Rispur.

Det var eingong ein "Be'mann" (ein Stavkar, ein som gjeng og bed seg), som var drjug til aa beda, men helder litet takksam. So var det Ein som tenkte, at Be'mannen væl altid laut takka, naar han fekk ei nokot nyttug Gaava. Dermed segjer han til Mannen, at han laut faa Helvti av det Mjølet, som stod der i ein Sekk. – "Eg høyre dæ", sa Be'mannen. – "Aa tak det likso godt alt!" sa hin. – "Eg høyre dæ", vart Svaret. So gjekk Be'mannen med Mjølet. Men Sekken skulde daa Gjevaren faa atte. Nei, so tenkte Mannen: "Eg prøver Karen endaa ein Gang!" og ropte etter honom: "Aa, du maa gjerna hava Sekken au!" – "Eg høyre da", sa Be'mannen og gjekk.
 
Det var no han Tønnes Mønestad. Han var so fælt glad i eit godt Matfat. Ein Jol hadde han dreget ihop ei heil Mengd. Men koss det no var, so kunde han ikkje passa Maaten. For daa Joli var slut, sa han Tønnes: "Eg hev aller slite' slik Jol som i Aar; for dess meir eg aat, dess meir verkte eg."
 
Ein Bygdarprest – for det er ymse Slagi taa dei au! – kom ein Kveld inn i eit Hus og spurde, um han maatte vera der med Notti. Jau det laut han daa. Andre Dagen, daa han hadde fenget Morgonbiten og skulde stad att, kastad han seg paa Kne atmed ein Benk og bad ei lang lang Bøn. Men under Benken laag der ei ny Øks. Same Bilet han bad, gjøymde han Øksi under Trøya. Detta saag Kona i Huset. Daa han noslutad, spurde ho: "Gjer du detta kvar Morgon?" "Ja kvar einaste", svarad han. "Daa hev du Økser nok, daa, so Du gjerna kann lata mi Øks liggja", meinte Kona.
(Ved 3.)
 
Olav Nordbø kom eingong fraa Byen og va urimeleg solten og tyrst etter Færi; so foor han innom Prestegaren, fe han va gott kjend mæ Presten. Daa han hae sett seg ne-paa, kom Fruga mæ ein Dram og ei Kakeskjivu te honom. Olav vilde snaut taka imot dæ; seinstepaa tok han dæ daa likevæl, men meinte paa, at "Soleis fer 'kje eg mæ Presten, naar han er ihjaa meg. Daa fær han Mat og Drikke i haugevis!" -
 
- Olav Nordbø fekk Mat.
 
Sama Presten kom ein Gong, dæ va tronge Tier, heim te Olav Nordbø. Han saag daa, at Olav Nordbø ikkje hadde mykji Mat i Husi. "Du hev lite Mat, Olav?" sae Presten. "Hev Presten mykji Mat i desse Tier, so maa han vera ein Kjeltring!" svara Olav.
H. E.
 
Ein Mann spurde ein annan, korleids Ein skulde bruka Tobak, so Ein kunde hava godt av det. "Jau," sa hin, "Ein skalhandlamed Tobak; - paa annan Maate er det raadlaust aa hava Gagn av det."
 
"Eg kann ikkje skyna, hoss Folk kann halda ut aa kjemba seg kvar Morgon," sa ein Mann; "eg kjember meg ikkje berre kvar Jolefta, og endaa riv eg mest av meg Hovudet!"
 
 1) not but.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum