segja eit Ord, utan det vekkjer Staak. Kvar Tanken, han kastar ut, vert aa kalla Grunntonen i vaart heile offentlege og skriftelege Liv fyr lange Tider, til han kastar ut ein ny Tanke. Um han var ein stor Statsmann, som heldt Land og Rike millom sine Fingrar, kunde Ordi hans ikkje gjera meir Uppstyr. Dei vert umskrivne, motskrivne, forklara, burtforklara, misforklara, sundforklara i alle Blad, uppatt og uppatt, Dag etter Dag, Maanad etter Maanad, liksom det var Orakelkvad elder Himmelbrev, og dei Bladi, som læst vera dei mest kloke, og som hev minst Agt fyr Bjørnson, er dei, som driv hardaste paa. Det er av slikt du kjenner den store Mannen. Der er som ei Gudsmagt i honom: berre med eit Ord kann han liksom leida eit heilt Folk, og det baade dei som er med og dei som er mot honom. Du ser paa slik ein Mann med Age og Undring, um du so finn aldri so mange Lyte hjaa honom hellest.
 
Den Talen, Bjørnson sidst heldt i Studentersamfundet, hev vekkt mykje meir "Kvalm," enn um det var den mest merkjelege "Throntale" ved Opningi av eit Thing. Det er snart ein heil Literatur um den eine Tingen. Me hev alle undrast paa Talen, tenkt paa Talen, misteket Talen, prøvt aa forklara Talen; - og no teiknar sume Blad honom upp i Aarboki si som ei av dei fremste og største Tilburdarne i heile Aaret. Og samstundes innbiller dei flestalle seg, at den Mannen, som heldt denne Talen, er ein Halvtulling, som ikkje hev Vit paa mest nokon Ting, so at kvar Styving av ein Kvardagskloking, kvar Partementslars, kvar Avisneger, hev langt betre Greida paa baade Livet og Folket og Staten enn han, - den Vildringen uppi Gausdal.
 
- Men det var Bjørnsons Tale i Studentersamfundet. No ser me, at "Fædrelandet" rører uppatt i den Greida endaa ein Gong, og det tilmed i Aarboki si, som me ovanfyr stiktad paa. "Fædrelandet" er "overrasket" yver, at Bjørnson, som eingong hev set Bonden paa ein Maate, no kann sjaa Bonden paa ein annan Maate. At ein Mann kann læra! - det skynar ikkje "Fædrelandet." Og at ein Mann kann vera so ærleg, at han talar ut um det han hev lært! - det er og nokot, som Fædrelandet ikkje væl kann faa inn i sitt Hovud.
 
At Bjørnson sidan hev greidt Meiningi si ut nokot betre, og sagt, at han ikkje hev gjevet Bonden upp, det hugsar ikkje "Fædrelandet." Det er so "overrasket" av aa sjaa ein Mann vera fullt ærleg, at det ikkje ansar meir. Men endaa meir "overrasket" er det yver dei "Liberale." Daa Bjørnson kom med sine nye Tankar, hadde "Fædrelandet" vonat so visst, at dei frilyndte Blad, som fyrr hadde haldet Lag med Bjørnson, no vilde slaa upp med honom, so Mannen kunde verta radt aaleine, til eit lett Rov fyr alle di svoltne "konservative" Vargar, som jamt er ute og nasar, um dei ikkje skulde kunna faa Tak paa den Skarven. Men – dei liberale Bladi slog ikkje upp med Bjørnson! "Fleire av desse Bladi uttalad seg  paa same Maaten!" Skulde nokon høyra slikt? - Fædrelandet er reint forfjetrat av "Overraskelse."
 
- Litlu verdr Vöggr feginn. Dei Liberale, som fyrr gjorde seg hosta store Tankar um Bonden, hev no lært, at han i mange Maatar – Takk have dei, som til dessa hev skulat syta fyr hans Upplæring! – ligg meir atterut enn dei visste av. Dermed veit dei, at dei ikkje kann vinna so snart fram, som dei trudde, men at her maa eit lengre Arbeid til. Og so legg dei hugheilt i Veg, paa same Maaten som fyrr, men med klaarare Syn og med færre Ovtankar. Det er alt. Dei Liberale kann læra, og hev Mod til aa læra, og difyre eig dei Framtidi. At dei kjenner seg sterke, ja sterkare no enn nokotsinn fyrr, det kann "Fædrelandet" sjaa nett upp av detta, at dei hev Mod til aa segja Bonden Sanningi like i Syni. Heretter kann dei Gamle, um dei hev Hug, driva paa med Flikring og Gjøling fyr "Odelsbonden" elder "vort kjære konservative Bondefolk"; dei Liberale vil prøva med Sanning og Ærlegdom. Det er Alt! Ikkje meir enn – kann henda – eit einaste Fridomsblad hev sleppt Bonden fyr aa bidla etter Byfolket; alle dei andre stend trauste der dei stod, og trur like tryggt paa Bonden vaar, fyr di um dei ser, at han fyr det meste enno hev mangt aa læra, fyrr han kann bruka sin Fridom og handsama sin Rett!
 
Detta er me støde paa, at "Fædrelandet" veit likso væl som me, - berre det ikkje var so "overrasket." Elder kannhenda det hadde Bruk fyr aa ikkje vita det? -
 
- Me meiner Fridomsflokken tryggt kann halda fram som han stemner; han er paa rett Leid. Han skal ikkje gjera seg Ovtankar; men han skal halda seg til d e n Bondeflokken, som alt no er væl upplyst og frilyndt, og so stræva til, at den hin Flokken nokot med kvart kann koma etter. Bonden er korkje nokot Ovmenne, som Sume hev drøymt, elder nokot Naut, som Andre – ikkje Liberale – helst vil tru; Bonden er ein heilt beintfram Mann, med gode Naturgaavur, men enno litet upplært; han kann læra, og – kjære "Fædreland" – han skal læra, og so kjem han nok med. Han skal læra, - ikkje berre Skriving og Rekning og "Agtelse for det Bestaaende"; han skal læra aa tenkja og vilja, læra aa verta ein vaksen Mann; - sidan vel han sjølv millom Dykk og oss! -
 

Frå Fedraheimen 12.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum