Nokot um Historie paa Landsbygdom.

Sansen fyre Historie er inkje stor hjaa Landsfolket. Skularne stræva væl med aa kveikja denne Sansen; mangein Upplysningsmann utyver Bygderna strævar og, det han kann; men det same er det same; Folk bry seg litet um alle desse Forteljingar og meiner, at dei koma fram utan deim.
 
For den, som skal stræva med aa fortelja Folk Historie, er det ofta leidt aa sjaa, kor litet dei flestebry seg um slike Ting. Det torde daa henda, at Sansen inkje var so liten likavel, dersom Forteljingarne kom fram paa den rette Maaten. Faae er dei Menner, som hava somyket Kunskap utanum, at dei kunna fylgja med eit vanlegt historisk Fyredrag. Og det er visst eit Lyte med mange av vaare Upplysningsstrævarar, at dei inkje gjeva nog Gaum herpaa. Den Vidda, som Landsfolk raader yver, den aandelege Synskrinsen, er so liten, at ein lyt hava andre Festepunktar en dei vanlege paa Skularne, naar ein skal faa det forvitnelegt fyre Landmannen.
 
Eit slikt Festepunkt er Bygdi, som dei bu i. Kvar og ein heve visst lagt Merke til, at um den historiske Sans er liten, so lyda do Folk alltid med Gleda paa, naar Ein fortel um Hendingar i deira eigi Bygd. I vaare Sogor er det so fullt av Hendingar, at det inkje er vanskelegt aa finna ut sumt, som knyter seg til den Bygdi, ein bur i. Lat daa det vera det fyrste, som Folk faa høyra av Soga, og ein vil vera myket stødare paa aa faa takksame Aahøyrarar, enn um ein som vanlegt byrjer med aa fortelja um Adam og Eva og deira Etterkomarar utigjenom.
 
Me hava inkje berre dei store Tilburdar i den eldre Soga, som knyter seg til visse Bygder. Den seinare Historia nemner ei Mengd av Hovdingar og norske Adelsmenner, som hava havt sine Ættarsæte paa den elder den Garden. Vil ein rota atter, skal ein kanskje finna ei heil Soga um kvar Ætt og kvart "Ættarsæte". Lat deim aa faa tala utyver Bygdom; det vil vera til Hugnad og Gaman fyre mange, og hjelpa munarlegt til aa kveikja historisk Sans hjaa Landsfolket.
 
Kvar Ætt paa Landet heve gjerna si eigi Soga. Det er mange, som kann fortelja um sine Federmange Led uppigjenom. Kunde ein hjelpa deim nokot med det, so skulde ein visst og faa Takk fyre Hjelpi.
 
Naar ein spyr paa ein Gard, kven som fyrr i Tidi heve butt der paa Garden, so veit Folk gjerna aa fortelja um mange Ættleder, og der fortelst mangt um dei nemnde Menner, som er reint forvitnelegt. Det vert daa gjerna lagt til, at hadde han Far livt, hadde det voret i Farmor si Tid, so skulde me fenget Greida paa myket meir. Kor mange forvitnelege Forteljingar er inkje døydde med desse gamle! Dersom dei hadde voret uppskrivne, so me no kunde leset deim, det skulde voret ei innerlig Moro. Men det er no inkje Raad med det. Dei gamle er burte, og Forteljingarne med deim.
 
Enno er daa inkje alle burte. Dei nolevande Folk veit mangt aa fortelja um sine Feder og andre gamle Folk paa Garden; men ogso desse Forteljingar vil gløymast ein Gong, naar dei no levande Folk inkje lenger er til.
 
Skulde det inkje vera ei høveleg Tid no aa taka paa med aa skriva upp alle desse Forteljingar, det vil segja slike Forteljingar, som kan vera verde aa skriva upp? Der vil koma Folk etter oss, og dei vil med Gleda lesa det, som no vert skrivet. Skulde det endaa vera av litet Verd fyre Folk, som no liva, so kann det faa so myket meir Verd i ei komande Tid. Tenk berre, kor huglegt det skulde voret fyre oss, um me hadde havt uppskrivet Forteljingarne, som dei gamle fortalde um Federne og Fyremennerne paa Garden!
 
I kvart Prestekall er det no ei Bok, som heiter "Kallsbok". I den kann ein lesa um ymse Ting, som vedkoma Kallet og Prestarne. Desse Bøker er ofta reint trøysame aa kika i, endaa dei er inkje meir en eit halvt hundrad Aar gamle elder vel det. Men ei liknande Bok burde ein kunna hava paa kvar Gard. Ho maatte daa gjeva Upplysning um, kven som heve butt paa Garden so langt upp, som ein kan faa uppspurt, um desse Menner, deira Arbeid paa Garden og utanum, og ymse andre Ting. Den, som vilde taka paa aa skriva upp slikt, vilde alltid finna nokot aa skriva, og det vilde vera snodigt, um inkje det meste skulde vera forvitnelegt fyre dei Folk, som sidan koma til aa bu paa Garden.
 
Som Hjelpemidlar til ei slik "Jordebok" vilde ein hava fyrst og framst alle dei Skøyter og Kjøpkontrakter, som finnast paa Garden; dernæst alle dei Segner, som gamle Folk kan fortelja um Garden og Folket, Skiftor og Trættor o. s. b. Endeleg vil dei gamle Skattebøker, som plaga liggja hjaa Futarne, vera gode Hjelpemidlar. Kunde ein faa sjaa i deim, vilde ein faa vita Namn paa Eigararne langt uppigjenom, og kann henda ymse forvitnelege Ting um desse Folki. Dei Gardar, som er "benifiserat Gods", maatte ein vel helst søkja Upplysning um hjaa "Benifikarius". Kann henda der hjaa honom ligg Lista yver "Jordavgivti" fyre mange Aar. 
 
Me byrjade med aa segja, at den historiske Sans inkje var stor hjaa Landsfolket. Lat oss sluta med aa segja, at han er stor. Naar Landsfolk faa høyra Sogur, som ligg so nære, at dei kann fylgja med, so vil dei ovleg gjerna høyra. Og kunde ein skaffa so myket til Vegjes av slik Soga, at Sansen fyre den rett vart kveikt, so vilde det inkje vera vanskelegt aa faa deim til aa fylgja med paa større Vidder ogso.
 
Dei skriveføre Folk i Bygdom, som sjølv heve Sans fyre Historie, og som ynskja aa gjera nokot fyre aa kveikja den historiske Sans, burde taka paa med slike "Jordebøker". Det vilde vera eit forvitnelegt Arbeid fyre deim sjølve, paa same Tid som det vilde vera til stor Hugnad fyre dei nolivande og til endaa myket større Hugnad fyre deikomande Folk. Dei Embætsmenn, som raada yver slike Arkiv, som det her vart Spursmaal um, vilja visst inkje kvida seg fyre aa lata Folk faa slike Upplysningar, naar dei dermed kunna tena ei so god Sak som Utbreiding av Upplysning og Kveiking av historisk Sans hjaa Landsfolket.
 
- au -
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum