Utlandet.

I Danmark hev det voret fredelegt, sidan Semja vart gjort den 8de November. No strakst fyre Jol vart den millomtidige Finantslogi bergd, so ho skal gjelda fyr heile Budgetaaret 1877-80.
 
I England er Tingi kallade saman til den 17de Januar, 3 Vikor tidlegare enn vanlege. Det hev voret myket til Undring paa, kvat detta skulde tyda; men det er den aalgjengde Trui, at England like so litet no som fyrr vil kasta seg inn i Krigen, og at det berre vil vera rustat, so at det kann leggja eit vegtugt Ord med i Laget med Fredgjerdi og hindra, at Ryssland daa gjeng dei engelske Interesse for nær. Det er helder ikkje likt til, at Styret kunde reikna paa det Medhald fraa sjølve Folket, som ynskjande vøre, um det vinglad seg inn i Krigen fyr det aatkomne Turke-Riket si Skuld. Det vert haldet store Folkemøte med det Fyremaal aa setja "Press" paa Styret, at det ikkje skal gjeva upp Freden; men dei held ogso Møte paa den andre Leidi, dei som meiner, at Englands Æra krev, at det set upp Uggen mot Ryssland.
 
Frankrike. Tingi held no Helg, og soleides er det ikkje nokot større nytt aa fortelja derifraa. Styret hev nog aa gjera med aa vøla paa alt det, som vart avlagat i Tidi fraa Umstøyten den 16de Mai. I Frankrike er det Skikken, at dei høgste Embættesmennerne skifter so ofte, som Styret skifter, og no er ogso næstan alle dei Præfektar (Amtmenner), som var innsette av det Broglieske Styre, umbytte med nye, for det meste dei eldre, som Broglie hadde avsett. Det var ikkje raadlegt aa lata hine hava Forsætet i General- raadi (Amtstingi), som kom saman no under Jol og hev mange vigtuge Ting aa avgjera. Aurelles de Paladine, ein av dei meir namnkunnige Generalar fraa den ulukkelege Krigen i 1870, er nylege daaen i ein Alder av 73 Aar.
 
Krigen. Turkarne hev no gjevet upp alt Forsvar av Bulgaria nordanfyre Balkan, so nær som Festningarne Rustsjuk, Silistria, Sjumla, Varna og Viddin. Suleiman Pasja er med Heren sin paa Ferd til Adrianopel, ein Deil fer Sjøvegen fraa Varna um Konstantinopel, ein Deil fer um Slivo-Skardet. Han trur, at han um nokre Vikor kann hava ein Her paa 100,000 Mann til aa verja Hovudstaden. Festningarne i Nord-Bulgaria fær no hytta seg sjølve, og det er trulegt, at Ryssarne snart byrjar Umlægringi. – Serberne vann den 19de December Siger i nokre mindre Bardagar. – Kjeisar Aleksander kom tilbake til St. Petersburg den 22de og vart fagnad med stor Æra. – Kreta gjerer Uppstand atter; same Tidendi kjem det fraa Nærleiken av Larissa. I det heile hev dei sidste Hende vekkt stor Røra ibland dei greske Folkeslag i Turke-Riket.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum