Husdyrstellet.

Av ein Agronom.
 
[Del 1 av 2]
 
I.
 
Det var mykje gjengt fyrr i Tidi, helst i Bygder med mindre god Beite, aa halda Kreturi meir fyr ei "naudsynleg Plaga" enn fyr nokot sers Gagnlegt og Batesamt.
 
Folk hev liksom havt meir Tru paa Jordi. Detta vil Ein kunna sjaa enno paa ymse Stader, baade av dei laake og tronge og svarte Fjos, og best av dei skrinne og arme Kreturi, som stend der mest berre paa Halmfoder. Paa den Maaten hev det daa ikkje vortet stor Framgang med Husdyrbruket helder. Den snaude Fodringi hev berre leivt Litet att til Budraatt, og det heile Stell hev ikkje lønt seg. So hev Landmannen misst Trui paa Husdyrbruket og lagt seg reint einsidelegt paa Kornavl og slikt. Han hev ikkje skynat kor Mistaket var, maavita.
 
Men driv Ein ein Gard hardt med Kornbruk og Seljing av Avlen, so vil Aakeren au tilslut armast ut. Kornet tarv Næring so væl som Kui, um enn av eit annat Slag. Vert ein Aaker hardt driven, Aar etter Aar, med detta Kornbruket, so vert han seinstpaa so arm paa dei Jordslag og To, som Kornet treng til sitt Liv og sin Vokster, at han ikkje meir kann bera rike Avlingar, utas han daa fær dugeleg Hævding. Detta er ei aalgjengd Røynsla. Jamvæl i Amerika er det merkjande, at Berekrafti minkar, naar Jordi vert brukt slik nokre Aar.
 
Kann Ein no ikkje faa kaupa Hævd nokotsonær billegt, so maa Ein liiva Aakeren med ei jamn og høveleg Umbyting av dei ymse Voksterslag; imindsto maa han leggjast ut til Grasvokster so bilimillom. Og so maa Ein av Avlen skilja ut dei "Stoff" elder To, som er brukande til Mat; Resten maa i Aakeren att, til aa uppehalda Berekrafti hans, elder til Hævd (Tad).
 
Men denne To-Utskiljing er det Husdyri, som maa greida. Naar dei meltar sin Mat, so vert Maten sundskild slik, at dei To, som er matføre, gjeng inn i Blodet deira og vert umlagad til Kjøt, Mjølk og slikt; men det, som ikkje er matført, vert utskildt att som "Hævd". Husdyri hev difyre ikkje so uhøvelegt vortet kallad "Meltingsmaskinar".
 
Soleids ser me, at Husdyrbruket ikkje kann skiljast fraa Jordbruket. Ein skal jamvæl stødt finna det bedste Husdyrstellet der, som Jordbruket er best. Soleids i Engeland. Engelskmannen hev Ord fyr aa vera den duglegaste Jordbrukaren i Verdi. Men naar Ein der vil vita, um ein Gard (Farm) vert godt driven, so spyr Ein aldri etter, kor mykje der vert selt av Garden, men Ein spyr, kor mykje ut-veitat Land der er, og kor mykje kunstig Hævd og kor mykje Kraftfoder til Husdyri der vert kaupt. Vert det kaupt mykje av desse Slagi, so veit Ein, at Garden er godt driven og – at han løner seg au. Men naar Engelskmannen ser so mykje Mun i eit godt Husdyrstell, at han baade sodrar upp Avlen av dei feite Aakrarne sine og kauper Kraftfoder til, so skulde me her i Norig agta oss væl fyr aa misvyrda det og pina ut dei skrinne Aakrarne vaare med aarstødt Kornbruk og Seljing av Avlen. Høver Husdyrbruket hellest so væl til vitug Gardsdrivt, so maa det høva framifraa væl her hjaa oss, der me hev alle dei rike Fjellbeiti, som berre er nøytande til Feavle.
 
Statistiken kann og syna oss, kor stor Vigt det ligg paa Husdyrstellet her i Norig. Etter dei sidste Uppteljingarne var her i 1865: 144,900 Hestar, 945,600 Kyr, 1,992,400 Sauder og Gjeiter, 101,800 Reinsdyr. Reknar Ein no ein Hest fyr jamt med 2 Kyr, og 1 Ku = 6 Sauder (Gjeter) = 4 Reinsdyr, so vert heile Kreturmengdi i Landet jamgod med 1,638,900 Kyr. I 1870 var  Mjølkemengdi i Mideltal yver heile Landet paa Lag 900 Pottur fyr kvar Ku. Etter detta skulde Feavlen i Landet vera jamgod med 1,475,010,000 Pottur Mjølk, og reknar Ein den til 2 Sk. Potta, so gjev det ein Sum paa ikring 24 ½ Million Dalar. I same Tidi var Kornavlen lik 4,193,000Tunnur Bygg elder Byggs Verd, og reknar du Byggen til 3 ½ Spd. Tunna, so gjev det berre ikring 14 ½ Million Dalar.
 
Det lyt soleids vera reint eit Rangsyn, naar Landmannen vaar trur meir paa Kornbruket enn paa Fe-Avlen. Og endaa maa Ein hugsa, at Fe-Avlen i denne Tidi hadde gjevet mykje meir av seg, hadde han voret skikkeleg driven. Men naar Folk misvyrder honom, er det ikkje ventande, at Avdraatten vert nokot hæv. Detta syner seg og av den Ting, at Innførsla av Feitevarar (Smør, Ost, Kjøt, Flesk) hev aukat i dei siste 30 Aari, og med det heile 400 % (fraa 81,830 Voger til 433,300 Voger; utførsla i same Tidi er daa fraareknad), medan Folketalet skal ha aukat med 37 %, og Kreturmengdi ikring 18 %. Noer det sakta so, at Folk liver betre no, so det gjeng meir til av slikt enn det gjorde fyrr; men Livemaaten kann ikkje hava gjort Alt. Og daa kann eg ikkje greida meg detta annorleids, enn at Avdraatten pr. Naut hev minkat. Men daa "Kui mjølkar av Tonni," tyder denne Minkingi paa, at Kreturmengdi hev aukat fortare enn Fodret, so detta hev vortet fyr snaudt, til Skade f yr baade Husdyrstellet og Gardsdrivti, og dermed til stort Tap fyr Landmannen.
 
[Meir.]
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum