Rouland, Øvre Telemorki (Brev).

Eg heve alli i mine Livedagar skrivi i Avisur førre; no lyt eg prøve, daa eg fær bruke mitt egje Maal. - Her va eit klent Aar her som are Staer, liti baade av Jori og av Buskapen. Ein uløyseleg Mengdi Konn maa koupas, men me heve liti te vende av. Reinen heve rektinokk maatt bitala Skatt iaar som vanleg; men – berre te Skjyttarane, og dei er ikkje heile Aalmugjen. De er fe de meste Busetane 1) som brukar den Næringsvegjen. Her Førredagjen strouk tvo slike Karar te Byen me tjuge Reinsdyrskrottir, som dei hae skoti no nyss. De, me hit te heve set av Vet'en, heve ikkje blivi kjytt av, daa slettikkje av dei, som heve langt te Heiar; avdi Snoren 2) kom, me' Jori va so tii 3) som ho konna bli, og daa er de raalaust aa koma uti Morkji me Hest feutta Trug, og de er eit "evige Plonder," naar Du sko 4) te me den au. - - De er ikkje mange, som løyser "Fedraheimen" her. Derav maa Du ikkje taka, at Folk her likar kje høyre sitt egje Maal. Me brukar de daa dags daglege ublanda, anten me rør me kvorare, me Presten, hell me ein anen Fremmindkar. Naar me ikkje likar de paa Prent, so maa de væl - naar me sko vera ærlege – koma av, at me er ikkje frie fe Fordom i detta Leite; og so avdi at me heve høyrt de danske solengji, at me trur, at de er okkons. Derfe tikje me, de er væl nok. Eg tala no her om Dagjen me ein aldrug'e Mann'e om detta, og meinte, at de norske Maale kom nokk te bli bruka baade av Prest og Bibel einkvorsinn. Han svara: "Jau men! de vøre daa ein stor'e Spegjile! Me heve no so gott eit Bokmaal som de kann bli, og de Maale, Du rør om, kann eg forsynemeg ikkje lesa eingong." So er de, "Vanen er en anden Natur". Derette so er me vande te aa høyre Prest, Bibel og Salmebok tala te kaan 5) paa dansk, so me ser paa de som eit heilagt Maal, og me er vist ikkje eismodde 6) i detta.
 
1) Busete: Lauskar, som hev sett Buse seg sjav.
2) Snjoen.
3) ufrosi.
4) skal.
5) oss.
6) eismoll, aaleine.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum